Styrehonorar og godtgjersler i samband med verv
Gjeld styrehonorar og godtgjersle i samband med verv.
Kort om styrehonorar og godtgjersler i samband med verv
Før opp styrehonorar og godtgjersler i samband med verv.
Gjeld honorar og godtgjersler som medlem av til dømes:
- styre
- representantskap
- utval
- råd
Gjeld òg honorar og godtgjersler til:
- folkevalgte
- ordførarar
Som ledd i næringsverksemd
Ein kan i somme tilfelle ta imot styrehonorar som ledd i ei verksemd for mottakaren. Ei slik godtgjersle skal behandlast som ein fordel vunne ved arbeid, sjølv om ein har utført vervet som ledd i næringsverksemd. Dette gjeld både offentleg og privat verksemd. Honorar til medlemmer av kommunestyre, departementale komitear, stiftingar o.a. skal førast opp her.
Utland
Når inntektsmottakaren er skattemessig busett i utlandet, gjeld særskilde skattereglar. Ein reknar at alt arbeid i samband med styreverv blir utført på styremøtet/-a. Ein skal føre opp kvar for eit land personen er skattemessig busett i, ettersom dette kan ha noko å seie for skatteplikta.
Frå 2019 er det innført ei ny ordning med kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar. Kjeldeskattordninga gjeld òg personar som bur i utlandet og tek imot styrehonorar og andre liknande godtgjersler frå norske selskap. Les meir om kjeldeskatt på lønn.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, styrehonorar og godtgjersler som ein tek imot når ein utfører verv |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Skattemessig busett | landkode |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «styrehonorar og godtgjersler som ein tek imot når ein utfører verv».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Jan Mayen og bilanda og særskilde frådrag for sjøfolk
Gjeld ikkje når inntektsmottakaren er skattemessig busett i utlandet.
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".
Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.
Tilleggsinformasjon
- Skattemessig busett
Dersom inntektsmottakaren er skattemessig busett i utlandet skal du oppgi kva for eit land personen er skattemessig busett i.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Etter folketrygdlova skal ikkje alltid inntekta vere med når ein reknar ut sjukepengegrunnlaget o.a. Dette gjeld dersom honoraret ikkje fell bort i samband med sjukdom eller anna, og ikkje skal erstattast av ei trygdeyting. Avhengig av til dømes møteplikt kan eit styrehonorar framleis kome på sjølv styremedlemmen blir sjukmeld eller har foreldrepermisjon. Dette må ein vurdere konkret i kvart einskild tilfelle.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk