Tilsette sine kjøp av aksjar/grunnfondsbevis til underkurs
Gjeld når tilsette kjøper aksjar eller grunnfondsbevis til underkurs.
Kort om tilsette sine kjøp av aksjar/grunnfondsbevis til underkurs
Før opp fordelen tilsette oppnår ved å kjøpe aksjar eller grunnfondsbevis til underkurs.
Fordelen utgjer som hovudregel differansen mellom salsverdien for aksjen på ervervstidspunktet og det den tilsette eventuelt har betalt for aksjen.
Skattefritak ved generell ordning
Skattefritaket ved kjøp av aksjar til underkurs er oppheva frå og med 2022. Fordel ved kjøp av aksjar til underkurs er skattepliktig fullt ut.
Sjå òg utfyllande informasjon om tilsette sine erverv av aksjar til underpris i Skatte-ABC
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, aksjar/grunnfondsbevis til underkurs |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp den skattepliktige fordelen.
Aksjane skal i utgangspunktet verdsetjast til pårekna salsverdi. Dersom ein ikkje kan fastsetje den reelle salsverdien til aksjane på annan måte, kan du berekne han ut ifrå børsverdien, notering på meklarliste eller setje han lik aksjen sin del av den fulle skattemessige formuesverdi til selskapet.
Skattepliktig fordel reknar du ut slik: |
|
Omsetningsverdi på ervervstidspunktet | |
- | Betalinga frå arbeidstakar |
= | Skattepliktig fordel |
Døme
Alle tilsette i eit konsulentselskap får tilbod om å kjøpe 65 aksjar til ein pris på 3 000 kroner. William som jobbar i konsulentselskapet gjer seg nytte av tilbodet og kjøper 65 aksjar 7. januar 2023.
Børskursen på tidspunktet for erverv er på 150 kroner.
65 x 150 | 9 750 | |
- | Kjøpesum | 3 000 |
= | Skattepliktig fordel |
6 750 |
Opplysningar i a-meldinga: | |
Beløp | 6 750 |
Type lønn eller yting | naturalyting, aksjar eller grunnfondsbevis til underkurs |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Type lønn eller yting
Før opp «Naturalyting» og «Aksjar/grunnfondsbevis til underkurs».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp fordelen for den månaden aksjen blir erverva. Dette gjeld uavhengig av ein eventuell klausul om innskrenking av råderett, til dømes sals- og pantsetjingsforbod i nokre år.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om dei tilsette sine kjøp av aksjar/grunnfondsbevis til underkurs til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk