Ungdomsprogramytingar
Blir berre brukt av Arbeids- og velferdsetaten (Nav). Gjeld ungdomsprogramyting under prøveordninga i seks kommunar i Fastlands-Noreg.
Kort om ungdomsprogramyting
Ungdomsprogrammet er eit heiltidsprogram for unge mellom 18 og 30 år som treng hjelp frå Nav for å komme i jobb eller utdanning. Programmet gir individuell oppfølging og arbeidsretta aktivitetar, og deltakarane kan få økonomisk støtte gjennom ungdomsprogramytinga. Ytinga blir skattlagd som lønn og blir utbetalt månadleg så lenge deltakarane er med i programmet.
Rundskriv til forskrift om forsøk med ungdomsprogram og ungdomsprogramytelse - Lovdata
Kva informasjon skal du oppgi
|
Beløp |
x kroner |
|
Type lønn eller yting |
kontantyting, ungdomsprogramyting |
|
Trekkplikt |
ja |
|
Grunnlag for arbeidsgivaravgift |
nei |
|
Skatte- og avgiftsregel |
- |
|
Periode (ved etterbetaling) |
startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Oppgi «kontantyting» og «ungdomsprogramyting».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Ingen særskild regel. Følgjer ordinære reglar for Nav-ytingar.
Tilleggsinformasjon
- Periode (gjeld berre ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Døme
NAV skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2022 til 31. desember 2022.
| Beløp | 10 000 kroner |
| Tilleggsinformasjon: | |
| Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Døme
NAV skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2022.
| 2021 | |
| Beløp | 10 000 kroner |
| Tilleggsinformasjon: | |
| Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
| 2022 | |
| Beløp | 10 000 kroner |
| Tilleggsinformasjon: | |
| Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
| MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
| MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
| MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
| MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
| MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
| MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva bruker vi opplysningane til
Skatteetaten bruker opplysningar om lønn og andre ytingar til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og blir overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk