Trekkfri godtgjersle til kost til utanlandsk pendlar
Gjeld godtgjersle til kost til utanlandsk pendlar.
Kort om trekkfri godtgjersle til kost til utanlandsk pendlar
Før opp utbetalt godtgjersle til kost til utanlandsk pendlar.
Godtgjersla er trekkfri for ein utanlandsk pendlar når legitimasjonskrava i skattebetalingsforskrifta er følgt.
Ved pendlaropphald er det ein føresetnad for å få trekkfritak at det ikkje er kokemoglegheiter på opphaldsstaden. Eit eventuelt overskot skal du føre opp som trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser.
Sjå satsar for trekkfri kostgodtgjersle.
Du skal ikkje bruke nemninga for utanlandske arbeidstakarar som har eit skattkort med kjeldeskatt på lønn.
Ein utanlandsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i utlandet,
- pendlar mellom bustad i utlandet og bustad i Noreg og
- er utanlandsk arbeidstakar som pendlar frå EØS-land og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn, eller
- utanlandsk arbeidstakar med avgrensa skatteplikt til Noreg som pendlar frå eit land utanfor EØS og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn.
Sjå òg Skatte-ABC om meirkostnader og pendlar med heim i utlandet
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, arbeidsopphald kost |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på døgn |
Nemning | utanlandsk pendlar med skattekort utan standardfrådrag |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «arbeidsopphald kost».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
- Tal
Før opp talet på døgn.
Talet på døgn du skal rapportere skal svare til talet på dagar/døgn med krav på diett.
Til dømes:- varar reisa i 1 døgn og 6 timar skal du føre opp 2 døgn
- varar reisa i 1 døgn og mindre enn 6 timar inn i neste døgn, skal du føre opp 1 døgn
- Nemning
Før opp «utanlandsk pendlar med skattekort utan standardfrådrag».
Denne nemnina brukar du óg når arbeidstakar har eit skattekort utan kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om trekkfri godtgjersle til kost til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk