Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar
  3. Oversikt over lønn og andre ytingar

Trekkfri godtgjersle til kost på reise med overnatting på hotell

  • Oppdatert: 10.01.2024

Gjeld godtgjersle til kost på reise med overnatting på hotell.

    Kort om trekkfri godtgjersle til kost på reise med overnatting

    I denne nemninga rapporterer du utgiftsgodtgjersle til arbeidstakar som har vore utsend på ei enkeltståande kortvarig reise under utøving av arbeidet (yrkes-/tenestereise).

    Kostgodtgjersla kan utbetalast trekkfritt og er ikkje rekna for å gi overskott når ho er utbetalt etter følgjande vilkår:

    • Det er levert reiserekning som følgjer krava i skattebetalingsforskrifta.
    • Talet på døgn er spesifiserte i rapporteringa.
    • Den årlege satsforskrifta til Skattedirektoratet er følgd.

    Sjå Skattedirektoratet sine forskotssatsar for trekkfri kostgodtgjersle. Dersom frukost er inkludert i hotellovernattinga eller andre måltid i tillegg blir dekte/påspanderte, skal godtgjersla reduserast med 20 prosent for frukost, 30 prosent for lunsj og 50 prosent for middag.

    Dersom du utbetaler kostgodtgjersle høgare enn Skattedirektoratet sine forskotssatsar per døgn, skal det overskytande beløpet oppgis som trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser. Dersom kostgodtgjersla er opptent i 2023, men utbetalinga skjer i 2024, skal du for trekk- og skatteplikta leggje til grunn satsen på utbetalingstidspunktet i 2024.

    Dei trekkfrie satsane (forskottssatsane) er like for reiser i Noreg og i utlandet.

    Du rapporterer også kostgodtgjersle for pendlaropphald på hotell på denne nemninga. Vilkåra for trekkfri dekning til pendlar er at ein ikkje kan lage til eigen mat i tilknyting til hotellet (pendlarbustaden) og at satsen ikkje overstig satsane til Skattedirektoratet. For utanlandsk pendlar bruker du nemninga Trekkfri godtgjersle til kost til utanlandsk pendlar.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp  x kroner
    Type lønn eller yting utgiftsgodtgjersle, reise kost med overnatting på hotell
    Trekkplikt  nei
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift  nei
    Skatte- og avgiftsregel  dersom aktuelt

    Tilleggsinformasjon:
     
    Tal talet på døgn

     

    Beløp

    Før opp bruttobeløpet.

     

    Type lønn eller yting

    Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «reise kost med overnatting på hotell».

     

    Trekkpliktig

    Ytinga er ikkje trekkpliktig.

     

    Grunnlag for arbeidsgivaravgift

    Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.

     

    Skatte- og avgiftsregel

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Svalbard

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Jan Mayen og bilanda

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
    • når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».

    Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk

     

    Tilleggsinformasjon

    Før opp talet på døgn.

    Talet på døgn du skal rapportere skal svare til talet på dagar/døgn med krav på diett.

    Til dømes:

    • varar reisa 1 døgn og 6 timar skal du føre opp 2 døgn
    • varar reisa i 1 døgn og mindre enn 6 timar inn i neste døgn skal du føre opp 1 døgn

     

    Oppteningsperiode (frivillig)

    Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

    Sjå òg utfyllande informasjon om oppteningsperiode

     

    Når skal du rapportere

    Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-200
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
    MAGNET_EDAG-230B
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-243
    Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig 
    MAGNET_EDAG-298
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

    Sjå utbetalt for mykje

    Sjå utbetalt for lite / skal etterbetale

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.

    Skatteetaten brukar opplysningane til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning. Eit eventuelt overskot skal overførast til skattemeldinga.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-1

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Skattebetalingsloven § 5-6

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

    • Skatteloven § 5-10

    • Skatteloven § 5-12

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring