Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsgivaravgift og finansskatt

Ekstra arbeidsgivaravgift - UTGÅTT

  • Oppdatert: 22.01.2025

Her får du hjelp til korleis du bereknar ekstra arbeidsgivaravgift, og kva informasjon du skal gi om ekstra arbeidsgivaravgift på lønn, naturalytingar m.m. i a-meldinga.

    Ordninga med ekstra arbeidsgjevaravgift er avvikla

    Ordninga med ekstra arbeidsgjevaravgift er avvikla frå og med 1. januar 2025. Det skal ikkje svarast ekstra arbeidsgjevaravgift av lønn og andre ytingar etter 2024.

    Rapportering av ekstra arbeidsgjevaravgift for lønn og godtgjersler for utbetalingar gjort i 2025 vil bli avvist. I 2025 er det berre tillate å rapportere frådrag i grunnlaget ved refusjon av sjukepengar mv. frå NAV. 

    Om du må korrigere rapporteringa av ekstra arbeidsgjevaravgift, skal du gjere det for månaden som er feil. 

    Denne rettleiinga er for deg som skal korrigere rapporteringa av ekstra arbeidsgjevaravgift, eller har fått refusjon frå NAV for ein periode der det er rekna ut ekstra arbeidsgjevaravgift. 

    Kort om ekstra arbeidsgivaravgift på lønn, naturalytingar m.m.

    Arbeidsgivar skal berekne ekstra arbeidsgivaravgift når alle avgiftspliktige lønnsytingar til ein inntektsmottakar går over det fastsette innslagspunktet for året for ei juridisk eining. Regelen vart sett i kraft 1. januar 2023 og vart avvikla 1. januar 2025. For 2024 er innslagspunktet 850 000 kroner. Avgifta er 5 prosent av grunnlaget som er over innslagspunktet. Arbeidsgivar har bereknings- og rapporteringsplikt frå det tidspunktet beløpsgrensa er nådd.

    Berekningskoden «ekstra arbeidsgivaravgift» skal brukast uavhenig av næring, og kjem i tillegg til andre berekningskodar.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Oppgi avgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift som eit særskilt grunnlag

    For ekstra arbeidsgiveravgift skal du gi opplysninger om:
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats 5 prosent

     

    Berekningskode

    Det er innført en egen berekningskode, oppgi «ekstraArbeidsgiveravgift».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftssats

    Satsen er 5 prosent i alle soner, også for arbeidsgivarar i kommunar som i dag har 0-sats for ordinær arbeidsgivaravgift.

     

    Avgiftsgrunnlag for ekstra arbeidsgiveravgift

    Du kan lese meir om berekninga av innslagspunktet for avgiftsgrunnlaget i artikkelen Fritak for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar eller andre trygdeytingar.Sjå kapittelet om ekstra arbeidsgivaravgift.

    1. Lønn og annen godtgjersle

    Den ekstra arbeidsgivaravgifta skal bereknast av det same grunnlaget som blir lagt til grunn for den ordinære arbeidsgivaravgifta. Den ekstra arbeidsgivaravgifta skal bereknast frå den kalendermånaden inntekta går over det fastsette innslagspunktet, og berre for den delen av inntekta som er over innslagspunktet. 

    Feriepengar som er opptente i 2022, men som blir utbetalte i 2023, skal vere del av berekningsgrunnlaget for den ekstra arbeidsgivaravgifta. Det same gjeld når bonus frå tidlegare år blir utbetalt i 2023.

    Du kan finne ut om ei yting skal vere med i grunnlaget for arbeidsgivaravgifta i oversikt over lønn og andre ytingar.

    Unntak for visse grupper

    • Plikta til å berekne ekstra arbeidsgivaravgift gjeld ikkje for
    • lønnsytingar til arbeidstakarar i lønnstrekkordninga på Svalbard og arbeidstakarar på Jan Mayen eller bilanda
    • medarbeidarar som er utsende til Noreg frå USA og Canada
    • sjøfolk i utanriksfart som bur utanfor Norden og som ikkje er statsborgarar i eit anna EØS-land og som er medlemmar i folketrygda etter folketrygdlova § 2-6 med fast avgiftssats.

     

    2. Tilskott og premie til pensjon frå arbeidsgivar

    Det skal ikkje bereknast ekstra arbeidsgivaravgift av arbeidsgivaren sin andel av premiebetaling og tilskott til kollektiv tenestepensjonsordning som er offentleg eller som er omfatta av skattelova § 6-46. Premiebetaling til fellesordninga for privat AFP er omfatta av unntaket frå ekstra arbeidsgivaravgift. Det same gjeld eingongsbeløp til avløysing av retten til pensjon i arbeidsforhold som ikkje er sikra ved premie og tilskott, og eingongspremie eller tilskott som blir innbetalt for å sikre retten til slik pensjon.

    Løpande pensjon som blir utbetalt direkte frå noverande eller tidlegare arbeidsgivar over drifta skal vere del av grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift.

     

    3.  Refusjoner fra NAV for forskutterte sjukepengar mv. 

    Du kan redusere grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift for refusjonar frå NAV når du har overstige innslagspunktet og du har byrja å berekne ekstra arbeidsgivaravgift. Det er ein føresetnad at ytinga er, eller vil bli, refundert frå NAV. Ein refusjon kan ikkje redusere grunnlaget for arbeidsgivaravgifta negativt, slik at det blir lågare enn null for ein inntektsmottakar.

    Skattedirektoratet har komme med ein prinsipputtale om fritaket for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivar forskotterer sjukepengar eller andre trygdeytingar. Uttalen får konsekvensar for arbeidsgivaren si rapportering av grunnlaget for arbeidsgivaravgifta og berekninga av arbeidsgivaravgifta. Du kan velje mellom å få fritak når du forskotterer ytingane, eller når ytingane blir refunderte frå NAV. Sjå prinsipputtalen frå Skattedirektoratet og korleis han skal praktiserast.

     

    Døme på rapportering av ekstra arbeidsgivaravgift

    Døma nedanfor viser berre rapportering av avgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift med innslagspunkt på 750 000 kroner og avgiftssats på 5 prosent. 

    Du må i tillegg oppgi andre obligatoriske opplysningar i a-meldinga.

    Døme når beløpsgrensa er nådd

    Dømet her gjeld for 2023. Innslagspunktet for ekstra arbeidsgivaravgift er 750 000 kroner.

    Petter har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 650 000 kroner. Lønna hans i august er 110 000 kroner. Arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 10 000 kroner i august. 

    I a-meldinga for august skal grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift rapporterast slik:

    I a-meldinga for august skal grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift rapporterast slik: 
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag 10 000 
    Avgiftssats 5 %

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Døme på når avgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift er mindre enn refusjonen frå NAV

    Jonas har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 650 000 kroner. Lønna hans i august er 110 000 kroner. Arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 10 000 kroner i august. Jonas sluttar i verksemda 31. august. Jonas var sjukmeld i april. I oktober får arbeidsgivar 20 000 kroner i refusjon frå NAV for april.

    Arbeidsgivar reknar ut innslagspunktet for den ekstra arbeidsgivaravgifta slik: Inntekt til og med august, 760 000 kroner, minus heile det refunderte beløpet på 20 000 kroner. Det er berekna ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 10 000 kroner før refusjonen frå Nav.

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Berekningskode Generelle næringer
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -20 000
    Avgiftssats 14,1%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Beregningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -10 000 
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Døme på når avgiftsgrunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift er meir enn refusjonen frå NAV

    Simen har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 700 000 kroner. Lønna hans for august er 100 000 kroner, og arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 50 000 kroner i august. Simen er sjukmeld tre veker i august. 

    I oktober får arbeidsgivar refusjon frå NAV på 45 000 kroner for Simen sin periode med sjukepengar i august. Det er berekna ekstra arbeidsgivaravgift med eit høgare beløp enn refusjonen, og heile beløpet kan derfor redusere grunnlaget for ekstra arbeidsgivaravgift.

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Beregningskode Generelle næringer
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -45 000
    Avgiftssats 14,1%

     

    I a-meldinga for oktober skal frådrag i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift rapporterast slik:
    Beregningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -45 000 
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

     

    Døme på når NAV endrar refusjonsbeløpet

    Elise har til og med juli ei avgiftspliktig lønn på 800 000 kroner. Lønna hennar i august er 80 000 kroner, og arbeidsgivar bereknar ekstra arbeidsgivaravgift av eit grunnlag på 80 000 kroner. Elise har tre veker med foreldrepermisjon i august.

    I oktober får arbeidsgivar 50 000 kroner i refusjon frå NAV for Elise sin periode med foreldrepengar i august. Fritak arbeidsgivaravgift gjennomførast på det tidspunktet refusjonen blir motteke frå NAV. 

    Arbeidsgivar får i desember eit korrigert refusjonsoppgjer frå NAV. Oppgjeret viser at arbeidsgivar får totalt 30 000 kroner i refusjon frå NAV for Elise sin periode med foreldrepengar i august. Den opphavlege refusjonen var derfor feil.

    I a-meldinga for oktober rapporterar dei frådraget i grunnlaget for ekstra arbeidsgiveravgift slik:
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -50 000
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    I a-meldingen for desember korrigerer de fradraget i grunnlaget slik: 
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag 20 000
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

     

    Døme på refusjon frå Nav ved årsskiftet 2023-2024

    Kaja har til og med november 2023 ei avgiftspliktig lønn på 1 150 000 kroner. Lønna hennar er 110 000 kroner i desember. Ho er i foreldrepermisjon heile desember og i ulønna permisjon frå januar 2024. Refusjon på 50 000 kroner for desember kjem i januar.

    I a-meldinga for desember 2023 blir grunnlaget for lønn og godtgjersle rapportert slik:
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag 110 000
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    I avgiftsgrunnlaget refusjonar frå NAV med berekningsskode ekstra arbeidsgiveravgift fører arbeidsgivaren ikkje opp noko i desember. Dette er likt som for den ordinære arbeidsgivaravgifta.

    I a-meldinga for januar 2024 blir avgiftsgrunnlaget for refusjonar frå NAV rapportert slik:
    Berekningskode ekstraArbeidsgiveravgift
    Sone sone 1
    Avgiftsgrunnlag -50 000
    Avgiftssats 5%

    I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.

    I avgiftsgrunnlaget lønn og godtgjersle med berekningsskode ekstra arbeidsgiveravgift fører dei ikkje opp noko i januar. Dette er likt som for den ordinære arbeidsgivaravgifta.

     

    Kva organisasjonseining skal du rapportere på?

    Du rapporterer ekstra arbeidsgivaravgift på ein av desse måtane:

    • på undereininga som arbeidsforholdet er knytt til, slik som for ordinær arbeidsgivaravgift
    • samla på undereininga der hovudeininga er registrert, sjølv om arbeidstakaren har fleire arbeidsforhold knytte til fleire registrerte undereiningar

    Frådrag i avgiftsgrunnlaget for refusjonar fra NAV må gjerast i avgiftsberekninga på den same undereininga som den ekstra arbeidsgiveravgifta opphavleg var berekna.

    Ved ambulerande verksemd er det ikkje nødvendig å fordele grunnlaget for arbeidsgivaravgifta for den ekstra arbeidsgivaravgifta på fleire soner.

    Merk at du reknar ut innslagspunktet samla for alle undereiningane i ei juridisk eining.

     

    Sum berekna ekstra arbeidsgivaravgift

    Summen av berekna ekstra arbeidsgivaravgift skal leggjast til sum berekna ordinær arbeidsgivaravgift. Dette er beløpet du skal betale i arbeidsgivaravgift.

     

    Når skal du rapportere

    Du skal gi opplysningar om arbeidsgivaravgift i a-meldinga kvar månad du oppgir lønn eller andre ytingar du reknar ut arbeidsgivaravgift av.

    Arbeidsgivaravgift av arbeidsgivar sitt tilskot og premie til pensjon, skal du føre opp i den kalendermånaden du har betalt heile tilskotet/premien.

    Refusjon av sjukepengar o.a. som fører til reduksjon av avgiftsgrunnlaget, skal du oppgi i den kalendermånaden du forskutterar ytelsen eller i den kalendermånaden du har motteke refusjonen frå NAV.

     

    Betaling

    Arbeidsgivere skal på eget initiativ betale den ekstra arbeidsgiveravgiften saman med betaling av ordinær arbeidsgivaravgift og etter dei same fristane.

    Se også utfyllende informasjon om korleis du betalar, kid-nummer og fristar for innbetaling av forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift.

     

    Rette feil

    Viktig informasjon

    Korrigering av ekstra arbeidsgiveravgift er avgrensa til

    • ekstra avgiftsgrunnlag for den eller dei månedane som er feil
    • inntektsmottakarane feilen gjeld
    • opprinnelig rapportert ekstra arbeidsgivaravgift på undereininga 

     

    Feilmeldingar som gjeld arbeidsgivaravgift

    MAGNET_EDAG-183
    Avgiftsgrunnlaget er negativt

    MAGNET_EDAG-183B
    Sum refusjonsgrunnlag er positivt

    MAGNET_EDAG-185
    Feil i arbeidsgiveravgift

    MAGNET_EDAG-197
    Oppgitt kombinasjon av utrekningskode, sone og sats er feil

    Dersom du har ført opp feil avgiftsgrunnlag, må du rette avgiftsgrunnlaget i a-melding for den månaden som er feil.

    Når du skal endre arbeidsgivaravgift som var rett oppgitt på leveringsfristen, men som har endra seg i etterkant.


    Dette gjeld til dømes endringar på grunn av:

    • medlemskap i trygdesystemet i eit anna land med tilbakeverkande kraft
    • køyrebok
    • stipend


    I slike tilfelle kan du velje kva for ein månad du gjer endringa i.

     

    Dersom endringa gjeld inneverande år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld

     

    Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende,
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.

     

    Dersom du skal endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar får etterbetalt ei yting, må du føre opp arbeidsgivaravgifta i den månaden etterbetalinga skjer.

    Skal du endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar har betalt tilbake ei yting, kan du velje kva for ein månad du endrar i.

    Dersom tilbakebetalinga gjeld inneverande år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld
       

    Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt,
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.

    Merk! 
    Beløpet som inntektsmottakaren har betalt tilbake må du rette i a-melding for den eller dei månadene feilen blei gjort. Det er berre når du skal endre arbeidsgivaravgifta at du kan velje månaden å endre i.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Hva bruker vi opplysningene til

    Skatteetaten bruker opplysningen "Sum beregnet arbeidsgiveravgift" til å kreve inn arbeidsgiveravgift. Beregningskoder, satser, soner og avgiftsgrunnlag brukes til å kontrollere summen du har oppgitt at du skal betale.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) bruker opplysningene til statistikkformål.

     

    Aktuelt regelverk

    • Folketrygdloven § 23-2

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 8-6

    • Stortingsvedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2024

    • Forskrift om ekstra arbeidsgiveravgift

    • Forskrift om avgifter til folketrygden for året 2023 for arbeidstakere utsendt til Norge fra Amerikas forente stater og Canada

    • Forskrift om fastsettelse av avgiftsgrunnlag og avgiftssatser i folketrygden for visse grupper medlemmer for året 2023

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring