Lønn og andre ytingar til utanlandske artistar
For utanlandske artistar og idrettsutøvarar som er skattemessig busette i utlandet og skal skattleggjast etter artistskatteloven, gjeld ei eiga ordning for rapportering og oppgjer av artistskatt. Denne rettleiinga gjeld honorar, lønn eller andre ytingar til utanlandske artistar som er/blir skattemessig busette i Noreg, og i staden skal skattleggjast etter skattelova.
Kort om lønn og andre ytingar til utanlandske artistar
Gjeld honorar til utanlandske artistar og idrettsutøvarar for desse aktivitetane:
- skodespelarar
- songar
- musikar
- idrettsutøvar
- annan aktivitet som blir omfatta av artistskattelova
Når artisten er skattemessig busett i utlandet
Så lenge artisten er skattemessig busett i utlandet og skal skattleggjast etter artistskattelova, gjeld ei eiga ordning for rapportering og oppgjer av artistskatt. Ytingar som skal rapporterast i RF1091 og RF1092, skal ikkje rapporterast i a-meldinga i tillegg.
Det er først når artisten blir skattemessig busett i Noreg, at ytingar som det er trekt artistskatt av, skal rapporterast i a-meldinga. Det er berre desse ytingane som det allereie er trekt artistskatt av, som du skal oppgi som «lønn med meir til utanlandske artistar».
Etter at artisten er skattemessig busett i Noreg
Lønn o.a. du betaler ut i perioden etter at artisten er blitt skattemessig busett skal du føre opp som vanleg fastlønn, timelønn o.a. For artistar med nettolønnsordning skal du bruke skatte- og avgiftsregelen «nettolønn».
Når artisten blir skattemessig busett i Noreg
Når ein utanlandsk artist blir skattemessig busett i Noreg, må du i a-meldinga oppgi lønn med meir som du har betalt ut til artisten i inneverande år i perioden før artisten vart skattepliktig som busett.
Du skal også oppgi det du har betalt ut året før artisten vart skattemessig busett. Skatteplikta etter artistskattelova blir også endra til skattelova for året før artisten blir skattemessig busett.
Om du allereie har levert RF-1092 for ytingane du no skal oppgi i a-meldinga, må du også levere endringsmelding for RF-1092. For å gjere om innbetalt artistskatt til vanleg trekk, sjå informasjon under overskrifta «Trekkpliktig».
Sjå også informasjon om «Etter at artisten har vorte skattemessig busett i Noreg».
Kva for opplysningar skal du oppgi
| Beløp | x kroner |
| Type lønn eller yting | kontantyting, lønn utanlandsk artist |
| Trekkplikt | nei |
| Grunnlag for arbeidsgivaravgift |
ja/nei |
| Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
| Inntektsår | årstal |
| Oppgrossingsgrunnlag | samla netto godtgjersle |
| Trekt artistskatt | beløp |
Beløp
Oppgi bruttobeløpet du har utbetalt til artisten for inneverande år.
Gjeld perioden før artisten vart skattepliktig som busett og det du har betalt ut året før artisten vart skattemessig busett. Du skal oppgi eitt beløp per inntektsår.
Type lønn eller yting
Oppgi bruttobeløpet du har utbetalt til artisten for inneverande år.
Gjeld perioden før artisten vart skattepliktig som busett og det du har betalt ut året før artisten vart skattemessig busett. Du skal oppgi eitt beløp per inntektsår.
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Du skal ikkje gjennomføre forskottstrekk i honoraret til utanlandske artistar og så bortetter som det allereie er trekt artistskatt av etter føresegnene i artistskattelova. For å få gjort om trekt artistskatt til vanleg trekk, sender du også ein førespurnad til Skatteetaten – Skatteinnkrever utland samtidig som du leverer ei endringsmelding til RF-1092.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, har òg plikt til å rekne ut og betale arbeidsgivaravgift av utbetalt lønn o.a. til artisten i det aktuelle inntektsåret i perioden før artisten blir skattepliktig som busett.
Unnatak:
Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av trygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgiver eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
- Inntektsår
Den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, har plikt til å sende opplysningar om lønn m.m. som er utbetalt til artisten det føregåande år og inneverande år i perioden før artisten blei skattepliktig som busett. Når du rapporterer lønn for to inntektsår, skal du gi opplysningar om beløp per år. - Oppgrossingsgrunnlag
Oppgi samla netto godtgjersle (skattepliktig del). Det vil seie grunnlaget for oppgrossing for artistar som er på nettolønnsordning. I oppgrossingsgrunnlaget inngår kontant lønn og trekkpliktige naturalytingar, utgiftsgodtgjersler og så bortetter (berre skattepliktig del). Skattepliktig del skal bereknast etter norske reglar.
- Trekt artistskatt
Oppgi det som er trekt etter artistskattelova fram til artisten vart skattemessig busett. For å få gjort om trekt artistskatt til vanleg trekk, må du sende ein førespurnad til Skatteetaten – Skatteinnkrever utland samtidig som du leverer ei endringsmelding til RF1092.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Når ein utanlandsk artist blir skattemessig busett, har den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, plikt til å sende opplysningar om lønn med meir som er utbetalt til artisten i inneverande år i perioden før artisten blir skattepliktig som busett.
Fram til det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, skal meldeskjemaet RF-1091 og skjemaet «Melding om trekk av artistskatt», RF-1092, sendast til Skatteetaten på vanleg måte. Lønnsopplysningsplikta kjem i tillegg for dette tidsrommet.
Sjå også informasjon om «Etter at artisten har vorte skattemessig busett i Noreg».
Rette feil
| MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
| MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
| MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
| MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
| MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
| MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane til kontroll.
Skatteetaten bruker opplysningar om lønn til utanlandske artistar, og beløpet blir summert med andre kontantytingar og blir overført til skattemeldinga. Opplysningar om inntektsår, trekt artistskatt og oppgrossingsgrunnlag blir ikkje oppgitte i skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til statistikkføremål.
Etter at artisten har vorte skattemessig busett i Noreg
Lønn med meir som du utbetaler i perioden etter at artisten har vorte skattemessig busett, som det ikkje tidlegare er trekt artistskatt av, skal du oppgi som vanleg fastlønn, timelønn med meir. For artistar med nettolønnsordning skal du bruke skatte- og avgiftsregelen «nettolønn».
Lønn med meir som er utbetalt i perioden etter at artisten er blitt skattepliktig som busett, er trekkpliktig etter vanlege reglar.
Aktuelt regelverk