Barnepensjon frå gammal IPS eller IPA UTGÅTT
Gjeld utbetalingar av barnepensjon frå gammal IPS eller IPA.
Nemninga gjeld ikkje lenger
Berre gyldig for perioden januar 2015 til og med desember 2023.
Barnepensjon reknas som kapitalinntekt frå og med januar 2024.
Skal du rapportere ei etterbetaling for tidligare år skal du bruke denne inntektsbeskrivelsen.
Kort om barnepensjon frå gammal IPS eller IPA
Før opp utbetaling av barnepensjon etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og etter pensjonsavtale etter skattelova (IPA). Barnepensjonen skal førast opp på barnet.
Unnatak:
Utbetaling av barnepensjon frå den nye ordninga om individuell sparing til pensjon, jf. FSFIN § 6-47 A, som tok til å gjelde 1. november 2017, skal du rapportere i RF 1301 (Grunnlagsdata – individuelle pensjonsordningar).
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, IPA eller IPS barnepensjon |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode (ved etterbetaling) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «IPA eller IPS barnepensjon».
Trekkpliktig
Du skal alltid føre opp ytinga som trekkpliktig, sjølv om du ikkje gjennomfører trekk.
Unnatak frå trekkplikta
Det er gitt eit særskilt trekkfritak for barnepensjon frå andre enn folketrygda, med mindre det etter same arbeidstakar og frå den same innretninga også blir utbetalt etterlatnepensjon til den som har foreldreansvar etter barnelova § 38.
Frivillig forskotstrekk i barnepensjon skal du som hovudregel rapportere med nemninga barnepensjon, sjå nærmare informasjon om forskottstrekk på barnepensjon.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Periode (gjeld berre ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.