Overgangsstønad til attlevande ektefelle o.a.
Blir berre nytta av Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Gjeld overgangsstønad til attlevande ektefelle o.a.
Kort om overgangsstønad til attlevande ektefelle o.a.
Før opp overgangsstønad til attlevande ektefelle o.a. etter folketrygdlova kapittel 17, og overgangsstønad eller pensjon til tidlegare familiepleiar etter folketrygdlova kapittel 16.
Nemninga blir berre nytta for ytingar frå Arbeids- og velferdsetaten (NAV).
Skal du føre opp ein annan overgangsstønad, kan du sjå:
Overgangsstønad til einsleg mor eller far som byrja å gjelde 31. mars 2014 eller tidlegare
Overgangsstønad til einsleg mor eller far som byrja å gjelde 1. april 2014 eller seinare
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, overgangsstønad til attlevande ektefelle |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «overgangsstønad til attlevande ektefelle».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregel:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Periode (ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Døme
NAV skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2022 til 31. desember 2022.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Døme
NAV skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2022.
2021 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2022 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk