Kompensasjon for tapt personinntekt til sjølvstendig næringsdrivande
Blir berre nytta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Gjeld kompensasjon for tapt personinntekt til sjølvstendig næringsdrivande som har mista inntekt som følgje av utbrot av covid-19.
Kort om kompensasjon for tapt personinntekt til sjølvstendig næringsdrivande
Oppgi kompensasjon for tapt personinntekt til sjølvstendig næringsdrivande etter mellombels lov om kompensasjonsyting for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som har mista inntekt som følgje av utbrot av covid-19.
Nemninga skal berre nyttast for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).
Kompensasjon for tapt personinntekt til frilansar skal givast opp som andre lønnsytingar.
Kva for opplysningar skal du føre opp
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, kompensasjon for tapt personinntekt |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «kompensasjon for tapt personinntekt».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.