Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Permittering

  • Oppdatert: 11.10.2021

Dersom den tilsette er permittert, uansett lengd, skal du føre opp dette i a-meldinga.

    Sjekk NAVs innsynsteneste for arbeidsgivarar

    Du kan sjå kva for opplysningar som er registrerte i Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret til NAV.

    Min side - arbeidsgiver på nav.no er ei innsynsteneste frå Aa-registeret for arbeidsgivarar.

    Sjå og NAV sin rettleiar for permittering.

    Kort om permittering

    Før opp permittering dersom ein tilsett blir mellombels friteken for arbeidsplikt i samband med driftsinnskrenkingar eller driftsstans. Dette gjeld anten det er bestemt einsidig av arbeidsgivar eller etter avtale i det einskilde tilfellet.

    Permittering skal førast opp uansett lengd, også dersom heile permitteringsperioden er innanfor arbeidsgivarperioden.

    Skal du oppgi lønn eller ytingar til ein tilsett som er permittert, oppgir du det på same måte som du har gjort tidlegare, til dømes som fastlønn, timelønn eller annan inntekt. Det finst inga eigen beskriving for lønn utbetalt under permittering.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp permittering for alle ordinære og maritime arbeidsforhold når tilsette er permitterte.

    Du skal ikkje føre opp permittering for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar eller for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Når du oppgir permitteringar skal kvar einskild registrering innehalde:

    Permitteringsnemning Alltid
    PermitteringsID Alltid
    Startdato på permittering Alltid
    Sluttdato på permittering Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permitteringa
    Permitteringsprosent Alltid

     

    Permitteringsnemning

    Før opp nemninga permittering.

     

    PermitteringsID

    PermitteringsID er ein identifikator for permitteringa.

    Oppgi ein unik ID for kvar permittering, og bruk denne kvar gong du bekreftar permitteringa. Dersom den tilsette skal ha ny permittering på eit seinare tidspunkt, må du bruke ein ny ID. Bruker du same ID fleire gonger, blir opplysningane du har oppgitt på denne IDen tidlegare erstatta med nye opplysningar på same ID.

    Brukar du eit lønns- eller personalsystem blir permitteringsID vanlegvis generert når du opprettar ei ny permittering.

     

    Døme

    Anne jobbar i ei industribedrift. Ho blei permittert frå jobben 1. januar til 25. januar. Seinare blei ho permittert att frå 1. mai til 10. mai

    A-melding for januar
    Første permitteringsperiode
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID x
    Startdato på permittering 1. januar
    Sluttdato på permittering 25. januar
    Permitteringsprosent 100

    I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.

    Denne meldinga er unik. Så lenge permitteringa varer skal industribedrifta føre ho opp på denne måten for kvar einskild rapportering fram til permitteringa er avslutta.

    A-melding for mai
    Andre permitteringsperiode
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID y
    Startdato på permittering 1. mai
    Sluttdato på permittering 10. mai
    Permitteringsprosent 100

    I tillegg fører dei opp alle andre obligatoriske opplysningar.

    Dersom den nye permitteringa ikkje får ein ny ID, men den tidlegare ID-en blir brukt oppatt, blir dette lese som ei endring av den førre permitteringa.

     

    Arbeid i permitteringstida

    Du skal ikkje endre permitteringsprosenten dersom arbeidstakarane utfører arbeid mens dei er permittert.

    • Arbeid over 6 veker
      Dersom ein tilsett er tilbake i ordinært arbeid i meir enn 6 veker blir permitteringa avbroten. Dei vekene arbeidstakaren har vore i jobb skal ikkje med i permitteringsperioden du fører opp i a-meldinga. Dersom den tilsette blir permittert på nytt etter å ha arbeidd i meir enn 6 veker, skal du føre opp dette som ei ny permittering. Du skal då føre opp ein ny permitteringsID og ny startdato.

    • Arbeid under 6 veker
      Ved arbeid og kurs under 6 veker, opphøyrer ikkje permitteringa, og ho blir heller ikkje gradert. Du skal føre opp samla permittering med den same ID-en for heile perioden.

      Dersom den tilsette får lønn eller anna godtgjersle skal du føre opp inntekta med riktig inntektsnemning. Betaler du lønn per time skal du føre opp talet på timar som er knytt til desse pengane.

    • Fiskeforedlings- og fiskeoljeindustri
      Det gjeld særskilde reglar innan fiskeforedlings- og fiskeoljeindustrien. I desse tilfella blir permitteringa rekna som avbroten dersom den tilsette er tilbake i ordinært arbeid i meir enn 26 veker.

    Dersom du har sendt nytt permitteringsvarsel med ny permitteringsgrad, skal du føre opp ny permitteringsprosent og ny permitteringsID i a-meldinga. Sjå avsnittet om å endre permitteringsprosent.

     

    Byte lønnssystem eller rekneskapsførar

    Dersom du byter rekneskapsførar, må du ofte byte lønnssystem. Når du byter lønnssystem, må du flytte opplysningar frå eitt system til eit anna. Det kan du gjere på tre ulike måtar. Sjå ei nærare forklaring av korleis du byter lønnssystem.

     

    Startdato på permittering

    Startdatoen er den dagen du har fyrste lønnspliktdag for den tilsette. Startdatoen skal gjentakast på kvar a-melding så lenge permitteringa varer.

     

    Døme

    Berit sin arbeidsgivar permitterer dei tilsette den 3.april. Berit jobbar turnus. Den 3. april har ho fri, og hennar fyrste arbeidsdag er 5. april. Arbeidsgivaren oppgir 5. april som startdato for permitteringa i a-melding for april, og alle seinare a-meldingar så lenge ho er permittert.

     

    Sluttdato på permittering

    Før opp datoen permitteringa blir avslutta.

    Du kan føre opp sluttdato fram i tid dersom datoen er kjend. Du må då ta oppatt denne i a-meldinga fram til den aktuelle sluttdatoen.

     

    Frå ferie, sjukefråvær eller permisjon til permittering

    Du skal ikkje rapportere tilsette som har ferie, sjukefråvær eller er i permisjon som permitterte før fyrste lønnspliktdag inntreff. Fyrste lønnspliktdag vil normalt vera etter avslutta ferie, sjukefråvær eller permisjon.

    Dersom arbeidstakaren har gradert sjukmelding eller har gradert permisjon, så skal arbeidsgivar berre oppgi permittering i den stillingsprosenten vedkommande er forventa å jobbe i.  

     

    Døme

    Lise er sjukmeld når alle tilsette i firmaet ho jobbar i, blir permitterte med iverksetjingsdato 1. mai. Ho blir friskmeld og skulle vore tilbake på jobb 20. mai. Arbeidsgivaren fører opp 20. mai som startdato for permitteringa i a-meldinga for april og alle seinare a-meldingar så lenge ho er permittert.

    Ola er 50% sjukmeldt når alle tilsette i firmaet han jobbar i blir permittert med startdato 1.april. Arbeidsgivaren oppgir 1.april som startdato for permitteringa og 50 som permitteringsprosent i a-meldinga for april og i alle seinare a-meldingar så lenge Ola er permittert. Dersom Ola blir friskmeldt til 100% arbeid innanfor den perioden det er behov for 100% permittering, så skal arbeidsgivar auke permitteringsprosenten tilsvarande frå friskmeldingsdatoen.

    Hanne har ferie når alle tilsette i firmaet ho jobbar i blir permittert med startdato 1.februar. Hennar siste feriedag er 15.mars. Arbeidsgivaren oppgir 16.mars som startdato på permitteringa.

     

    Døme med permisjon som går over i permittering

    Henrik er i foreldrepermisjon når alle tilsette i firmaet han jobbar i, blir permitterte med iverksetjingsdato 15. mai.

    Foreldrepermisjonen hans sluttar 1. juni. Arbeidsgivaren oppgir sluttdato 1. juni på foreldrepermisjonen og oppgir 2. juni som startdato på permitteringa i a-meldinga for juni. Arbeidsgivaren gjentek startdatoen på permitteringa i alle a-meldingar så lenge han er permittert.

    A-melding for mai
    Inntektsmottakar Henrik
    Permisjonsnemning permisjon med foreldrepengar
    PermisjonsID y
    Startdato på permisjon 15.april
    Sluttdato på permisjon  
    Permisjonsprosent 100

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for mai
    Inntektsmottakar Henrik
    Permisjonsnemning permisjon med foreldrepengar
    PermisjonsID y
    Startdato på permisjon 15.april
    Sluttdato på permisjon 1.juni
    Permisjonsprosent 100

     

     
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID x
    Startdato på permittering 2.juni
    Sluttdato på permittering  
    Permitteringsprosent 100

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Frå permittering til permisjon

    Dersom ein arbeidstakar som er permittert skal ut i permisjon, til dømes fødselspermisjon i permitteringsperioden, avsluttast permitteringa. Arbeidsgivar skal da rapportere opphøyr av permitteringa samstundes som han skal rapportere permisjon på den tilsette.  

    Døme

    Ivan er permittert frå sin arbeidsgivar. Den 20.april har Ivan rett på fødselspermisjon. Arbeidsgivaren oppgir sluttdato 19.april på permitteringa, og 20.april som startdato på permisjonen.

     

    Permitteringsprosent

    Oppgi kor mange prosent permitteringa utgjer av den avtalte stillingsprosenten til den tilsette. Ein tilsett kan vere heilt eller delvis permittert. Permitteringsprosenten skal vere over 0 (om du ikkje skal slette ein permittering) og ikkje meir enn 100.

     

    Døme

    Sunniva er tilsett i 80 prosent stilling. Ho blir 50 prosent permittert frå denne deltidsstillinga. Før opp 50 prosent som permitteringsprosent.

    William blir permittert 2 dagar i veka dei neste fire månadene. Oppgi 40 prosent permittering dersom han har ei 100 prosent stilling.

     

    Når skal du rapportere

    Før opp permitteringa for den kalendermånaden permitteringa gjeld og ta opp att dette til permitteringa blir avslutta. 

     

    Endre permitteringsprosent

    Når du skal endre permitteringsprosent, sett sluttdato på den eksisterande permitteringsID-en dagen før endringa skjedde. Opprett deretter ein ny permitteringsID med ny permitteringsprosent og startdato den dagen endringa skjedde.

     

    Døme

    Ola er 80 prosent permittert frå 1. februar til 13. juli. Permitteringsprosenten til Ola blir endra frå 80 til 50 prosent frå den 15. mars.

    A-melding for februar  
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID x
    Startdato på permittering 1. februar
    Sluttdato på permittering 13. juli
    Permitteringsprosent 80

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for mars  
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID x
    Startdato på permittering 1. februar
    Sluttdato på permittering 14. mars
    Permitteringsprosent 80
     
     
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID y
    Startdato på permittering 15. mars
    Sluttdato på permittering 13. juli
    Permitteringsprosent 50

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    Dei fører opp ny permitteringsID i a-meldingar fram til og med juli.

     

    Rette feil

    Desse feilmeldingane gjeld både permittering og permisjon:
    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-192
    Permisjonsprosent manglar
    MAGNET_EDAG-192B
    Ulogisk periode for permisjon
    MAGNET_EDAG-192C
    Ugyldig permisjonsID
    MAGNET_EDAG-193
    Ulogisk periode for permisjon
    MAGNET_EDAG-231
    Opplysningar om permisjon manglar
    MAGNET_EDAG-257
    Ulogisk start- og/eller sluttdato på permisjon
    MAGNET_EDAG-271
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-286
    Permisjonsprosent må vere frå 0-100

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil i permittering, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar. 

    Dette gjeld feil eller manglar i opplysningar om:

    • Permitterings-ID
    • Permitterings -Frå-Dato
    • Permitterings -Til-Dato
    • Permitteringsprosent

     

    Døme – arbeidsgivar har ført opp permittering ved ein feil

    Ein butikk sender a-melding for mars med opplysningar om at Nils er permittert. Det er feil, han har velferdspermisjon.

    Butikken oppgir desse opplysningane om feil rapportert permittering:
    PermitteringsID 10
    Permitteringsnemning utdanningspermisjon
    Startdatoen på permittering 1. mars
    Sluttdatoen på permittering 1. mars
    Permitteringsprosent 0

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysingar.

     

    Butikken oppgir desse opplysningane om Nils sin velferdspermisjon:
    PermisjonsID 20
    Permisjonsnemning velferdspermisjon
    Startdatoen på permisjonen 1. mars
    Permisjonsprosent 80

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysingar.

    Sjå ei nærare skildring nedanfor av korleis du slettar ein permisjon.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Slette ei permittering

    Du kan slette ei feilrapportert permittering på to måtar.

    1. Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for permitteringa til same dato og permitteringsprosenten til 0 prosent.

      Bruk den same permitteringsID-en som ved tidlegare feilrapportering(ar). Aa-registeret må eintydig kunne skilje mellom eindags permittering og feilrapportert permittering som skal slettast. Når ein set startdatoen lik sluttdatoen og permitteringsprosenten til 0 prosent, kan dette eintydig tolkast i registeret som ei sletting av opplysningar ein har rapportert tidlegare.

    2. Send inn ei erstatningsmelding der den feilrapporterte permitteringa ikkje er med. Du må erstatte alle rapporteringsperiodar der permitteringa har blitt feilaktig rapportert.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    Opplysningane om permitteringar i arbeidsforhold blir nytta til å oppdatere Aa-registeret. Aa-registeret blir nytta av NAV og andre offentlege instansar i oppgåveløysinga deira. Feil informasjon kan føre til feil vurderingar for dei som nyttar Aa-registeret.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til å avgjere kven som blir rekna som sysselsett.

    Opplysningar om permittering blir overførte til Aa-registeret.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Statistikkloven § 10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Forskrift om AA-registeret § 6

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring