Slitartillegg
Kort om slitartillegg
Før opp slitartillegg.
Slitartillegg er ei ekstra pensjonsyting til dei som startar uttak av AFP ved 62, 63 eller 64 år, og som ikkje har arbeidsinntekt ved sida av. Det er eit vilkår for å få slitartillegget at søkjaren har fått innvilga AFP i privat sektor.
Slitarordninga gjeld frå 1. januar 2019.
Les meir om Slitarordninga AFP.
Kva for opplysningar skal du føre opp
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | Kontantyting, slitartillegg |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | |
Periode (ved etterbetaling) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «slitartillegg».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Tilleggsinformasjon
- Periode (ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetaling slitertillegg
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for, i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Eksempel
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsopplysningar: |
|
Periode | 1. januar 2015 til 31. desember 2015 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Eksempel 2
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2016
2015 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggopplysningar: |
|
Periode | 1. januar 2015 til 31. desember 2015 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2016 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggopplysningar: |
|
Periode | 1. januar 2016 til 31. desember 2016 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningane til statistikkføremål.