Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar
  3. Oversikt over lønn og andre ytingar

Etteroppgjer uføretrygd frå folketrygda

  • Oppdatert: 08.01.2020

Blir berre nytta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Gjeld etteroppgjer av uføretrygd.

    Kort om etteroppgjer av uføretrygd frå folketrygda

    Før opp etteroppgjer av uføretrygd frå folketrygda etter folketrygdlova § 12-14 fjerde ledd. Gjeld positive etteroppgjer av ytingar du tidlegare har ført opp som Uføretrygd frå folketrygda.

    Negative etteroppgjer skal du føre opp som Uføretrygd frå folketrygda.

    Nemninga blir berre nytta for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).

     

    Om etteroppgjeret

    Frå og med 1. januar 2015 får alle som tek imot eller blir innvilga uføretrygd frå folketrygda fastsett ei inntektsgrense. Inntektsmottakaren skal opplyse folketrygda om forventa inntekt og om endringar i inntekta.

    Dersom inntektsmottakaren har fått utbetalt for lite eller for mykje i uføretrygd som følgje av at det er lagt til grunn urette opplysningar om inntekt, skal NAV gjennomføre eit etteroppgjer.

    Etteroppgjeret skjer etter at skatteoppgjeret for det aktuelle året ligg føre. Dersom inntektsmottakaren ikkje har uføretrygd heile året, blir den pensjonsgivande inntekta nytta i perioden med uføretrygd.

     

    Nye nemningar

    Frå 1. januar 2015 heiter:

    Uførepensjon frå folketrygda: uføretrygd
    Uførepensjon frå andre enn folketrygda: uføreytingar

    Nemninga uførepensjon blir òg framleis nytta.

    Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal frå 1. januar 2015 skattleggjast som lønn.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp  x kroner
    Type lønn eller yting kontantyting, uføreyting etteroppgjer
    Trekkpliktig ja
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift nei
    Skatte- og avgiftsregel  dersom aktuelt

    Tilleggsinformasjon:
     
    Periode startdato og sluttdato 

     

    Beløp

    Før opp bruttobeløpet.

     

    Type lønn eller yting

    Før opp «kontantyting» og «uføreyting etteroppgjer».

     

    Trekkpliktig

    Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.

    Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

     

    Grunnlag for arbeidsgivaravgift

    Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.

     

    Skatte- og avgiftsregel

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:

    • ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
    • betalar kjeldeskatt på pensjonar

    Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».

    Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Sjå òg utfyllande informasjon om kjeldeskatt på pensjonar

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Svalbard

     

    Tilleggsinformasjon

    • Periode
      Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for

     

    Oppteningsperiode (frivillig)

    Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

    Sjå òg utfyllande informasjon om oppteningsperiode

     

    Positivt etteroppgjer

    Dersom det er utbetalt for lite uføretrygd i tidlegare år, fører du opp etteroppgjeret for den månaden du har utbetalt beløpet og oppgir perioden etteroppgjeret gjeld for. Beløpet er då eit positivt beløp.

     

    Døme på positivt etteroppgjer

    NAV gjennomfører eit etteroppgjer i 2016 for William. Han har fått for lite i uføretrygd og NAV gjer ei ekstra utbetaling i november 2016. William har teke imot 11 000 kroner for lite for 2015.

    A-melding for november 2016
    Beløp    11 000
    Type lønn eller yting   kontantyting, uføreyting etteroppgjer

    Tilleggsinformasjon:
       
    Periode   1. januar 2015 til 31. desember 2015
    Forskotstrekk - 3000

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Negativt etteroppjer

    Dersom det er utbetalt for mykje uføretrygd i tidlegare år, skal du rette opp i uføretrygda som er oppgitt tidlegare, og ikkje oppgi dette i inntektsnemninga Etteroppgjer uføretrygd frå folketrygda (NAV). Dersom feilutbetalinga gjeld fleire kalendermånader, må du rette for alle kalendermånadene det gjeld.

    Før 2020 var praksis at endring av a-melding først skulle gjerast når feilutbetalinga faktisk var tilbakebetalt. Praksis blir frå endra 2020. Endringa er ikkje gitt tilbakeverkande kraft på eldre saker. Dette inneber at rapporteringstidspunktet er valfritt for tilbakebetalingskrav som vart endeleg stifta før januar 2020.

    Merk!
    Negative etteroppgjer av uføretrygd skal du ikkje oppgi i inntektsnemninga for etteroppgjer. Etteroppgjer for uføreytingar frå andre enn folketrygda blir rapportert på ein annan måte enn uføretrygd frå folketrygda.

    Døme på negativt etteroppgjer

    NAV gjennomfører eit etteroppgjer i 2020 for Emma. Ho har teke imot for mykje i uføretrygd og ho får eit krav om å betala tilbake for mykje utbetalt netto.

    Brutto har Emma teke imot 6 000 kroner for mykje for 2019. Netto utbetalt er 4 200 kroner. Ettersom Emma skal betala tilbake nettobeløpet, må ein òg rette forskotstrekket, slik at Emma ikkje får dette godskrive.

    A-melding for kvar einskild månad i 2019 (januar til desember)

    Beløp  - 500 
    Type lønn eller yting   kontantyting, uføretrygd
    Forskotstrekk   150

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Når skal du rapportere 

    Er det eit positivt etteroppgjer, fører du opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.

    Er etteroppgjeret negativt, skal ein oppgi etteroppgjeret ved å korrigere tidlegare rapportert uføretrygd. Gjeld det fleire kalendermånader må alle kalendermånadene korrigerast.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-200
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
    MAGNET_EDAG-230B
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-243
    Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig 
    MAGNET_EDAG-248
    Ulogisk periode
    MAGNET_EDAG-260
    Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år
    MAGNET_EDAG-298
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    Skatteetaten brukar opplysningar om uføretrygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Skattebetalingsloven § 5-6

    • Folketrygdloven § 12-14

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring