Kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle
Gjeld kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle.
Kort om kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle
Før opp kommunal omsorgsstønad og den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjersle.
Unnatak:
Dersom inntektsmottakaren utfører arbeid som tilsett i kommunen, skal du føre opp ytinga som fastlønn eller timelønn.
Omsorgsstønad
Gjeld stønad til privatpersonar, til dømes ektefelle eller andre pårørande, som tek seg av særleg tyngjande omsorgsarbeid på privat basis.
Omgrepet blei endra frå omsorgslønn til omsorgsstønad 1. oktober 2017. Dette blei gjort for å gi tenesta ei meir dekkjande nemning. Endringa av omgrepet førte ikkje til noko rettsleg endring av tenesta. Det er kommunen som fastset timetalet og den konkrete utmålinga av omsorgslønna.
Fosterheimsgodtgjersle
Gjeld betaling til fosterforeldre og består av to delar:
- arbeidsgodtgjersle som er skattepliktig
- utgiftsdekning som er skattefri og skal dekkje kost, klede og fritidsaktivitetar
Den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjersla skal du føre opp som «kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle». Den skattefrie delen skal du føre opp som utgiftsgodtgjersle, anna.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | hvis aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
Både kommunal omsorgslønn og fosterheimsgodtgjersle er likestilt med inntekt til oppdragstakar, men dette er inntekt som vanlegvis ikkje fell bort ved til dømes sjukdom og ho skal som regel ikkje takast med når ein reknar ut ytingar frå NAV. Dersom godtgjerslene fell bort som følgje av sjukdom eller permisjon skal dei likevel inngå i utrekningsgrunnlaget.
Skatteetaten nyttar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk