Barnepensjon frå andre enn folketrygda
Gjeld barnepensjon frå andre enn folketrygda, både i og utanfor arbeidsforhold.
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2023.
Barnepensjon reknas som kapitalinntekt frå og med januar 2024.
Skal du rapportere ei etterbetaling for tidligare år skal du bruke denne inntektsbeskrivelsen.
Kort om barnepensjon frå andre enn folketrygda
Før opp barnepensjon frå andre enn folketrygda, både i og utanfor arbeidsforhold.
Føremålet med barnepensjon er å sikre inntekt til barn når ein eller begge av foreldra er døde.
Barnepensjonen skal førast opp på barnet.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, barnepensjon frå andre enn folketrygda |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode (ved etterbetaling) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «barnepensjon frå andre enn folketrygda».
Trekkpliktig
Du skal alltid føre opp ytinga som trekkpliktig, sjølv om du ikkje gjennomfører trekk.
Unnatak frå trekkplikta:
Det er gitt eit særskilt trekkfritak for barnepensjon frå andre enn folketrygda. Dette gjeld med mindre det etter den same arbeidstakaren og frå same innretning også blir utbetalt etterlatnepensjon til den som har foreldreansvar etter barnelova § 38.
Frivillig forskotstrekk i barnepensjon skal du som hovudregel føre opp med nemninga barnepensjon, sjå meir informasjon om forskottstrekk på barnepensjon.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Unnatak:
Ytinga kan inngå i grunnlaget for arbeidsgivaravgift dersom ho er betalt av ein tidlegare arbeidsgivar over drifta. Dersom pensjonen byrja å gjelde før 1. januar 1988, skal ho likevel ikkje med i grunnlaget når ein reknar ut arbeidsgivaravgift.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Periode (gjeld berre ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Døme
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2021.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Døme
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2022.
2021 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2022 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd for å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.