Lott eller part (mellom anna minstelott) til fiskar som ikkje er skattepliktig for lottinntekta, men medlem av folketrygda
Gjeld lott eller part til fiskar som ikkje er skattepliktig for lottinntekta, men som er medlem av folketrygda.
Kort om lott eller part til fiskar som ikkje er skattepliktig for lottinntekta, men medlem av folketrygda
Før opp lott eller part i fiske og fangst til fiskarar, både månadleg forskot på lott og avrekning knytt til lottoppgjer.
Gjeld berre dersom fiskaren har:
- lottinntekt og
- er busett i ein annan EØS stat og
- jobbar om bord på norske fartøy og
- ikkje er skattepliktig til Noreg for lottinntekta
Fiskarar er som hovudregel pliktige medlemmer av folketrygda og Skatteetaten skal fastsetje pensjonsgivande inntekt og trygdeavgift.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller ytelse | kontantyting, lott berre trygdeavgift |
Trekkplikt | ja/nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: | - |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «lott berre trygdeavgift».
Trekkpliktig
Ein skal som hovudregel føre opp ytinga som trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp brutto månadleg forskot på lott eller part for den kalendermånaden du utbetaler beløpet.
Resultatet av lottoppgjer skal du føre opp for den kalendermånaden du faktisk gjennomfører avrekninga. Dette gjeld uansett om resultatet av lottoppgjeret er positivt eller negativt.
Når du fører opp lott eller part i samband med årsskifte, skal du følgje realisasjonsprinsippet. Ytingar opptente i år 1 som blir utbetalte som lottoppgjer i år 2, skal du føre opp for desember for år 1. Sjå òg fristar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å fastsetje trygdeavgifta. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.