Eingongsutbetaling innskotspensjon
Gjeld eingongsutbetalingar etter lov om innskotspensjon.
Kort om eingongsutbetaling innskotspensjon
Før opp eingongsutbetalingar etter lov om innskotspensjon § 7-7 fjerde ledd.
Dersom pensjonskapitalen overstig det som trengst for å gi pensjon til forsørgde barn, og ingen har rett til pensjon etter innskotspensjonslova § 7-7 tredje ledd, skal pensjonskapitalen som står att, utbetalast som eit eingongsbeløp til dødsbuet, jf. innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd.
Det kan òg vere aktuelt å betale ut eingongsbeløp, når den avlidne ikkje forsørgjer barn under 21 år eller ikkje har ektefelle, sambuar eller registrert partnar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, eingongsutbetaling innskotspensjon |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «eingongsutbetaling innskotspensjon».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For dødsbu blir eingongsutbetalinga ikkje rekna som personinntekt. Dødsbu er skattepliktig for bruttobeløpet etter ein særskild sats som blir fastsett årleg i Stortinget sitt skattevedtak, jf. skattelova § 5-40 fjerde ledd og statsskattevedtaket § 3-7. Utbetalaren skal gjennomføre trekk etter den særskilde satsen.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET-EDAG-260 |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.