Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar
  3. Oversikt over lønn og andre ytingar

Elektronisk kommunikasjon – utgiftsgodtgjersle

  • Oppdatert: 04.01.2023

Gjeld fordel ved elektronisk kommunikasjon når den blir dekt gjennom utgiftsgodtgjersle.

    Kort om elektronisk kommunikasjon – utgiftsgodtgjersle

    Før opp fordel ved elektronisk kommunikasjon (EK-tenester) når det blir dekt som ei utgiftsgodtgjersle.

    Dette gjeld til dømes:

    • fasttelefon
    • mobiltelefon
    • fasttilgang til breiband
    • mobil tilgang til datakommunikasjon, til dømes via trådlause nett

    Arbeidsgivaren si dekning av kostnader til å etablere/installere EK-tenester kjem inn under sjablongregelen.

    Les meir her hvis du ikkje veit om du skal føre opp fordelen som naturalyting eller utgiftsgodtgjerlse

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp  x kroner
    Type lønn eller yting utgiftsgodtgjersle, elektronisk kommunikasjon
    Trekkplikt  ja
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift  ja/nei
    Skatte- og avgiftsregel  dersom aktuelt
    Tilleggsinformasjon -

     

    Beløp

    Før opp den skattepliktige fordelen når du faktisk gjennomfører utbetalinga til arbeidstakar.

    Dersom total dekning av fakturaen fører til at ein overstig det maksimale sjablongbeløp, fører du opp dekning opp til sjablongbeløpet.

     

    Type lønn eller yting

    Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «elektronisk kommunikasjon».

     

    Trekkpliktig

    Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.

    Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

    For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.

     

    Grunnlag for arbeidsgivaravgift

    Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.

    Unnatak:
    Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren

    • kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
    • er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn

    Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.

    Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.

    Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.

    Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.

     

    Skatte- og avgiftsregel

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Svalbard

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Jan Mayen og bilanda

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
    • når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».

    Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk

     

    Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:

    Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".

    Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.

    Sjå òg utfyllande informasjon om skattefri organisasjon

     

    Tilleggsinformasjon

    Ingen tilleggsinformasjon.

     

    Oppteningsperiode (frivillig)

    Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

    Sjå òg utfyllande informasjon om oppteningsperiode

     

    Når skal du rapportere

    Før opp ytinga den kalendermånaden godtgjersla blir betalt, uavhengig av kva for periode (og kva år) fakturaen gjeld.

     

    Årleg inntektstillegg – sjablongbeløp

    Gjeld per inntektsmottakar, og for ei eller fleire EK-tenester:

    Faktisk dekt beløp avgrensa til 4 392 kroner

    Du skal bere ta omsyn til ytingar frå deg, ikkje om personen har dekning frå fleire arbeidsgivarar.

    Sjå òg Skatte-ABC om elektronisk kommunikasjon

     

    Når sjablongbeløpet er nådd

    Når det maksimale sjablongbeløpet (årleg inntektstillegg) er nådd for ein arbeidstakar, skal du ikkje rapportere meir for vedkomande. Dette gjeld sjølv om arbeidstakaren får dekt elektroniske kommunikasjonstenester seinare dette året.

     

    Døme med elektronisk kommunikasjon som utgiftsgodtgjersle

    Anna jobbar i eit IT-selskap og får dekt breiband gjennom utgiftsgodtgjersle. IT-selskapet refunderer kostnadene til breibandet etter kvart som ho leverer faktura.

    Anna leverer fakturaer i mars, juni og oktober. Kvar faktura er på 1 500 kroner og blir dekt i den månaden dei blir leverte.

    Dette fører IT-selskapet opp om EK-tenester for Anna:


    A-melding for mars og juni:

    • Breiband (utgiftsgodtgjersle)
      1 500 kroner (faktisk beløp) for dekning av breiband

    A-melding for oktober:
    Denne månaden blir sjablongbeløpet overstige med 108 kroner.

    • Breiband (utgiftsgodtgjersle) 
      392 kroner (1 500 - 108 kroner) for dekning av breiband

      Dei siste 108 kronene av fakturaen som blir dekt, skal ikkje førast opp eller skal takast med i utrekningsgrunnlag for trekk. Det skal heller ikkje reknast ut arbeidsgivaravgift av beløpet.

    Resten av året:
    Resten av året skal dei ikkje føre opp dekning av EK-tenester, sjølv om Anna leverer fleire fakturaer eller byrjar å bruke IT-selskapet sin telefon som naturalyting. Det skal heller ikkje inngå i grunnlaget for trekk eller reknast ut arbeidsgivaravgift av.

     

     

    Både naturalyting og utgiftsgodtgjersle

    Dersom du dekkjer elektronisk kommunikasjon med ein kombinasjon av naturalyting og utgiftsgodtgjersle, må du føre opp desse kvar for seg, etter type yting.

    Det vil seie at du skal føre opp:

    • den delen som er ei utgiftsgodtgjersle her, som elektronisk kommunikasjon – utgiftsgodtgjersle»
    • den delen som er ei naturalyting, som elektronisk kommunikasjon – naturalyting


    I slike tilfelle er den skattepliktige fordelen etter sjablongregelen framleis avgrensa oppover til 4 392 kroner per år. Den skattepliktige fordelen utgjer 366 kroner per månad for naturalytinga, i tillegg til det beløpet som arbeidsgivaren dekkjer som utgiftsgodtgjersle. Når taket på 4 392 kroner er nådd, kjem all dekning av EK-tenester resten av inntektsåret til å vere unnateke skatteplikt.

     

    Døme med både naturalyting og utgiftsgodtgjersle

    William jobbar som kontormedarbeidar i eit advokatbyrå. Han får dekt mobiltelefon som ei naturalyting heile året og breiband gjennom utgiftsgodtgjersle. William leverer ein faktura på 1 500 kroner for breiband for mars og august.

    Dette oppgir advokatbyrået om EK-tenester for William i løpet av året:

    A-melding for januar og februar:

    • Mobiltelefon (naturalyting)
      366 kroner (4 392/12 månader = 366 kroner) for dekning av mobiltelefon


    A-melding for mars:

    • Mobiltelefon (naturalyting)
      366 kroner (4 392/12 månader = 366 kroner) for dekning av mobiltelefon

    • Breiband (utgiftsgodtgjersle)
      1 500 kroner (faktisk beløp) for dekning av breiband 

      Samla sett for mars inngår 1 866 kroner (366 + 1 500 kroner) i trekkgrunnlaget.


    A-melding for april, mai, juni og juli:

    • Mobiltelefon (naturalyting)
      366 kroner (4 392/12 månader = 366 kroner) for dekning av mobiltelefon


    A-melding for august:
    I august står det att 330 kroner av sjablongbeløpet. Advokatbyrået fører då opp:

    • Mobiltelefon (naturalyting)
      330 kroner (beløpet som står att) for dekning av mobiltelefon

      Det skal ikkje førast opp noko som utgiftsgodtgjersle.

    Etter dette skal dei ikkje føre opp dekning av EK-tenester resten av året, sjølv om William får dekt EK-tenester ut året.

     

    Fellesfakturerte tenester

    Arbeidsgivar kan dekkje kostnader til fellesfakturerte tenester og tilleggstenester skattefritt med inntil 1 000 kroner i inntektsåret.

    Det skattefrie beløpet blir fylt opp først. Du kan late all dekning av slike tenester inngå i det skattefrie beløpet utan å ta omsyn til kva som er tenestleg bruk, og kva som er privat bruk.

    Dersom arbeidsgivar dekkjer meir enn beløpsgrensa, må du vurdere det overskytande beløpet og fastslå kva som er tenestleg og kva som er privat bruk. Den delen av det overskytande beløpet som er privat bruk, skal skattleggjast som lønn etter alminnelege reglar.

    Dersom ein dekkjer kostnaden ved at arbeidstakaren leverer faktura, skal du føre opp den skattepliktige delen som kontantyting, anna.

    Dersom dekninga gjeld for dekning ved naturalyting skal du føre opp den skattepliktige delen som naturalyting, uspesifisert. 

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-200
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
    MAGNET_EDAG-230B
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-243
    Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig 
    MAGNET_EDAG-298
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

    Sjå utbetalt for mykje

    Sjå utbetalt for lite / skal etterbetale

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.

    Skatteetaten brukar opplysningar om elektronisk kommunikasjon til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-1

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Skattebetalingsloven § 5-6

    • Skattebetalingsforskriften § 5-6-11

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

    • Skatteloven § 5-10

    • Skatteloven § 5-12

    • FSFIN Forskrift til skatteloven § 5-11-10

    • Skattedirektoratets skatteforskrift til skatteloven § 5-12

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring