Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold

Maritimt arbeidsforhold

  • Oppdatert: 15.02.2023

Arbeidsforhold for tilsette som tek imot lønn eller anna godtgjersle for arbeid utført til sjøs, anten på eit fartøy eller ei flyttbar innretning.

    Kort om maritimt arbeidsforhold

    Dersom du har tilsette som arbeider i di teneste for lønn eller anna godtgjersle og arbeidet er av maritim karakter, fører du dette opp som eit maritimt arbeidsforhold. Med maritim karakter meiner ein at arbeidet blir utført til sjøs, på̊ fartøy eller ei flyttbar innretning.

    For maritime arbeidsforhold må den du sender a-melding for, vere registrert i Einingsregisteret før du sender a-melding. Du skal rapportere etter den same strukturen som i Einingsregisteret. Sjå organisasjonsnummer for hovedeininga og undereiningar.

    Det er viktig at du rapporterer rett type arbeidsforhold. Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå vel rett type arbeidsforhold.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    ArbeidsforholdsID Alltid
    Startdato på arbeidsforholdet Alltid
    Sluttdato på arbeidsforholdet Alltid i den månaden den tilsette sluttar
    Årsak til sluttdato Alltid
    Yrkeskode Alltid
    Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling Alltid
    Stillingsprosent Alltid
    Siste dato for endring av stillingsprosent Alltid
    Avlønningstype Frivillig i 2018. Utgår i 2019.
    Arbeidstidsordning Alltid
    Siste lønnsendringsdato Alltid
    Tilsetjingsform Alltid
    Lønnsansiennitet Alltid for tilsette i verksemder som følgjer hovedtariffavtalen for staten, kommunen (også Oslo kommune) samt dei fleste føretak i finansnæringa.
    Lønnstrinn Alltid for tilsette i verksemder som følgjer hovedtariffavtalen for staten, kommunen (også Oslo kommune) samt dei fleste føretak i finansnæringa.
    Fartøysopplysninger
    (sjå nedanfor)
    Alltid

     

    Permisjon

    Skal fyllast ut når den tilsette er i permisjon.

    Permisjonsnemming Alltid
    PermisjonsID Alltid
    Startdato på permisjon Alltid
    Sluttdato på permisjon Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permisjonen
    Permisjonsprosent Alltid

     

    Permitteringar

    Skal fyllast ut når den tilsette er permittert.

    Permitteringsnemning Alltid
    PermitteringsID Alltid
    Startdato på permittering Alltid
    Sluttdato på permittering Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permitteringa
    Permitteringsprosent Alltid

     

    For maritime arbeidsforhold skal du òg føre opp fartøysopplysningar:

    • Skipsregister
      Oppgi kva for eit skipsregister fartøyet eller innretninga der arbeidet blir utført er registrert i. Skip kan vere registrerte i:
      • Norsk Ordinært Skipsregister (NOR)
      • Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS)
      • Utanlands skipsregister (UTL)

    • Skipstype
      Oppgi kva for ein skipstype fartøyet eller den flyttbare innretninga er:
      • Eit turistskip (turist)
      • Ei boreplattform (boreplattform)
      • Annan type fartøy (anna)

    • Fartsområde
      Oppgi informasjon om fartøyet er sertifisert for:
      • Innanriksfart (innanriks)
      • Utanriksfart (utanriks)

     

    Døme

    Emma byrjar å jobbe som skipselektrikar på båt hjå eit cruiseselskap den 25. januar. Ho får den første lønna utbetalt i februar.

    A-melding for januar 
    Inntektsmottaker Emma
    ArbeidsforholdsID 10
    Type arbeidsforhold maritimt
    Startdato på arbeidsforholdet 25. januar
    Sluttdato på arbeidsforholdet  
    Yrkeskode 7241 110
    Talet per veke som svarar til ei full stilling 37,5
    Stillingsprosent 100
    Siste dato for endring av stillingsprosent 25. januar
    Arbeidstidsordning ikkeSkift
    Siste lønnsendringsdato 25. januar
    Lønnsansiennitet  
    Lønnstrinn  
    Skipsregister NOR
    Skipstype Turist
    Fartsområde Innanriks

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

    I a-meldinga for februar tek cruiseselskapet opp att dei same opplysningane om arbeidsforholdet til Emma i tillegg til opplysningar om lønn og ytingar dei har betalt ut. Dei fører òg alle andre obligatoriske opplysningar for månaden.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp type arbeidsforhold, og i tillegg gi opplysningar om arbeidsforholdet kvar månad for ein tilsett i eit maritimt arbeidsforhold, til og med månaden for den aktuelle sluttdatoen.

    Maritimt arbeidsforhold er rapporteringspliktig til Aa-registeret. Opplysningane du oppgir i a-meldinga blir automatisk sende vidare til Aa-registeret. 

    Informasjon om arbeidsforholdet er obligatorisk. Somme opplysningar skal du berre oppgi dersom det er aktuelt, til dømes ved permisjon.

     

    Når skal du rapportere

    • Kor ofte?
      Oppgi arbeidsforholdet kvar månad til og med den månaden med den aktuelle sluttdatoen, sjølv om du ikkje betaler ut noko. I månaden etter sluttdatoen skal du ikkje oppgi arbeidsforholdet lenger.

    • Kor tidleg?
      Du kan oppgi arbeidsforholdet med ein gong du veit startdatoen, og helst før den aktuelle startdatoen.
       
    • Kor seint?
      Du må oppgi arbeidsforholdet seinast innan rapporteringsfristen for den månaden med den aktuelle startdatoen.

     

    Døme på når du skal velje dette

    Velje maritimt (eller ordinært) arbeidsforhold:

    Dei kan vere maritime dersom dei utførast til sjøs

    Tilsette som får lønnstilskot
    Når arbeidsgivaren/tiltaksarrangøren betaler lønn til den tilsette og NAV yter lønnstilskot til verksemda.
    Dei tilsette sin representant i styre
    Arbeidstakar og pensjonist
    Tilsette som får utbetalt godtgjersle både som arbeidstakar og pensjonist frå den same verksemda. Oppgi dette som eit samla arbeidsforhold.
    Ekstrahjelp, vikarar osv.

     

    Velje eit maritimt arbeidsforhold for:

    Sokkelarbeidarar som jobbar på ei flyttbar innretning/borerigg


    Merk!

    For sokkelarbeidarar som jobbar på ein fast installasjon som til dømes ein boreplattform som er montert fast, skal du velje ordinært arbeidsforhold.

    For fiskar og fangstmann som er teken opp i manntalet (fiskarmanntalet) skal du velje pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold, eller ikkje oppgi type arbeidsforhold i det heile tatt.

     

    Endre type arbeidsforhold

    Dersom type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding må du oppgi ny type arbeidsforhold i den neste a-meldinga du skal sende. Korleis du endrar kjem an på type arbeidsforhold du byter frå og type arbeidsforhold du byter til. Du må velje mellom ein av tre alternative måtar å endre på.

    Sjå korleis du byter frå ein type arbeidsforhold til ein annan

     

    Endre eller korrigere fartøysopplysningar

    Endring av fartøysopplysningar

    Dersom den tilsette er i same arbeidsforhold, men har bytt type fartøy og/eller fartsområde, må du oppgi korrekt type fartøy og/eller fartsområde i rapporteringsperioden der endringa skjer. Dersom det er ei ny arbeidsavtale, må først det rapporterte arbeidsforholdet avsluttast med sluttdato og årsak til sluttdato, og det nye arbeidsforholdet må rapporterast med ny arbeidsforholdsID og ny startdato, i tillegg til andre obligatoriske opplysningar.

    Døme

    Amalie har sidan 2015 jobba som styrmann på eit skip som har vore registrert i NOR og som har sigla innanriks. Frå januar 2019 skal skipet flaggast ut, og det skal vere registrert i eit utanlandsk skipsregister og sigle utanriks. Amalie skal halde fram som styrmann på skipet etter utflagginga.

     

    A-melding for desember 

    Inntektsmottakar

    Amalie
    ArbeidsforholdsID 1
    Type arbeidsforhold maritimt
    Startdato på arbeidsforholdet  1.1.2015
    Sluttdato på arbeidsforholdet Alltid i den måneden den ansatte slutter
    Skipsregister NOR
    Skipstype anna
    Fartsområde innanriks

     

    A-melding for januar 2019

    Inntektsmottakar

    Amalie
    ArbeidsforholdsID 1
    Type arbeidsforhold maritimt
    Startdato på arbeidsforholdet  1.1.2015
    Sluttdato på arbeidsforholdet Alltid i den måneden den ansatte slutter
    Skipsregister UTL
    Skipstype anna
    Fartsområde utanriksfart

    I tillegg fører du andre obligatoriske opplysningar. 

     

    Korrigere feil fartøysopplysningar

    Dersom du har registrert feil fartøysopplysningar for ein tilsett, kan du rette dette i neste a-melding.

    Døme

    Christoffer arbeider som maskinist på eit lasteskip registrert i NIS, men arbeidsgivaren har registrert at han arbeider på eit turistskip. I neste a-melding rettar dei dette.

    A-melding neste månad

    Inntektsmottakar

    Christoffer
    ArbeidsforholdsID 1
    Skipsregister NIS
    Skipstype anna
    Fartsområde utanriks

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-108
    Opplysningar om arbeidsforhold manglar
    MAGNET_EDAG-187
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-187-7
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-266
    Arbeidsforholdstypen er endra frå den førre rapporteringa
    MAGNET_EDAG-269
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-282
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-284
    Ulogisk startdato på arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-285
    Ulogisk periode på arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-288
    Ugyldig identifikator for verksemda
    MAGNET_EDAG-289
    Ugyldig identifikator for verksemda

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil type arbeidsforhold og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen på to måtar.

    Sjå korleis du rettar type arbeidsforhold

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Skal du slette eit feilrapportert arbeidsforhold

    Dette kan du gjere på to måtar.

    1. Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for arbeidsforholdet til same dato og stillingsprosenten til 0 prosent. I tillegg oppgir du at årsak til sluttdato er arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert.

      Aa-registeret kan då skilje feilrapporterte arbeidsforhold frå eindags arbeidsforhold.

    2. Send inn ei erstatningsmelding der det feilrapporterte arbeidsforholdet ikkje er med. Du må då erstatte alle rapporteringsperiodar der arbeidsforholdet har blitt feilaktig oppgitt.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV nyttar opplysningar om type arbeidsforhold til å skilje på ordinære og maritime arbeidsforhold. Vidare nyttar dei opplysningane til å vurdere medlemskap i folketrygda, og til å rekne ut ytingar og etterkontroll av ytingane. Gjeld til dømes sjukepengar, dagpengar og foreldrepengar.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til å lage statistikkar om utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvær  

    Opplysningar om maritime arbeidsforhold blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

      

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 1-8

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Forskrift om AA-registeret § 3

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Sjøloven, kapittel 2

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

    • Statistikkloven § 10

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring