Trekkfri godtgjersle til losji til utanlandsk pendlar
Gjeld utbetalt godtgjersle til losji til utanlandsk pendlar
Kort om trekkfri godtgjersle til losji til utanlandsk pendlar
Før opp utbetalt godtgjersle til losji til utanlandsk pendlar.
Godtgjersla er trekkfri for ein utanlandsk pendlar når legitimasjonskrava i skattebetalingsforskrifta er følgt.
Du skal ikkje bruke nemninga for utanlandske arbeidstakarar som har eit skattkort med kjeldeskatt på lønn.
Ein utanlandsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i utlandet,
- pendlar mellom bustad i utlandet og bustad i Noreg og
- er utanlandsk arbeidstakar som pendlar frå EØS-land og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn, eller
- utanlandsk arbeidstakar med avgrensa skatteplikt til Noreg som pendlar frå eit land utanfor EØS og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn.
Sjå òg Skatte-ABC om pendlar med heim i utlandet
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, arbeidsopphald losji |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Nemning | utanlandsk pendlar med skattekort utan standardfrådrag |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «arbeidsopphald losji».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Før opp «utanlandsk pendlar med skattekort utan standardfrådrag». Denne nemnina brukar du óg når arbeidstakar har eit skattekort utan kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om trekkfri godtgjersle til losji for å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk