Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Særskilde grupper

Kjeldeskatt på lønn

  • Oppdatert: 25.04.2023

Gjeld kjeldeskatt på lønn og korleis du som arbeidsgivar skal gjennomføre riktig skattetrekk og rapportere riktig.

    Kva er kjeldeskatt på lønn?

    Kjeldeskatt på lønn er ei skatteordning for utanlandske arbeidstakarar med kortare arbeidsopphald i Noreg, og første året arbeidstakaren er skattemessig busett i Noreg.

    For deg som arbeidsgivar betyr kjeldeskatt på lønn at du skal trekkje skatt etter ein fast prosent og rapportere både lønn og skattetrekk til Skatteetaten. Du skal berekne og trekkje kjeldeskatt av all lønn og alle godtgjersler som er skattepliktige for arbeidstakaren. For arbeidstakaren er skatten gjort opp i det du rapporterer lønn og trekk, det er derfor viktig at du rapporterer riktig.

     

    Skattekort for kjeldeskatt på lønn

    Skattekortet til arbeidstakarar i kjeldeskatteordninga er spesielt merkt "kjeldeskatt på lønn" under tilleggsopplysningar. Dersom denne opplysninga ikkje blir vist i lønnssystemet ditt, må du skaffe deg tilgang til den informasjonen på annan måte før du køyrer lønn.

    For arbeidstakarar som har skattekort merkt "kjeldeskatt på lønn", skal du trekkje ein fast skatteprosent alle månader i året. Kjeldeskattekortet har likt trekk i 12 månader. Det er ingen trekkfrie månader eller halvt trekk før jul.

    Dersom arbeidstakaren har eit skattekort for kjeldeskatt på lønn på det tidspunktet feriepengar skal utbetalast, skal du trekkje skatt etter satsen på skattekortet. Feriepengane kan ikkje utbetalast trekkfritt i desse tilfella.

    Sjå også Kjeldeskatt på lønn – spesielt om skattetrekk i feriepengar.

    For arbeidstakarar på nettolønnsordning, skal du rekne om nettolønna til bruttolønn ved å bruke skattesatsen i skattekortet og leggje inn tabellnummer "0000" i feltet for oppgrossingstabell når du rapporterer i a-meldinga.

     

    Arbeidsgivar er ansvarleg for riktig rapportering

    For arbeidstakarar i kjeldeskatteordninga er det arbeidsgivar som har ansvaret for å fastsetje inntekt og berekne skatt. Du fastset inntekta og bereknar skatten for arbeidstakarane dine i kjeldeskatteordninga ved å rapportere i a-ordninga.

    Sidan skatten til arbeidstakaren er gjort opp med ein gong du rapporterer inntekter og forskottstrekk i a-meldinga, må du sjekke nøye at trekket og grunnlaget for trekket er riktig. Sjå meir om korleis du rapporterer under "Skattegrunnlag og kjeldeskatt".

     

    Korleis berekne riktig grunnlag for trekk

    Det er nokre skilnader i korleis du bereknar grunnlaget for trekk i og utanfor kjeldeskatteordninga. Dette avheng av kva slags ytingar arbeidstakaren mottar.

    Dette skal du berekne kjeldeskatt av:

    • honorar, godtgjersle, gratiale og liknande ytingar til utanlandske styreleiarar eller styremedlemmer i norske selskap
    • lønn (kontantytingar, honorar, godtgjersler med meir) for arbeid utført i Noreg, inkludert feriepengar

    Du skal ikkje gjere frådrag i berekningsgrunnlaget for trekk for pensjonsinnskott og fagforeiningskontingent som du avkortar i arbeidstakaren si inntekt.

     

    Dekning av meirkostnader for pendlarar

    Har du arbeidstakarar i kjeldeskatteordninga som er pendlarar og du dekkjer meirkostnadene deira ved opphald utanfor heimen og besøksreiser, skal alt du dekkjer – heile beløpet – inngå i grunnlaget for kjeldeskatt. Du skal rapportere heile beløpet du dekkjer som trekkpliktig, og du skal trekkje skatt etter satsen på skattekortet på heile beløpet.

    Inntektsskildringa for trekkfrie pendlargodtgjersler kan ikkje brukast når du rapporterer slike ytingar på ein arbeidstakar i kjeldeskatteordninga.

    Trekkpliktig bilgodtgjersle – besøksreise til heimen for utlending med opphald i Noreg

    Trekkpliktig utgiftsgodtgjersle – besøksreise til heimen for utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg

    Kost og losji

    Bustad

    Trekkpliktige godtgjersler til losji til utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg

    Trekkpliktig godtgjersle til kost til utanlandsk arbeidstakar med opphald i Noreg

    Trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser

    Trekkpliktig anna godtgjersle på reise

     

    Utgiftsgodtgjersler, refusjonar og naturalytingar

    Utgiftsgodtgjersler, refusjonar og naturalytingar skal vurderast etter ordinære skattereglar. Unntaket er dekning av pendlarkostnader, sjå "Dekning av meirkostnader for pendlarar".

    Utgiftsgodtgjersler, refusjonar og naturalytingar skal inngå i grunnlaget som du bereknar og trekkjer kjeldeskatt av dersom ytingane blir rekna som skattepliktig fordel for arbeidstakar.

    Dersom du som arbeidsgivar dekkjer kostnader som er pådratte i direkte samanheng med arbeid, som til dømes meirkostnader ved opphald utanfor heimen i samband med tenestereise/yrkesreise, skal berre eit eventuelt overskott inngå i grunnlaget for kjeldeskatt.

    Den delen av godtgjersla som ikkje gir overskott, skal ikkje inngå i grunnlaget for kjeldeskatt. Du skal ikkje trekkje skatt av denne delen og rapporterer den som trekkfri.

    Den delen av godtgjersla som gir overskott, skal du rapportere som trekkpliktig, og du skal trekkje skatt av overskottet etter satsen på skattekortet.

    Dersom du som arbeidsgivar dekkjer kostnader for arbeidstakaren som er private utgifter, som til dømes reiser til og frå jobb, skal heile beløpet inngå i grunnlaget for kjeldeskatt.

    Du skal rapportere heile beløpet du dekkjer som trekkpliktig, og du skal trekkje skatt etter satsen på skattekortet på heile beløpet.

     

    Dette skal du ikkje berekne kjeldeskatt av

    Sjølv om du skal rapportere alle lønnsytingar i a-meldinga, er det enkelte ytingar som ikkje er skattepliktige for arbeidstakarar i kjeldeskatteordninga. Slike ytingar skal du heller ikkje trekkje kjeldeskatt av.

    Dekning av kostnader som ikkje gir overskott
    Når du dekkjer kostnader som er pådratte i direkte samanheng med arbeid, skal den delen av slik godtgjersle som ikkje gir overskott ikkje inngå i grunnlaget for kjeldeskatt. Du skal ikkje trekkje skatt av denne delen.

    Yting Beløp Inngår i grunnlaget for kjeldeskatt Inngår i grunnlaget for skatt etter ordinær skatteordning
    Lønn, kontantytingar 400 000 400 000 400 000
    Naturalytingar, fri bustad 72 000 72 000 0
    Utgiftsgodtgjersle, dekning av heimreise 10 000 10 000 0
    Utgiftsgodtgjersle, dekning av tjenestereise 20 000 0  0

    Lønn for arbeid utført i utlandet
    Ytingar for arbeid utført i utlandet skal ikkje inngå i grunnlaget for kjeldeskatt. Du skal ikkje trekkje skatt av slike ytingar. Hugs å oppgi oppteningsland når du rapporterer slike ytingar i a-meldinga.
    Døme på rapportering (sjå skjermbildet og tekst nedanfor).

    Yting Beløp Inngår i grunnlaget for kjeldeskatt
    Lønn (kontantlønn) opptent i Norge 400 000 400 000
    Lønn (kontantlønn) opptent Sverige 50 000 0
    Utgiftsgodtgjersle, flyttegodtgjersle 10 000 0
    Naturalytingar, fri bil i Sverige 5 000 0

    Skattesats

    Skattesatsen i kjeldeskatteordninga er 25 prosent. Arbeidstakarar som ikkje er medlem i norsk folketrygd, betalar ein lågare sats. Informasjon om kva sats du skal bruke finn du i skattekortet til arbeidstakaren.

    Dette kan også påverke om du skal berekne arbeidsgivaravgift av lønn og andre godtgjersler.

    Skattesatsar og arbeidsgivaravgift for kjeldeskatt på lønn

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-173
    Feil i forskotstrekk
    MAGNET_EDAG-277
    Oppgitt forskotstrekk å betale er feil
    MAGNET_EDAG-278
    Forskotstrekk for inntektsmottakar er feil

    Det er du som er ansvarleg for at fastsetjinga og skattetrekket er rett og at arbeidsgivaravgifta er riktig berekna. Her finn du informasjon om korleis du rettar rapporteringa:

    Rette feil i lønn og andre ytingar

    Rette feil i arbeidsgivaravgifta

     

     

    Aktuelt regelverk

    • Skatteloven § 20-1

    • Skattebetalingsloven § 5-4

    • Lovdata - Lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) § 9-1

    • Lovdata - Lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) § 9-2

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring