Overtidsgodtgjersle
Gjeld kontantvederlag som kompensasjon for overtidsarbeid.
Kort om overtidsgodtgjersle
Før opp kontantvederlag som kompensasjon for overtid, det vil seie arbeid utover alminneleg arbeidstid etter arbeidsmiljølova.
Det kan vere at andre rammer for overtid er regulerte i tariffavtale eller arbeidsavtale. Er dette tilfelle, fører du opp timane og kompensasjonen for overtid du har utbetalt.
Arbeidsgivar og arbeidstakar kan skriftleg avtale at overtidstimar heilt eller delvis skal takast ut som arbeidsfri på eit avtalt tidspunkt. Dette gjeld ikkje for overtidstillegget. I slike tilfelle skal du føre opp differansen mellom ordinær lønn og overtidsbetalinga (overtidstillegget) du utbetaler.
Godtgjersle for overtid som er pålagd i arbeidsavtalen som fast overtid, og ikkje i strid med arbeidsmiljølova, skal du føre opp som faste tillegg.
Heiltidstilsette
Etter arbeidsmiljølova er det overtid når ein arbeidstakar jobbar meir enn 9 timar i løpet av ein dag eller meir enn 40 timar i løpet av ei veke.
I dei fleste bedrifter i Noreg er alminneleg arbeidstid 7,5 timar per dag og 37,5 timar per veke. I desse bedriftene er det vanleg at arbeidstakaren får overtidstillegg når ein jobbar meir enn 7,5 timar per dag eller 37,5 timar per veke.
Når du betaler ut overtidstillegg, skal du føre opp desse timane og denne kompensasjonen som overtid.
Døme – overtid ved fulltidsstilling
Kari jobbar i ei 100 prosent stilling, der ei full stilling svarar til 37,5 timar per veke. Ho jobba 2,5 timar overtid i februar.
I a-meldinga skal arbeidsgivaren føre opp overtidsgodtgjersle. Dei registrerer heile beløpet for overtidsgodtgjersla og med tilleggsinformasjon om at det gjeld 2,5 timar.
Deltidstilsette
For arbeidstakarar som arbeider deltid, reknar ein den arbeidstida som går ut over avtalen, men som ligg innanfor den alminnelege arbeidstida i arbeidsmiljølova, som meirarbeid.
Etter føresegnene i arbeidsmiljølova blir det ikkje ytt overtidsbetaling for den arbeidstida som er meirarbeid, så lenge arbeidstida ligg innanfor føresegnene om alminneleg arbeidstid i lova.
Ein deltidstilsett må etter føresegnene i arbeidsmiljølova altså jobbe meir enn ni timar ein arbeidsdag eller meir enn 40 timar i løpet av ei veke før det er aktuelt med overtid.
Det kan vere at andre rammer for overtid er regulerte i tariffavtale eller arbeidsavtale. Dersom dette er tilfelle er det timane og kompensasjonen for overtid som blir utbetalt ein skal oppgi.
Døme – overtid ved deltidsstilling
Ola jobbar i ei 60 prosent stilling, der ei full stilling svarar til 7,5 timar per yrkedag (37,5 timar per veke). Han jobbar full dag på tysdagar, onsdagar og torsdagar, men måndagar og fredagar har han fri. Ein tysdag i mars jobba han 3 timar meir enn han pleier, dvs. til saman 10,5 timar (7,5 timar pluss 3 timar).
I a-meldinga skal ein føre opp dette som overtidsgodtgjersle, ettersom den aktuelle arbeidsdagen gjekk utover alminneleg arbeidstid på 7,5 timar. Arbeidsgivaren registrerer heile beløpet for overtidsgodtgjersla, med tilleggsinformasjon om at det gjeld 3 timar.
Døme – meirarbeid ved deltidsstilling
Mari jobbar i ei 50 prosent stilling, der ei full stilling svarar til 7,5 timar per yrkedag (37,5 timar per veke). Ho jobbar full dag på tysdagar og torsdagar og halv dag på onsdagar. Måndagar og fredagar har ho fri. Ein fredag i april blir ho bedt om å jobbe 4 timar.
I a-meldinga skal ein ikkje føre opp dette som overtidsgodtgjersle, ettersom den aktuelle arbeidsdagen ikkje gjekk utover alminneleg arbeidstid på 7,5 timar. Dei ekstra timane skal ein heller føre opp som meirarbeid.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, overtidsgodtgjersle |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Talet på timar | x timar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «overtidsgodtgjersle».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på timar.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk