Kost – sokkelarbeidar
Gjeld fordel ved fri kost på sokkelinnretning.
Kort om kost – sokkelarbeidar
Før opp arbeidstakaren sin fordel ved fri kost på sokkelinnretning.
Les meir om fri kost på sokkelinnretning i Skatte-ABC.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, kost (dagar) |
Trekkplikt | ja/nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på dagar |
Nemning | sokkelarbeidar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «kost (dagar)».
Trekkpliktig
Før opp ytinga som trekkfri
- dersom arbeidstakaren har ei samla årleg personinntekt under 600 000 kroner.
Før opp ytinga som trekkpliktig
- dersom arbeidstakaren har ei samla årleg personinntekt som overstig 600 000 kroner.
Arbeidsgivaren må sjølv vurdere om det er sannsynleg at arbeidstakaren overstig 600 000 kroner i løpet av inntektsåret.
Merk!
Dersom arbeidstakaren berre har vore tilsett i delar av inntektsåret, skal det skattefrie beløpet reduserast forholdsmessig i høve til talet på dagar vedkomande ikkje har vore tilsett om bord.
Det kan difor oppstå trekkplikt sjølv om arbeidstakaren ikkje har inntekt over 600 000 kroner.
Gjeld ikkje om trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå til skattekontoret.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal som hovudregel alltid berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga, sjølv om ho er trekkfri.
Unnatak:
Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Tal
Før opp talet på dagar - Nemning
Før opp «sokkelarbeidar»
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har gitt ytinga.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om kost til sokkelarbeidar til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk