Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Arbeidstidsordning

  • Oppdatert: 17.12.2020

Når på døgnet arbeidet skjer (arbeidstidsordning) skal stå i arbeidsavtalen, og dette må samsvare med det du fører opp i a-meldinga.

    Kort om arbeidstidsordning

    Arbeidstidsordning er ein avtale om når på døgnet arbeidet skal skje og eventuelt variasjonar i denne over ein periode.

    Med skift- eller turnusarbeid forstår vi vanlegvis ei avtalt arbeidstidsordning der arbeidstida blir lagt til ulike tider i nærmare oppgitte periodar. Tilfeldige variasjonar i arbeidstida som følgje av sjukefråvær, ferie, permisjonar, overtid, ikkje-regelmessig meirtid o.l. skal ikkje reknast som skift- eller turnusarbeid.

    Dersom ein tilsett jobbar på same tidspunkt kvar veke, til dømes alltid kveldstid eller berre laurdagar, blir ikkje dette rekna som skift- eller turnusarbeid.

    Dersom det er avtalt at arbeidstida skal variere over ein periode, til dømes mellom ordinær dagtid og helg, blir dette rekna som skift- eller turnusarbeid.

    Oppgi den arbeidstidsordninga som står i arbeidsavtalen til den tilsette.

    Du kan velje mellom desse arbeidstidsordningane:

    • Arbeid offshore 33,6 t/v (offshore336)
    • Døgnkontinuerleg skiftarbeid og turnusarbeid 35,5 t/v (doegnkontinuerligSkiftOgTurnus355)
    • Heilkontinuerleg skiftarbeid og andre ordningar 33,6 t/v (helkontinuerligSkiftOgAndreOrdninger336)
    • Skiftarbeid 36,5 t/v (skift365)
    • Andre skift-/turnusordningar enn oppgitt ovanfor (andreSkift)
    • Ikkje skift (ikkeSkift)

    Dersom den tilsette jobbar skift eller turnus og ingen av dei fire øvste alternativa står i arbeidsavtala, vel du alternativet «andreSkift». Dersom den tilsette ikkje jobbar skift eller turnus, vel du «ikkeSkift».

     

    Døme

    Julie jobbar i ei industriverksemd med arbeidsavtale om heilkontinuerleg skiftarbeid 33,6 timar per veke. Oppgi «helkontinuerligSkiftOgAndreOrdninger336».

    Noah jobbar i ein daglegvarebutikk med arbeidsavtale om å jobbe kvar onsdag kveld og annankvar laurdag. Oppgi «andreSkift».

    Knut jobbar i ein butikk med en arbeidsavtale om å jobbe annankvar veke frå 8–16 og 12–20. Oppgi «andreSkift».

    Nils jobbar på ein bensinstasjon med arbeidsavtale om å jobbe fast kvar kveld måndag til fredag. Oppgi «ikkeSkift».

    Anne jobbar på ein pub med arbeidsavtale om å jobbe fast kvar laurdag kveld. Oppgi «ikkeSkift».

    Christian jobbar i ein kunstforeining med ein arbeidsavtale om å jobbe frå 8–16 kvar dag. I tillegg jobbar han fast to kveldar i månaden med å halde føredrag. Dersom Christian kan ta fri nokre timar ein kvardag for dei timane han arbeider på kvelden, skal han oppgi "andreSkift". Dersom det for kveldsmøtene ikkje er avtalt kortare arbeidstid på dagen, skal han oppgi "ikkjeSkift".

     

    Merk!

    Det skal vere samsvar mellom arbeidstidsordninga og det du fører opp i talet på timar per veke som ei full stilling svarar til. Med unnatak av «andreSkift» og «ikkeSkift».

    Talet på timar per veke som ei full stilling svarar til, varierer med dei ulike arbeidstidsordningane.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp arbeidstidsordning for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.

    Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.

    Du skal ikkje føre opp arbeidstidsordning for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    Oppgi arbeidstidsordning den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.

     

    Endra arbeidstidsordning 

    Dersom ein tilsett byter arbeidstidsordning skal du oppgi ny arbeidstidsordning den månaden ordninga skiftar. 

     

    Rette feil 

    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-187-4
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-7
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-235
    For arbeidstidsordninga "offshore336" skal talet på timar per veke for full stilling vere mellom 28 og 33,6
    MAGNET_EDAG-235-2
    For arbeidstidsordninga "helkontinuerligSkiftOgAndreOrdninger336" skal talet på timar per veke for full stilling vere mellom 28 og 33,6
    MAGNET_EDAG-235-3
    For arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" skal talet på timar per veke for full stilling vere 35,5
    MAGNET_EDAG-235-4
    For arbeidstidsordninga "skift365" skal taler på timar per veke for full stilling vere 36,5
    MAGNET_EDAG-235-5
    Talet på timar per veke for ei full stilling er høgare enn tillate
    MAGNET_EDAG-235-6
    Talet på timar per veke for ei full stilling er høgare enn tillate
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil arbeidstidsordning, og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03) kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysninga i statistikk til lønnsforhandlingar for å kaste lys over lønnsutviklinga for personar med nokon bestemte arbeidstidsordningar.

    Opplysningar om arbeidstidsordning blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring