Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Startdato på arbeidsforhold

  • Oppdatert: 17.12.2020

Startdato bestemmer når rettar og plikter startar, både for deg som arbeidsgivar og for arbeidstakaren.

    Kort om startdato

    Startdato er datoen arbeidsforholdet startar etter arbeidsavtalen. Det er ikkje nødvendigvis den første dagen arbeidstakaren møter på jobb. 

    Oppgi datoen som går fram av arbeidsavtalen eller ein annan overeinskomst.

    For frilansar, oppdragstakar, honorarperson m.m. er startdato den datoen oppdraget starta.

     

    Døme

    Kari blei tilsett i ein blomsterbutikk frå 1. januar. Ho byrja i jobben 3. januar. Startdato er 1. januar.

    Jacob blei tilsett i ein matbutikk frå 1. januar. Han byrja først i jobben 15. februar på grunn av foreldrepermisjon. Startdato er 1. januar. Her må matbutikken òg oppgi permisjon.

    Emma er frilansar og utfører eit oppdrag for eit designbyrå. Oppdraget starta 1. april. Honoraret blir utbetalt 12. mai og ført opp i a-meldinga for mai.  Startdato på arbeidsforholdet er 1. april. Designbyrået oppgir startdato i den same kalendermånaden som utbetalinga, seinast innan fristen for rapportering for mai, 5. juni.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må oppgi startdato for alle ordinære og maritime arbeidsforhold, og for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.

    Du skal ikkje oppgi startdato dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    • Kor ofte?
      Oppgi startdato når datoen er kjend og ta oppatt denne alle månader, til og med månaden for den aktuelle sluttdatoen.

    • Kor tidleg?
      Du kan oppgi startdatoen før den er der.

    • Kor seint?
      Oppgi startdatoen seinast innan rapporteringsfristen for den aktuelle månaden.

     

    Begynner arbeidstakaren på ein annan dato enn avtalt

    Dersom ein person begynner på ein annan dato enn det som opphavleg var avtalt, og det du oppgav i a-meldinga, skal du endre arbeidsavtalen og a-meldinga.

    Oppgi rett startdato for arbeidsforholdet tilsvarande arbeidsavtalen. Bruk den same arbeidsforholdsID-en som tidlegare. Du kan endre i neste a-melding.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-110
    Startdato på arbeidsforholdet er endra frå den førre rapporteringa
    MAGNET_EDAG-187-7
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-187-8
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-128
    Ulogisk periode for arbeidsforhold
    MAGNET_EDAG-256
    Ulogisk start- og/eller sluttdato på arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-291
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil startdato og ikkje har fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

    Merk!
    Du skal ikkje endre startdato for arbeidstakarar som begynner i eit nytt arbeidsforhold i den same verksemda. Då skal du avslutte det første arbeidsforholdet ved å setje sluttdato. Før opp det nye arbeidsforholdet med ny arbeidsforholdsID, ny startdato og andre obligatoriske opplysningar for det nye arbeidsforholdet.

    Dersom du endrar det opphavlege arbeidsforholdet med ny startdato blir det feil i Aa-registeret fordi opplysningar om arbeid for tidsrommet før den nye startdatoen då blir sletta frå registeret.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

      

    Konsekvensar dersom du ikkje set rett startdato

    Startdato bestemmer når rettar og plikter oppstår, både for deg som arbeidsgivar og for arbeidstakaren.

    Feil i start- og sluttdato får følgjer for den tilsette. Til dømes kan det gi feil i utbetalingar frå NAV eller feil i behandlinga av stønadssaker. Den tilsette kan òg oppleve å få for mykje eller for lite utbetalt frå NAV.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til 

    Startdato blir nytta av NAV og er viktig for Statistisk sentralbyrå (SSB) sine statistikkar.

    Opplysningar om startdato blir overførte til Aa-registeret. NAV distribuerer opplysningar om arbeidsforhold frå Aa-registeret til private og offentlege aktørar som har lov til å ta imot dei.  Døme på dette er Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven § 1-8

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Forskrift om AA-registeret § 6

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring