Nettolønnsordning, kontantyting for arbeid utført i utlandet
Gjeld kontant utbetalt nettolønn for arbeid utført i utlandet av arbeidstakar på nettolønnsordning
Kort om kontantytingar ved nettolønnsordning
Før opp kontant utbetalt nettolønn for arbeid utført i utlandet. Gjeld uavhengig av om det er Noreg og/eller utlandet som har rett til å skattleggje.
Kontantytingane skal inngå i oppgrossingsgrunnlaget når ein reknar om frå nettolønn til bruttolønn.
Du skal òg føre opp samla utrekna skatt og betalt utanlandsk skatt som eigne kontantytingar (ikkje som fastlønn).
Nettolønnsordning er når:
- arbeidstakaren har inngått ein avtale med arbeidsgivar om fast netto utbetalt lønn og andre ytingar og/eller
- arbeidsgivaren har forplikta seg heilt eller delvis å betale inn skatt og trygdeavgift for arbeidstakaren
All lønn og andre ytingar som inngår i nettolønnsordning, skal du markere med «nettolønn» slik at det blir handsama etter eigne skatte- og avgiftsreglar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
| Beløp | x kroner |
| Type inntekt | kontantyting, fastlønn |
| Trekkplikt | ja |
| Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
| Skatte- og avgiftsregel | nettolønn eller nettolønn for sjøfolk |
Tilleggsinformasjon: |
|
| Oppteningsland | landkode |
Beløp
Før opp nettoverdi før oppgrossing (oppgrossingsgrunnlag).
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «fastlønn».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
I somme unntakstilfelle kan du late vere å berekne arbeidsgivaravgift.
Dette gjeld til dømes når:
- det går fram av blankett A1 at ein namngitt inntektsmottakar kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna EØS-land.
- arbeidet er utført i utlandet av ein utanlandsk statsborgar som ikkje er medlem av folketrygda.
Skatte- og avgiftsregel
Før opp den skatte- og avgiftsregelen som er aktuell:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som er underlagde nettolønnsavtalar
Arbeidsgivaren skal då dekkje den skatten som fell på lønna eller ytinga og fører til at samla netto ytingar må «grossast» opp for å kome fram til rett brutto inntekt.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn».
Skatte- og avgiftsregelen gjeld sjøfolk som:
- er underlagde nettolønnsavtalar, og
- som òg har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn og særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Sjå òg utfyllande informasjon om nettolønn
Tilleggsinformasjon
- Oppteningsland
Oppgi landkode
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
For ytingar til og med 2016
For kontant utbetalt nettolønn for arbeid i utlandet for perioden januar 2015 til desember 2016 skal du føre opp:
| Beløp | x kroner |
| Type inntekt | kontantyting, fastlønn |
| Trekkplikt | ja |
| Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
| Skatte- og avgiftsregel | nettolønn eller nettolønn for sjøfolk |
Tilleggsinformasjon: |
|
| Oppteningsland | landkode |
| Utanlandsk skatt | x kroner |
Utanlandsk skatt
Før opp skatt betalt i utlandet rekna om til norske kroner.
All skatt og trygdeavgift som skal inngå i oppgrossinga av nettolønna til kvar einskild, under dette betalt utanlandsk skatt, skal du føre opp som utrekna skatt. Det er ikkje nok å føre opp betalt utanlandsk skatt som tilleggsinformasjon.
Rette feil
| MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
| MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
| MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
| MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
| MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
| MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk