Eingongsutbetaling frå ein IPS eller IPA
Gjeld eingongsutbetalingar etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og etter pensjonsavtale etter skattelova (IPA).
Kort om eingongsutbetaling frå ein IPS eller IPA
Før opp eingongsutbetalingar etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og etter pensjonsavtale etter skattelova (IPA).
Unnatak:
Eingongsutbetalingar frå den nye ordninga om individuell sparing til pensjon, jf. FSFIN § 6-47 A, som tok til å gjelde 1. november 2017, skal du føre opp i RF 1301 (Grunnlagsdata – individuelle pensjonsordningar).
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, IPA eller IPS eingongsutbetaling |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «IPA eller IPS eingongsutbetaling».
Trekkpliktig
Ein skal alltid føre opp ytinga som trekkpliktig.
Frå 1. juni 2017 er utbetalingar frå ein individuell pensjonsavtale, til dømes IPA, ikkje unnatekne frå trekkplikta lenger. Unnataket i skattebetalingsforskrifta § 5-6-17 f er oppheva.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For dødsbu blir eingongsutbetalinga ikkje rekna som personinntekt. Dødsbu er skattepliktig for bruttobeløpet etter ein særskild sats som blir fastsett årleg i Stortinget sitt skattevedtak, jf. skattelova § 5-40 fjerde ledd og statsskattevedtaket § 3-7. Utbetalaren skal gjennomføre trekk etter den særskilde satsen.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET-EDAG-260 |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.