Etterbetalt uførepensjon frå folketrygda
Blir berre nytta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Gjeld etterbetalt uførepensjon til og med 2014.
Kort om etterbetalt uførepensjon frå folketrygda
Før opp etterbetalingar som gjeld uførepensjon til og med 2014, etter folketrygdlova kapittel 12 (slik ho var før 1. januar 2015).
Nemninga skal berre nyttast for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).
Nye nemningar
Frå 1. januar 2015 heiter:
Uførepensjon frå folketrygda: uføretrygd
Uførepensjon frå andre enn folketrygda: uføreytingar
Nemninga uførepensjon blir òg framleis nytta.
Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal frå 1. januar 2015 skattleggjast som lønn.
Etterbetaling frå og med 1. januar 2015
Viss du skal etterbetale uføretrygd frå folketrygda frå og med 1. januar 2015, må du skilje mellom om det er ei etterbetaling eller eit etteroppgjer du skal utbetale. Etterbetaling skal førast opp som uføretrygd. Hugs å føre opp tidsrommet utbetalinga gjeld for. Viss det er eit etteroppgjer, skal du føre opp dette som Etteroppgjer uføretrygd frå folketrygda.
Kva informasjon skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, uførepensjon |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Uføregrad | x prosent |
Grunnpensjon | x kroner |
Tilleggspensjon | x kroner |
Periode (ved etterbetaling) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Dersom etterbetalinga gjeld for fleire inntektsår, blir beløpet delt opp i éin transaksjon per år.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «uførepensjon».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Uføregrad
Oppgi uføregrad i prosent.
Pensjonisten kan velje å ta ut 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent pensjon. Om du brukar ulik pensjonsgrad i ulike periodar skal du føre opp perioden du gjer opplysningar om. - Grunnpensjon
Før opp bruttobeløpet. - Tilleggspensjon
Før opp bruttobeløpet. - Periode ved etterbetaling
Før opp frå dato og til dato ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET-EDAG-260 |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.