Lønn ved konkurs – statsgaranti m.m.
Gjeld lønnskrav ved konkurs når inntekta er opptent før konkursen. Gjeld òg ved utbetaling av garantibeløp frå lønnsgarantifondet.
Kort om lønn ved konkurs – statsgaranti m.m.
Før opp:
- garantibeløp etter lov om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs som skal dekkje lønn som er opptent før konkursen
- lønn frå konkursbu
- dividende av lønnskrav opptent før konkursen
Lønn ved konkurs omfattar òg lønn og feriepengar som er opptente i oppseiingstida, som blir rekna som ei prioritert fordring i buet.
Dersom arbeidstakaren er pålagt å arbeide i oppseiingstida etter konkursopninga og lønna blir rekna som massekrav, skal du føre opp lønna som ordinær lønn (fastlønn, timelønn osv.) og ikkje som «lønn ved konkurs eller statsgaranti».
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Nemning | lønn ved konkurs eller statsgaranti |
For timelønn og overtidsgodtgjersle | talet på timar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og ei av desse nemningane:
- Fastlønn
- Timelønn
- Faste tillegg
- Overtidsgodtgjersle
- Feriepengar
- Anna
- Trekk i lønn for ferie (beløpet skal alltid vere negativt)
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Unnatak:
- Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
- Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk i garantibeløp inntil 4 000 kroner etter lønnsgarantilova § 1 og Skattebetalingsforskrifta § 5-4-4. Dersom lønn o.a. overstig beløpsgrensa, skal forskotstrekket reknast av heile beløpet. I slike tilfelle skal ein likevel ikkje utføre forskotstrekk i feriepengar. Dersom skattytaren krev det, skal ein utføre forskotstrekk også i ytingar under beløpsgrensa.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke desse skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Nemning
Før opp «lønn ved konkurs eller statsgaranti». - For timelønn og overtidsgodtgjersle
Dersom du rapporterer timelønn eller overtidsgodtgjersle, skal du òg føre opp talet på timar.
Døme
Arbeidsgivaren til Kari har gått konkurs den 15. april, og ho får dekt fastlønn på 20 000 kroner ho har opptent i april før konkursopninga, men ikkje fått utbetalt.
I tillegg får ho opptente feriepengar på 70 000 kroner fram til opning av konkurs. Konkursbuet betaler ut fastlønna. Opplysningane nedanfor skal rapporterast om fastlønna.
Fastlønna: | |
Beløp | 20 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, fastlønn |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Tilleggsinformasjon: | lønn ved konkurs eller statsgaranti |
Feriepengane: | |
Beløp | 70 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, feriepenger |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Tilleggsinformasjon: | lønn ved konkurs eller statsgaranti |
Døme
Kari blir pålagd å jobbe for konkursbuet etter konkursopninga. Ho jobbar ut april og får fastlønn. Opplysningane nedanfor skal rapporterast om fastlønna.
Beløp | 20 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, fastlønn |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
I konkursbu er bustyraren si opplysningsplikt avgrensa til utbetalingar etter konkursopninga. Opplysningsplikta omfattar òg lønn eller dividende av lønnskrav opptent før konkursen og feriepengar i oppseiingstida når dette blir rekna som ei prioritert fordring i buet. For utbetalingar som er utførte i tida før konkursopninga er konkursdebitor ansvarleg for å rapportere i a-meldinga.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk