Naturalytingar i pensjonsforhold
Gjeld naturalytingar i pensjonsforhold.
Kort om naturalytingar i pensjonsforhold
Før opp naturalytingar i pensjonsforhold.
Gjeld til dømes:
- bil
- rentefordel lån
- bustad
- elektronisk kommunikasjon
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp skattepliktige fordelen.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og ei av desse nemningane:
- bil
- rentefordel lån
- bustad
- elektronisk kommunikasjon
Dersom ytinga ikkje er nemnt i lista ovanfor skal du føre opp nemninga «anna».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Dersom pensjonen byrja å gjelde før 1. januar 1988, skal du ikkje ta med ytinga i grunnlaget når du reknar ut arbeidsgivaravgift.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden ytinga er gitt.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET-EDAG-260 |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.