Skattefri arbeidsinntekt til barn under 13 år
Gjeld lønn eller andre kontantytingar inntil 10 000 kroner til barn som er under 13 år ved inntektsårets utgang.
Kort om skattefri arbeidsinntekt til barn under 13 år
Før opp arbeidsinntekt inntil 10 000 kroner til barn som er 13 år ved utgangen av inntektsåret.
Den skattefrie beløpsgrensa gjeld samla arbeidsinntekt, ikkje per arbeidsgivar. Dersom ein overstig beløpsgrensa, er det overskytande skattepliktig.
Skattefritaket gjeld inntekt av ein konkret arbeidsprestasjon. Passive honorar, til dømes reklamefotografering av spedbarn, fell utanfor.
Skattefri lønn inntil 10 000 kroner frå éin arbeidsgivar hindrar ikkje skattefri lønn under beløpsgrensa for opplysningsplikt frå ein annan arbeidsgivar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Beskrivelse | skattefri arbeidsinntekt barn under 13 år |
For timelønn og overtidsgodtgjersle | talet på timar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og ei av desse inntektene:
- Fastlønn
- Timelønn
- Faste tillegg
- Uregelrett tillegg knytt til arbeidd tid
- Helgedagstillegg
- Uregelrett tillegg knytt til ikkje-arbeidd tid
- Bonus
- Overtidsgodtgjersle
- Sluttvederlag
- Styrehonorar og godtgjersler i samband med verv
- Feriepengar
- Anna
- Trekk i lønn for ferie (beløpet skal alltid vere negativt)
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
- Nemning
Før opp «skattefri arbeidsinntekt – barn under 13 år». - For timelønn og overtidsgodtgjersle
Dersom du oppgir timelønn eller overtidsgodtgjersle, skal du òg føre opp talet på timar.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane til kontroll.
Skatteetaten brukar opplysningar om skattefri arbeidsinntekt til barn under 13 år. Beløpet skal summerast og overførast til foreldra sine skattemeldingar og beløp som overstig 10 000 skal skattleggjast.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.