Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Type arbeidsforhold

Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorarar

  • Oppdatert: 09.12.2021

Arbeidsforhold for personar som tek imot lønn eller anna godtgjersle for utført arbeid eller oppdrag, men som ikkje er tilsette.

    Kort om frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar

    Dersom ein person utfører arbeid eller oppdrag for lønn eller anna godtgjersle utan tenesteforhold/tilsetjingsforhold (ikkje tilsett), utan å vere sjølvstendig næringsdrivande, skal ein føre dette opp som frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.

    Med frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar har du ikkje styringsrett, det vil seie at arbeidsoppgåvene ikkje kan endrast utan at kontrakten blir reforhandla.

    Arbeidsforholdet blir frå 2021 registrert i Aa-registeret.

    Det er viktig at du fører opp rett type arbeidsforhold. Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå vel rett type arbeidsforhold.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    ArbeidsforholdsID Alltid
    Startdato på arbeidsforholdet Alltid
    Sluttdato på arbeidsforholdet Alltid i den månaden arbeidstakaren sluttar
    Årsak til sluttdato Frivillig
    Yrkeskode Alltid
    Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling Frivillig
    Stillingsprosent Frivillig
    Siste dato for endring av stillingsprosent Frivillig
    Avlønningstype Frivillig i 2018. Utgår i 2019.
    Arbeidstidsordning Frivillig
    Siste lønnsendringsdato Frivillig
    Tilsetjingsform Frivillig
    Lønnsansiennitet Frivillig
    Lønnstrinn Frivillig

     

    Døme

    Kari får eit oppdrag hos eit arkitektbyrå. Oppdraget begynner 25. januar og ho får den første lønna utbetalt i februar. Ho skal jobbe i ein 10% stilling i heile perioden fram til oppdraget slutter 15. juni.

    A-melding for februar 
    Inntektsmottakar Kari
    Type arbeidsforhold frilanser, oppdragstakar og personar som tek imot honorar
    Startdato på arbeidsforholdet 25. januar
    Stillingsprosent 10 %
    Yrkeskode 2141 115

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    Arkitektbyrået fører opp stillingsprosent i a-meldinga, sjølv om det ikkje er obligatorisk.

    Kari har avtalt at ho i tillegg til utbetalinga i februar, skal få utbetalt lønn i april og juni.

    I a-meldinga for april og juni gir arkitektbyået opplysningar om Kari sitt arbeidsforhold i tillegg til lønn og andre ytingar. Dei fører òg alle andre obligatoriske opplysningar for månaden.

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp type arbeidsforhold, og i tillegg gi opplysningar om arbeidsforholdet kvar gong du gjer utbetalingar til ein person som utfører arbeid eller oppdrag for lønn eller anna godtgjersle utan tenesteforhold/tilsetjingsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    • Kor ofte?
      Før opp arbeidsforholdet kvar månad du gjer utbetalingar. Du kan rapportere arbeidsforholdet og i månader du ikkje gjer utbetalingar, til og med den månaden du før opp sluttdato på arbeidsforholdet. Du må føre opp sluttdatoen når oppdraget er utført, sjølv om du ikkje gjer utbetalingar i den månaden.

    • Kor tidleg?
      Du kan føre opp arbeidsforholdet med ein gong du veit startdatoen, og helst før startdatoen inntreff.

    • Kor seint?
      Før opp arbeidsforholdet seinast innan rapporteringsfristen for månaden utbetalinga er gjort.

     

    Døme på når du skal velje dette

    Vel frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar for:

    Frilansarar
    Yrkesgrupper som musikarar, tekstforfattarar, skodespelarar, journalistar og omsetjarar er ofte å rekne som frilansarar/oppdragstakarar.
    Folkevalde
    Politikarar i kommunar, fylkeskommunar og på Stortinget som får godtgjersle for politisk arbeid
    Fosterforeldre, og personar med omsorgslønn
    Lønn og anna godtgjersle for å hjelpe personar med særskilde behov eller personar med omsorgsbehov.

    Personar som har tillitsverv
    Lønn og anna godtgjersle for arbeid og dekning av utgifter i frivillige og velgjerande organisasjonar eller der ein har tillitsverv.

    Døme på tillitsverv: deltaking i bedriftsforsamlinga eller andre råd, utval og verv knytte til jobben.

    Unnatak: Tillitsvalde og medlemmer av frivillige og velgjerande organisasjonar som berre er kursdeltakarar, men som får refusjon for tapt arbeidsforteneste. Desse skal rapporterast med arbeidsforholdstype pensjonar eller andre ytingar.

    Styremedlemmer
    Personar som berre sit i styret i selskapet og ikkje er tilsette.

    Unnatak: Dei tilsette sin representant i styre. Her er den tilsette i eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold og det skal rapporterast styrehonorar på det ordinære eller maritime arbeidsforholdet.

     

    Endre type arbeidsforhold

    Dersom type arbeidsforhold er endra sidan sist a-melding må du oppgi ny type arbeidsforhold i den neste a-meldinga du skal sende. Korleis du endrar kjem an på type arbeidsforhold du byter frå og type arbeidsforhold du byter til. Du må velje mellom ein av tre alternative måtar å endre på.

    Sjå korleis du byter frå ein type arbeidsforhold til ein annan

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-108 
    Opplysningar om arbeidsforhold manglar
    MAGNET_EDAG-187-6
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-8
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-266
    Arbeidsforholdstypen er endra frå den førre rapporteringa
    MAGNET_EDAG-269
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-274
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet 
    MAGNET_EDAG-281
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet 
    MAGNET_EDAG-288
    Ugyldig identifikator for verksemda
    MAGNET_EDAG-289
    Ugyldig identifikator for verksemda

    Sjå òg oversikta over alle feilmeldingane

    Har du ført opp feil type arbeidsforhold og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemeldinga (A03), kan du rette feilen på to måtar.

    Sjå korleis du rettar type arbeidsforhold

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Skal du slette eit feilrapportert arbeidsforhold

    Dette kan du gjere på to måtar.

    1. Send inn ei ny a-melding der du set startdatoen og sluttdatoen for arbeidsforholdet til same dato og stillingsprosenten til 0 prosent. I tillegg oppgir du at årsak til sluttdato er arbeidsforholdet skulle aldri ha vore rapportert.

      Aa-registeret kan då skilje feilrapporterte arbeidsforhold frå eindags arbeidsforhold.

    2. Send inn ei erstatningsmelding der det feilrapporterte arbeidsforholdet ikkje er med. Du må då erstatte alle rapporteringsperiodar der arbeidsforholdet har blitt feilaktig oppgitt.

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    NAV hentar opplysningar om arbeidsforholdet når dei har ei sak. Gjeld til dømes ved eit krav om sjukepengar. For somme ytingar frå NAV har type arbeidsforhold noko å seie for rettane. Det vil seie om den tilsette er eller har vore i eit ordinært eller maritimt arbeidsforhold, eller om han eller ho er frilansar, oppdragstakar, honorarperson m.m.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til å lage statistikkar utviklinga i lønningar, sysselsetjing og sjukefråvære. 

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Folketrygdloven §1-9

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring