Uførepensjon (uføreytingar) frå ein gammal IPS eller IPA
Gjeld uførepensjon (uføreytingar) etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og etter pensjonsavtale etter skattelova (IPA).
Kort om løpande uførepensjon frå gammal IPS eller IPA
Før opp utbetaling av uførepensjon (uføreytingar) etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og etter pensjonsavtale etter skattelova (IPA).
Nye nemningar
Frå 1. januar 2015 heiter:
Uførepensjon frå folketrygda: uføretrygd
Uførepensjon frå andre enn folketrygda: uføreytingar
Nemninga uførepensjon blir òg framleis nytta.
Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal frå 1. januar 2015 skattleggjast som lønn.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, IPA eller IPS uførepensjon |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Uføregrad | x prosent (skal ikkje førast opp frå 2019) |
Periode | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «IPA eller IPS uførepensjon».
Trekkpliktig
Ein skal alltid føre opp ytinga som trekkpliktig.
Frå 1. juni 2017 er utbetalingar frå gammal IPS eller IPA ikkje lenger unnatekne frå trekkplikt. Unnataket i skattebetalingsforskrifta § 5-6-17 bokstav f er oppheva.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Uføregrad
Oppgi uføregrad i prosent.
2018: frivillig å oppgi
2019: skal ikkje førast opp
- Periode (ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon, uføreytingar og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.