Etteroppgjer uføreytingar (uførepensjon) frå andre enn folketrygda
Gjeld etteroppgjer av uføreytingar frå andre enn folketrygda og frå ein gammal IPA eller IPS.
Kort om etteroppgjer uføreytingar (uførepensjon) frå andre enn folketrygda
Før opp etteroppgjer av ytingar som er oppgitt som uførepensjon (uføreytingar) frå andre enn folketrygda og uførepensjon (uføreytingar) frå ein IPA eller IPS.
Om etteroppgjeret
Frå og med 1. januar 2015 får alle som tek imot eller blir innvilga uføreytingar (uførepensjon), fastsett ei inntektsgrense. Inntektsmottakaren skal opplyse pensjonsinnretninga om forventa inntekt og om endringar i inntekta.
Dersom inntektsmottakaren har fått utbetalt for lite eller for mykje i uføreytingar (uførepensjon) som følgje av at det er lagt til grunn urette opplysningar om inntekt, skal ein gjennomføre eit etteroppgjer.
Etteroppgjeret skal skje etter at skatteoppgjeret for det aktuelle året ligg føre. Dersom mottakaren ikkje har uføreytingar heile året, blir den pensjonsgivande inntekta nytta i perioden med uføreytingar.
Inntektsnemninga skal nyttast for etteroppgjer av ytingar som er rapportert som uførepensjon (uføreytingar) frå andre enn folketrygda og uførepensjon (uføreytingar) frå ein IPA eller IPS.
Nye nemningar
Frå 1. januar 2015 heiter:
Uførepensjon frå folketrygda: uføretrygd
Uførepensjon frå andre enn folketrygda: uføreytingar
Nemninga uførepensjon blir òg framleis nytta.
Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal frå 1. januar 2015 skattleggjast som lønn.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, uføreyting etteroppgjer frå andre enn folketrygda |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «uføreyting etteroppgjer frå andre enn folketrygda».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Unnatak:
Ytinga kan inngå i grunnlaget for arbeidsgivaravgift dersom ho er betalt av ein tidlegare arbeidsgivar over drifta. Dersom pensjonen byrja å gjelde før 1. januar 1988, skal ho likevel ikkje med i grunnlaget når ein reknar ut arbeidsgivaravgift.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Periode
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Positivt etteroppgjer
Dersom det er utbetalt for lite i uføreytingar (uførepensjon) tidlegare år, fører du opp etteroppgjeret for den månaden du har utbetalt beløpet og oppgir perioden etteroppgjeret gjeld for. Beløpet er då eit positivt beløp.
Døme på positivt etteroppgjer
Eit pensjonsselskap gjennomfører eit etteroppgjer i 2016 for William. Han har fått for lite i uføreytingar (uføretrygd) og pensjonsselskapet gjer ei ekstra utbetaling i november 2016. William har teke imot 11 000 kroner for lite for 2015.
A-melding for november 2016 | ||
Beløp | 11 000 | |
Type lønn eller yting | kontantyting, uføreyting etteroppgjer frå andre enn folketrygda | |
Tilleggsinformasjon: |
||
Periode | 1. januar 2015 til 31. desember 2015 | |
Forskotstrekk | - | 3000 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Negativt etteroppgjer
Dersom det er utbetalt for mykje i uføreytingar (uførepensjon) tidlegare år, fører ein opp etteroppgjeret i a-meldinga for desember i det inntektsåret etteroppgjeret gjeld og oppgir perioden etteroppgjeret gjeld for.
Beløpet er eit negativt beløp.
Før 2020 var praksis at endring av a-melding først skulle gjerast når feilutbetalinga faktisk var tilbakebetalt. Praksis blir frå endra 2020. Endringa er ikkje gitt tilbakeverkande kraft på eldre saker. Dette inneber at rapporteringstidspunktet er valfritt for tilbakebetalingskrav som vart endeleg stifta før januar 2020.
Døme på negativt etteroppgjer
Eit pensjonsselskap gjennomfører eit etteroppgjer i 2020 for Emma. Ho har teke imot for mykje i uføreytingar (uførepensjon) og ho får eit krav om å betala tilbake for mykje utbetalt netto.
Brutto har Emma teke imot 6 000 kroner for mykje for 2019. Netto utbetalt er 4 200 kroner.
Pensjonsselskapet fører opp etteroppgjer for sum uføreytingar (uførepensjon) med 6 000 kroner.
A-melding for desember 2019 |
||
Beløp | - | 6 000 |
Type lønn eller yting | kontantyting, uføreyting etteroppgjer frå andre enn folketrygda | |
Forskotstrekk | 1 800 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Når skal du rapportere
Er det eit positivt etteroppgjer, fører du opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet. Ved eit negativt etteroppgjer fører ein opp ytinga for desember det inntektsåret etteroppgjeret gjeld.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.