Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Permisjon

  • Oppdatert: 13.12.2022

Dersom den tilsette har heil eller delvis permisjon i meir enn 14 dagar skal du føre opp dette i a-meldinga.

    Kort om permisjon

    Oppgi permisjonar dersom ein tilsett har heil eller delvis permisjon frå arbeidsforholdet sitt i meir enn 14 dagar. Gjeld både samanhengande og ikkje samanhengande permisjonsdagar, lønte og ulønte permisjonar.

    Du kan oppgi alle permisjonar, også kortare permisjonar på 14 dagar eller mindre, men dette er ikkje eit krav.


    Dette blir rekna som permisjon:

    Lista er ikkje uttømmande

    • Kurs/studiar o.l. som ikkje er pålagde av arbeidsgivar og som blir innvilga etter ønskje frå den tilsette
    • Fråvær som er på meir enn 14 dagar, ved pleiepengar og opplæringspengar.
    • Permisjon etter at ein periode med sjukepengar er gått ut, til dømes når ein går over på arbeidsavklaringspengar
    • Permisjonar som er nemnde i arbeidsmiljølova kapittel 12, som svangerskapspermisjon, fødselspermisjon, foreldrepermisjon, omsorg for barn som er innlagt på sjukehus eller for alvorleg sjukt barn, pleie nokon i livets sluttfase (dersom samla over 14 dagar), ved militærteneste, offentlege verv
    • Tariffesta utdanningspermisjonar

     

    Dette blir ikkje rekna som permisjon:

    • Kurs, studiar o.l. som er pålagde av eller går føre seg i regi av arbeidsgivar
    • Tilsette som får permisjon for å jobbe hjå ein annan arbeidsgivar. Her skal du føre opp sluttdatoen for arbeidsforholdet. Det skal du gjere fordi arbeidsgivaransvaret er overført til ein ny arbeidsgivar.
    • Tilsette som er sjuke eller må vere borte frå jobb på grunn av fare for fosteret
    • Tilsette som er heime med sjukt barn (sjukt barn-dagar)

     

    Delvis permisjon

    Dersom det er avtalt delvis permisjon og periodar strekkjer seg utover 14 dagar, skal du føre opp permisjonen. Dette gjeld til dømes om det er avtalt permisjon 1 dag i veka dei neste 10 vekene. Her skal du føre opp 20 prosent permisjonsprosent i perioden.

     

    Fleire kortare permisjonar

    Ved fleire kortare permisjonar skal ein føre opp dette som permisjon dersom dei til saman varer meir enn 14 dagar i løpet av 12 månader.

     

    Heime med sjukt barn eller pleie av nokon i livets sluttfase

    Du skal rapportere permisjon når ein tilsett er borte frå arbeid i meir enn 14 dagar for

    • å pleie eit alvorleg sjukt barn
    • å pleie nokon i livets sluttfase
    • å delta på opplæring for å kunne ta seg av eller pleie eit sjukt barn

    Du skal ikkje rapportere permisjon når ein tilsett er borte frå arbeid fordi dei brukar retten til omsorgsdagar når eit barn er sjukt. Dette gjeld sjølv om arbeidstakaren er borte frå arbeid både meir eller mindre enn 14 dagar.

     

    Langvarig sjukdom

    Under 12 månader:

    Dersom den tilsette har vore heilt eller delvis sjukmeld samanhengande i mindre enn 12 månader skal du ikkje føre opp dette som velferdspermisjon. Sjukefråværet endrar ikkje kva du skal oppgi om arbeidsforholdet i a-meldinga. Dette gjeld uavhengig om det er arbeidstakaren som tek imot sjukepengar direkte frå NAV eller om dykk får refundert sjukepengane etter å ha utbetalt lønn under sjukdom.  

    Over 12 månader:

    Dersom den tilsette har vore heilt eller delvis sjukmeld samanhengande i meir enn 12 månader og arbeidsforholdet blir vidareført, skal du føre opp dette som permisjon. Etter arbeidsmiljølova har arbeidstakaren ein verneperiode på 12 månader. Frå det tidspunktet arbeidsgivar meiner verneperioden er over og vel å vidareføre tilsettingsforholdet, skal det rapporterast som permisjon. Dette er uavhengig av sjukemelding eller rett til sjukepengar frå NAV. Permisjonen kan vere med eller utan lønn.

    Du skal då føre opp permisjon tilsvarande den normale arbeidstida den tilsette er friteken arbeidsplikt for og for perioden over 12 månader.

    Dersom den tilsette er 100 prosent fråverande skal du føre opp ein permisjonsprosent på 100. Dette gjeld uavhengig av om den tilsette har krav på godtgjersle frå arbeidsgivar eller ikkje eller om den tilsette tek imot ei yting frå NAV.

     

    Sjukdom eller anna fråvær under svangerskapet

    Dersom den tilsette er sjuk under svangerskapet eller ikkje kan arbeide på grunn av fare for fosteret og tek imot svangerskapspengar frå NAV, skal du ikkje føre opp dette som permisjon.

    Ein tilsett som er gravid kan òg ha rett til permisjon under svangerskapet som ikkje kjem av sjukdom eller fare for fosteret. Denne typen fråvær skal rapporterast som velferdspermisjon.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp permisjon for alle ordinære og maritime arbeidsforhold når tilsette er i permisjon.

    Du skal ikkje føre opp permisjon for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar eller for pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Når du oppgir permisjon skal kvar einskild registrering innehalde:

    Permisjonsnemming Alltid
    PermisjonsID Alltid
    Startdato på permisjon Alltid
    Sluttdato på permisjon Alltid i den månaden den tilsette avsluttar permisjonen
    Permisjonsprosent Alltid

     

    Permisjonsnemning

    Oppgi ei av desse nemningane:  

    • Permisjon med foreldrepengar
    • Permisjon ved militærteneste
    • Utdanningspermisjon (lovfesta)
    • Utdanningspermisjon (ikkje lovfesta)
    • Andre lovfesta permisjonar
    • Andre ikkje-lovfesta permisjonar

     

    Foreldrepermisjon

    Når arbeidstakaren mottek foreldrepengar frå Nav.

    Gjeld

    • Fødselspermisjon til mor (dei siste tre vekene før fødsel og dei første seks vekene etter fødsel) 
    • Foreldrepermisjon med foreldrepengar (begge foreldra)

    Permisjonsperioden skal avtalast mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.

     

    Permisjon ved militærteneste

    Når arbeidstakar har permisjon ved pliktig eller frivillig militærteneste eller liknande allmenn verneteneste.

     

    Utdanningspermisjon (lovfesta)

    Permisjon til utdanning etter arbeidsmiljølova § 12-11.

     

    Utdanningspermisjon (ikkje lovfesta)

    Permisjon til utdanning som blir innvilga av arbeidsgivar, og som ikkje er lovfesta i arbeidsmiljølova. Til dømes permisjon til utdanning utover den perioden ein har krav på etter arbeidsmiljølova § 12 - 11.

     

    Andre lovfesta permisjonar

    For alle andre permisjonstypar som ikkje er dekte av permisjonsnemningane ovanfor. Gjeld både lønte og ulønte permisjonar.

    Døme på andre lovfesta permisjonar:

    • Utvida foreldrepermisjon (permisjon i inntil 2 år etter perioden med foreldrepengar)
    • Permisjon ved overtaking av fosterbarn
    • Pleie av alvorleg sjukt barn eller pleie av nokon i livets sluttfase – pleiepengar fråvær for å delta i opplæring for å kunne ta seg av sjukt barn
    • Omsorgspermisjon ved fødsel (far, eller ein annan som hjelper mor, sin rett til permisjon i to veker)
    • Omsorgspermisjon til adoptivforeldre og fosterforeldre ved overtaking av omsorg (to veker)
    • Religiøse høgtider (inntil 2 dagar)
    • Offentlege verv
    • Svangerskapskontroll
    • Ammefri
    • Nødvendig omsorg for foreldre, ektefelle, sambuar eller registrert partnar (inntil 10 dagar)
    • Nødvendig omsorg for funksjonshemma barn over 18 år (inntil 10 dagar)

    Du skal ikkje rapportere omsorgsdagar (heime med kortvarig sjukt barn eller ved sjukdom hos barnepassar) som permisjon.

     

    Andre ikkje-lovfesta permisjonar

    Permisjonar som ikkje er hjemla i arbeidsmiljølova eller folketrygdlova , men som er avtalt gjennom tariffavtalar eller blir avtalt mellom arbeidsgivar og arbeidstakar. Permisjon etter 12 månaders sjukdom. 

     

    PermisjonsID

    PermisjonsID er ein identifikator for permisjonen.

    Oppgi ein unik ID for kvar permisjon, og bruk denne kvar gong du bekreftar permisjonen. Dersom arbeidstakaren skal ha ein ny permisjon på eit seinare tidspunkt, må du bruke ein ny ID. Bruker du same ID fleire gonger, blir opplysningane du har oppgitt på denne IDen tidlegare erstatta med dei nye opplysningane på same ID.

    Brukar du eit lønns- eller personalsystem blir permisjonsID vanlegvis generert når du opprettar ein ny permisjon.

     

    Fleire permisjonar samstundes

    Dersom ein tilsett har fleire permisjonar i det same tidsrommet, skal du føre opp dette som ulike permisjonar med ulik permisjonsID.  Eit døme kan vere ein person som har 50 prosent utdanningspermisjon samstundes med 20 prosent foreldrepermisjon. Her skal du føre opp kvar av permisjonane med ein eigen permisjonsID, periode og prosent.

     

    Arbeid i permisjonstida

    Dersom ein tilsett arbeider eller er på kurs nokre dagar midt i ein permisjon, opphøyrer ikkje permisjonen, og han blir heller ikkje gradert. Før opp samla permisjon med den same ID-en for heile perioden.

     

    Frå lønt til ulønt permisjon

    Dersom ein permisjon blir endra frå lønt til ulønt, har dette ingen betyding for rapporteringa. Du skal du føre opp den same permisjonsID-en.

     

    Byte lønnssystem eller rekneskapsførar

    Dersom du byter rekneskapsførar, må du ofte byte lønnssystem. Når du byter lønnssystem, må du flytte opplysningar frå eitt system til eit anna. Det kan du gjere på tre ulike måtar. Sjå ei nærare forklaring av korleis du byter lønnssystem.

     

    Startdato på permisjon

    Før opp datoen permisjonen startar og ta opp att startdatoen i kvar a-melding så lenge permisjonen varer.

     

    Sluttdato på permisjon

    Før opp datoen permisjonen sluttar.

    Du kan føre opp sluttdato fram i tid dersom datoen er kjend. Du må då ta oppatt sluttdatoen i kvar einskild a-melding så lenge permisjonen varer.

     

    Frå permisjon til ferie eller sjukdom

    Dersom ein tilsett går direkte frå permisjon til ferie eller sjukefråvær skal du avslutte permisjonen. I desse tilfella er tilsette å rekne som i jobb sjølv om dei ikkje fysisk jobbar. Ferie eller sjukefråvær innanfor permisjonsperioden verkar derimot ikkje inn på permisjonen du rapporterer.

     

    Frå permisjon til streik og lockout

    Dersom ein tilsett går direkte frå permisjon til streik eller lockout skal du avslutte permisjonen. I desse tilfella er tilsette å rekne som i jobb sjølv om dei ikkje fysisk jobbar.

     

    Frå permisjon til permittering

    Dersom ein tilsett er i permisjon, til dømes foreldrepermisjon, blir ikkje den tilsette rekna som permittert før etter at permisjonen er avslutta.

     

    Døme med permisjon som går over i permittering

    Henrik er i foreldrepermisjon når alle tilsette i firmaet han jobbar i, blir permitterte med iverksetjingsdato 15. mai.

    Foreldrepermisjonen hans sluttar 1. juni. Arbeidsgivaren oppgir sluttdato 1. juni på foreldrepermisjonen og oppgir 2. juni som startdato på permitteringa i a-meldinga for juni. Arbeidsgivaren gjentek startdatoen på permitteringa i alle a-meldingar så lenge han er permittert.

    A-melding for mai
    Inntektsmottakar Henrik
    Permisjonsnemning permisjon med foreldrepengar
    PermisjonsID y
    Startdato på permisjon 15.april
    Sluttdato på permisjon  
    Permisjonsprosent 100

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    A-melding for mai
    Inntektsmottakar Henrik
    Permisjonsnemning permisjon med foreldrepengar
    PermisjonsID y
    Startdato på permisjon 15.april
    Sluttdato på permisjon 1.juni
    Permisjonsprosent 100

     

     
    Permitteringsnemning permittering
    PermitteringsID x
    Startdato på permittering 2.juni
    Sluttdato på permittering  
    Permitteringsprosent 100

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Permisjonsprosent

    Oppgi kor mange prosent permisjonen utgjer av den avtalte stillingsprosenten til den tilsette. Permisjonsprosenten skal vere over 0 (om du ikkje skal slette ein permisjon) og ikkje meir enn 100.

     

    Døme

    Kari er tilsett i 80 prosent stilling. Ho har 50 prosent permisjon frå denne deltidsstillinga. Før opp 50 som permisjonsprosent.

    Jacob har avtale om fri kvar fredag i ein periode på fire månader. Permisjonsdagane er ikkje samanhengande, men det er den same permisjonen (same grunngjeving) som er spreidd utover. Sidan det er meir enn 14 dagar mellom startdatoen for permisjonen til sluttdatoen, skal dei føre opp permisjonen. Jacob har i denne perioden 20 prosent permisjon frå ei 100 prosent stilling.

     

    Når skal du rapportere

    Før opp permisjonen seinast for den kalendermånaden permisjonen startar og ta opp att dette til permisjonen blir avslutta.

     

    Endre permisjonsprosent

    Når du skal endre permisjonsprosent, må du avslutte den eksisterande permisjonsID-en med den datoen endringa skjedde. Oppgi ein ny permisjonsID, permisjonsnemning, ny permisjonsprosent og startdato.

     

    Døme

    Julie jobbar i ein butikk og har avtalt 80 prosent permisjon frå 1. februar til 31. juli.

    Seinare avtalar Julie å endre permisjonsprosenten frå 80 til 50 prosent frå 15. mars.

    A-melding for februar
    Permisjonsnemning utdanningspermisjon
    PermisjonsID 2
    Startdato på permisjon 1. februar
    Sluttdato på permisjon 31. juli
    Permisjonsprosent 80

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

     

    A-melding for mars
    Permisjonsnemning utdanningspermisjon
    PermisjonsID 2
    Startdato på permisjon 1. februar
    Sluttdato på permisjon 14. mars
    Permisjonsprosent 80

     

    Permisjonsnemning utdanningspermisjon
    PermisjonsID 3
    Startdato på permisjon 15. mars
    Sluttdato på permisjon 31. juli
    Permisjonsprosent 50

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar. 

    Butikken må føre opp ein  ny permisjonsID fram til og med a-meldinga for juli.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-192
    Permisjonsprosent manglar
    MAGNET_EDAG-192B
    Ulogisk periode for permisjon
    MAGNET_EDAG-192C
    Ugyldig permisjonsID
    MAGNET_EDAG-193
    Ulogisk periode for permisjon
    MAGNET_EDAG-231
    Opplysningar om permisjon manglar
    MAGNET_EDAG-257
    Ulogisk start- og/eller sluttdato på permisjon
    MAGNET_EDAG-271
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-276
    Permisjonsnemninga er endra fra førre rapportering
    MAGNET_EDAG-286
    Permisjonsprosent må vere frå 0-100

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil i permisjon og ikkje fått feilmelding (MAGNET/EDAG) på dette i tilbakemelding (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje å endre tidlegare innsende a-meldingar.

    Dette gjeld feil eller manglar i opplysningar om:

    • Permisjonsnemning (feil type permisjon)
    • Permisjons-Frå-Dato
    • Permisjons-Til-Dato
    • Permisjonsprosent
    • Permisjons-ID

     

    Døme – arbeidsgivar har ført opp feil type permisjon

    Ein butikk sender a-melding for mars med opplysningar om utdanningspermisjon for Nils. Det er feil permisjon, han har velferdspermisjon. Dei rettar feilen ved å oppgi startdato lik sluttdato og permisjonsprosent lik 0 på permisjonen med feil nemning, og rapporterer riktig opplysningar om permisjon med ny permisjonsnemning.

    Butikken oppgir desse opplysningane for å feil permisjonstype:
    PermisjonsID 10
    Permisjonsnemning Utdanningspermisjon
    Startdatoen på permisjonen 1. mars
    Sluttdatoen på permisjonen 1. mars
    Permisjonsprosent 0
       
    PermisjonsID 20
    Permisjonsnemning Velferdspermisjon
    Startdatoen på permisjonen 1. mars
    Permisjonsprosent 80

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysingar.

     

     

     

    Døme – arbeidsgivar har oppgitt feil periode for permisjonen

    Jørgen er tilsett på en skule og har fått innvilga permisjon kvar onsdag for å delta på eit eksternt kurs. Kurset er frå 1. februar til 31.mai. I a-meldinga for februar oppgir skulen opplysningar om permisjonen til Jørgen.
    Kurset blir utsett og får fyrst oppstart i mars og Jørgen får endra permisjonsperioden frå 1.mars til 30.juni. Dei rettar dette ved å oppgi ny startdato på permisjonen i a-meldinga for mars.

    Skulen oppgir desse opplysningane om Jørgen sin endra permisjon i a-meldinga for mars:
    PermisjonsID 20
    Permisjonsnemning  Utdanningspermisjon
    Startdato på permisjonen 1. mars
    Sluttdato på permisjonen 30. juni
    Permisjonsprosent 20,00

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

     

     

    Døme – arbeidsgivar har oppgitt feil permisjonsprosent

    Ein butikk sender a-melding for mars med opplysningar om permisjon ved militærteneste for Aksel. Dei har oppgitt permisjonsprosent på 60. Permisjonsprosenten er 100 og ikkje 60 som dei har oppgitt. Dei rettar det ved å oppgi ny permisjonsprosent i a-meldinga for april.

    Butikken oppgir desse opplysningane når de rettar Aksel sin permisjon i a-meldinga for april:
    PermisjonsID 4
    Permisjonsnemning  Permisjon ved militærteneste
    Startdato på permisjonen 1. mars
    Sluttdato på permisjonen 31.desember
    Permisjonsprosent 100,00

    I tillegg oppgir de andre obligatoriske opplysninger.

     

     

    Døme – arbeidsgivar har oppgitt feil permisjons-ID

    Eit byggefirma har bygd opp permisjons-ID så den består av tilsettnummer og løpenummer. Lise jobbar i byggefirmaet og har tilsettnummer 2345 og løpenummer 3. Når dei har sendt a-melding med opplysningar om Lise sin utdanningspermisjon har dei oppgitt permisjons-ID 4523-3. Byggefirmaet oppdaga at dei har oppgitt feil permisjons-ID. De rettar feilen ved å oppgi startdato lik sluttdato og permisjonsprosent 0 på permisjonen med feil ID, og rapporterer riktig opplysningar om permisjon med ny permisjons-ID.

    Byggefirmaet oppgir desse opplysningene for å rette feilen:
    PermisjonsID 4523-3
    Permisjonsnemning  Utdanningspermisjon
    Startdato på permisjonen 10. februar
    Sluttdato på permisjonen 10. februar
    Permisjonsprosent 0
       
    PermisjonsID 2345-3
    Permisjonsnemning Utdanningspermisjon
    Startdato på permisjon 10. februar
    Sluttdato på permisjonen 30. juni
    Permisjonsprosent 40,00

    I tillegg oppgir de andre obligatoriske opplysninger.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Slette ein permisjon

    Du kan slette ein feilrapportert permisjon på to måtar.

    1. Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for permisjonen til same dato og permisjonsprosenten til 0 prosent.

      Bruk den same permisjonsID-en som ved tidlegare feilrapportering(ar). Aa-registeret må eintydig kunne skilje mellom eindags permisjon og feilrapportert permisjon som skal slettast. Når ein set startdatoen lik sluttdatoen og permisjonsprosenten til 0 prosent, kan dette eintydig tolkast i registeret som ei sletting av opplysningar ein har rapportert tidlegare.

    2. Send inn ei erstatningsmelding der den feilrapporterte permisjonen ikkje er med. Du må erstatte alle rapporteringsperiodar der permisjonen har blitt feilaktig rapportert.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV nyttar opplysningar om permisjon i sakshandsaminga si. NAV kjem frå 2019 til å nytte opplysningar om permisjon direkte i automatisk sakshandsaming og det er då heilt avgjerande for å oppnå ei rett og rask sakshandsaming at opplysningar om permisjon blir rapporterte korrekt og så tidleg som mogeleg. I somme tilfelle kan arbeidstakarar ha rett til ytingar frå NAV sjølv om dei er i permisjon.  Rapporter gjerne opplysningar om permisjon så tidleg som mogeleg, slik at NAV kan gjere vedtak på rett grunnlag.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til å avgjere kven som blir rekna som sysselsett.

    Opplysningar om permisjon blir overførte til Aa-registeret.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Statistikkloven § 10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Arbeidsmiljøloven § 15-8

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring