Lønn til verje frå Statsforvalteren
Gjeld lønn til verje frå Statsforvalteren (tidlegare fylkesmannen).
Kort om lønn til verje frå Statsforvalteren
Før opp utbetalingar frå statsforvalteren til ei verje eller ein representant som blir godtgjort etter verjemålslova § 30 eller utlendingslova § 98f.
Du kan føre opp all godtgjersle sjølv om inntekta ikkje er skattepliktig for mottakaren.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, lønn til verje frå Statforvalteren |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «lønn til verje frå Statsforvalteren».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Arbeid som verje eller representant som blir godtgjort etter verjemålslova § 30 eller utlendingslova § 98f er unnatekne frå opplysningsplikta for utbetalingar inntil 6 000 kroner per person per år, men det skal reknast ut arbeidsgivaravgift av heile beløpet når utbetalinga skjer frå Statsforvalteren.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga. Rapporterte beløp under grensa for opplysningsplikt overførast ikkje til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk