Nettolønnsordning, betalt utanlandsk skatt for arbeid utført i utlandet
Gjeld betalt utanlandsk skatt for arbeid utført i utlandet av arbeidstakar på nettolønnsordning.
Kort om betalt utanlandsk skatt
Før opp betalt utanlandsk skatt for arbeid utført i utlandet av arbeidstakar på nettolønnsordning. Gjeld frå og med 2017.
Nettolønnsordning er når:
- arbeidstakaren har inngått ein avtale med arbeidsgivar om fast netto utbetalt lønn og andre ytingar og/eller
- arbeidsgivaren har forplikta seg heilt eller delvis å betale inn skatt og trygdeavgift for arbeidstakaren
All lønn og andre ytingar som inngår i nettolønnsordning, skal du markere med «nettolønn» slik at det blir handsama etter eigne skatte- og avgiftsreglar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type inntekt | kontantyting, betalt utanlandsk skatt |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | nettolønn eller nettolønn for sjøfolk |
Tilleggsinformasjon: |
|
Oppteningsland | landkode |
Beløp
Før opp betalt utanlandsk skatt.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «betalt utanlandsk skatt».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du treng ikkje å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren ikkje er medlem av norsk trygd. Dette gjeld til dømes når inntektsmottakaren
- er omfatta av trygdelovgivinga i eit anna land etter ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er utanlandsk statsborgar som ikkje er medlem av folketrygda og arbeidet er utført i utlandet
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Før opp den skatte- og avgiftsregelen som er aktuell:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som er underlagde nettolønnsavtalar
Arbeidsgivaren skal då dekkje den skatten som fell på lønna eller ytinga og fører til at samla netto ytingar må «grossast» opp for å kome fram til rett brutto inntekt.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn».
Skatte- og avgiftsregelen gjeld sjøfolk som:
- er underlagde nettolønnsavtalar, og
- som òg har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn og særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Sjå òg utfyllande informasjon om nettolønn
Tilleggsinformasjon
- Oppteningsland
Oppgi landkode
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Du skal føre opp betalt utanlandsk skatt etter kontantprinsippet, dvs. når skatten endeleg er fastsett og betalt, eller skulle ha vore betalt.
Dersom den endelege utanlandske skatten
- forfell løpande i kalenderåret («pay as you earn») skal du føre opp denne løpande
- blir betalt på forskot, men ikkje er endeleg fastsett, skal du føre opp skatten når han er fastsett og forfallen
Skatten i utlandet skal reknast som endeleg ved førstegongs fastsetting. Dersom ein klagar på skattefastsettinga i arbeidslandet, og forfallet av fastsett skatt ikkje blir utsett, blir skatten som er fastsett ved førstegongsfastsettinga rekna som endeleg fastsett skatt og tidfesta ved forfall.
Ved kredittilfella
- Dersom skatten i utlandet er lågare enn eller lik norsk skatt, skal du ikkje oppgi betalt utanlandsk skatt. Då skal du berre berekne og oppgi norsk skatt og trygdeavgift løpande etter kvart som nettolønna blir utbetalt.
- Er skatten i utlandet høgare enn norsk skatt, skal du oppgi berekna norsk skatt og trygdeavgift løpande. Når den utanlandske skatten er endeleg fastsett og forfallen, skal du berre føre opp meirskatten som betalt utanlandsk skatt. Meirskatten er differansen mellom betalt utanlandsk skatt og norsk skatt for det inntektsåret nettolønna blei skattlagt.
Metodar for oppgrossing av nettolønn
Det finst tre metodar:
1. Når inntektsmottakar oppfyller vilkåra for nedsetjing av skatt
Gjeld:
- nedsetjing av skatt etter eittårsregelen (skattelova § 2-1 tiande ledd)
- alternativ fordeling og unnatak med eller utan progresjonsatterhald etter skatteavtale
Slik gjer du det:
- Berekn skattepliktig brutto
Skattepliktig brutto skal vere lik summen av nettolønn pluss utanlandsk skatt betalt av arbeidsgivar, oppgrossa med norsk trygdeavgift.
Nettolønn + Betalt utanlandsk skatt + Norsk trygdeavgift
(berekna av «skattepliktig brutto»)= Skattepliktig brutto
- Før opp norsk trygdeavgift som du har rekna av «skattepliktig brutto», løpande som «utrekna skatt». Du skal føre opp utrekna skatt for den kalendermånaden ytingane i oppgrossingsgrunnlaget er utbetalt og gitt.
- Før opp betalt utanlandsk skatt som betalt utanlandsk skatt.
2. Når ein veg opp for dobbelt skattlegging ved hjelp av kreditfrådrag og den betalte utanlandske skatten er lågare eller lik norsk skatt
Gjeld:
- når ein veg opp for dobbelt skattlegging ved hjelp av kreditfrådrag og skatten i utlandet er lågare eller tilsvarande norsk skatt
Slik gjer du det:
- Berekn skattepliktig brutto
Skattepliktig brutto skal vere lik nettolønn grossa opp etter norske skattesatsar og med norsk trygdeavgift
Nettolønn + Norsk skatt og trygdeavgift
(berekna av «skattepliktig brutto»)= Skattepliktig brutto
- Før opp norsk skatt og trygdeavgift som er utrekna av «skattepliktig brutto» løpande som «utrekna skatt». Du skal føre opp utrekna skatt for den månaden ytingane i oppgrossingsgrunnlaget er utbetalt og gitt.
3. Når ein veg opp for dobbelt skattlegging ved hjelp av kreditfrådrag og den betalte utanlandske skatten er høgare enn norsk skatt
Gjeld:
- når ein veg opp for dobbelt skattlegging ved hjelp av kreditfrådrag og skatten i utlandet er høgare enn norsk skatt
Slik gjer du det:
- Berekn skattepliktig brutto
Skattepliktig brutto skal vere lik nettolønn grossa opp etter norske skattesatsar og med norsk trygdeavgift, der utanlandsk meirskatt er lagt til og grossa opp med norsk trygdeavgift.
For å forklare nærare korleis dette skal reknast ut, viser vi utrekninga nedanfor i fleire trinn.
Trinn 1 Nettolønn + Norsk skatt og trygdeavgift
(berekna av «oppgrossa nettolønn»)= Oppgrossa nettolønn
Trinn 2Utanlandsk meirskatt + Norsk trygdeavgift
(berekna av «oppgrossa utanlandsk meirskatt»)= Oppgrossa utanlandsk meirskatt
Trinn 3Oppgrossa nettolønn + Oppgrossa utanlandsk meirskatt = Skattepliktig brutto
- Før opp norsk skatt og trygdeavgift som er utrekna av oppgrossa nettolønn løpande som «utrekna skatt». Du skal føre opp utrekna skatt for den månaden ytingane i oppgrossingsgrunnlaget er utbetalt og gitt.
- Før opp utanlandsk meirskatt som betalt utanlandsk skatt når han er endeleg forfallen.
- Før opp trygdeavgifta som du har grossa utanlandsk meirskatt opp med som «utrekna skatt» for den månaden som den utanlandske meirskatten blir rapportert (sjå punktet ovanfor).
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om betalt utanlandsk skatt til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om betalt skatt til å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk