Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar
  3. Oversikt over lønn og andre ytingar

Feriepengar

  • Oppdatert: 04.01.2019

Gjeld alle kontante ytingar for ferie.

    Kort om feriepengar

    Før opp kontante ytingar for ferie, uavhengig av korleis du bereknar feriepengane. Gjeld samla feriepengar uavhengig av om utrekninga er basert på prosentsats eller som eit ferietillegg til ordinær fastlønn.

    Du skal alltid føre opp feriepengar fullt ut og ikkje redusere for trekk i lønn for ferie.

    Ferielova skal sikre at arbeidstakaren får ferie kvart år.

    Feriepengane skal sikre at arbeidstakaren ikkje får inntektstap når det er ferie, fordi arbeidstakaren då ikkje har krav på lønn.

    Feriepengar som den avlidne har tent opp før dødsfallet, men som blir betalt ut etter dødsfallet, førar du opp som lønn etter dødsfall.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp x kroner
    Type lønn eller yting kontantyting, feriepengar
    Trekkplikt ja
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift ja/nei
    Skatte- og avgiftsregel dersom aktuelt
    Tilleggsinformasjon -

     

    Beløp

    Før opp bruttobeløpet.

     

    Feriepengar skal aldri reduserast, sjølv om du gjer trekk i lønn for ferie. Sjå òg trekk i lønn for ferie.

     

    Type lønn eller yting

    Før opp «kontantyting» og «feriepengar».

     

    Trekkpliktig

    Du skal alltid føre opp ytinga som trekkpliktig i a-meldinga, sjølv om du ikkje utfører forskotstrekk.

    Du skal ikkje gjennomføre forskotstrekk for:

    • feriepengar som blir utbetalte i ferieåret og som er utrekna etter ferielova
    • feriepengar som er utrekna etter tariffavtale så lenge feriepengane ikkje overstig 12,34 prosent av feriepengegrunnlaget

    Du skal alltid foreta forskotstrekk i feriepengar dersom arbeidstakar har eit skattekort med 12 månaders trekk, for ekempel eit skattekort med kjeldeskatt på lønn.

     

    Over 60 år

    For arbeidstakarar over 60 år med rett til ekstra ferie skal du ikkje gjennomføre forskotstrekk opp til 12,34 prosent. For tillegget på 2,3 prosent, som skal dekkje bortfallet av lønn ved den ekstra ferieveka, skal du gjennomføre forskotstrekk.

     

    Månadslønte

    For månadslønte som har hatt lønn hjå arbeidsgivaren i heile oppteningsåret, kan ein i staden gjennomføre trekkfritaket for ei vanleg månadslønn, og i feriepengetillegget.

    Er det fritak for trekk i ei månadslønn, omfattar trekkfritaket også:

    • verdien av bustad i arbeidsforhold
    • fordelen ved å bruke arbeidsgivaren sin bil privat
    • verdien av andre løpande naturalytingar


    Trekkfritaket gjeld ikkje:

    • Akkordoverskot
    • Overtidsgodtgjersle
    • Liknande tilleggsytingar

    Dersom arbeidstakaren berre har vore tilsett ein del av det føregåande året, kan ikkje arbeidsgivaren betale ut ei trekkfri månadslønn.

    Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

     

    Grunnlag for arbeidsgivaravgift

    Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.

    Unnatak:
    Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren

    • kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
    • er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn

    Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.

    Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.

    Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.

    Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.

     

    Skatte- og avgiftsregel

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Svalbard

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».

    Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».

    Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga

    Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.

    Sjå òg utfyllande informasjon om Jan Mayen og bilanda

    Skatte- og avgiftsregelen gjeld:

    • sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
    • når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.

    Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».

    Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk

     

    Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon, kan du bruke skatte- og avgiftsregelen:

    Dersom du sender a-melding for ein skattefri organisasjon (skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar som nemnt i skattelova § 2-32 første ledd), kan du markere lønna eller ytinga med "skattefri organisasjon".

    Gjer du dette, treng du ikkje vurdere om inntektsmottakaren kjem til å passere grensa for opplysningsplikta på 10 000 kroner i løpet av året. Ein må då nytte markeringa frå første krone og for utbetalingar heile året.

    Sjå òg utfyllande informasjon om skattefri organisasjon

     

    Tilleggsinformasjon

    Ingen tilleggsinformasjon.

     

    Oppteningsperiode (frivillig)

    Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

    Sjå òg utfyllande informasjon om oppteningsperiode

     

    Kva inngår i feriepengegrunnlaget

    Du skal rekne ut feriepengar av arbeidsvederlaget som er utbetalt i året før (oppteningsåret) ein tek ut ferien.

    Desse ytingane inngår i feriepengegrunnlaget:

    • vanleg lønn
    • bonusar/provisjonar
    • overtidsgodtgjersle
    • ulempe- og smusstillegg
    • skift- og akkordtillegg
    • sjukepengar som er utbetalt i arbeidsgivarperioden og sjukepengar inntil 10 dagar betalt av arbeidsgivaren ved barn eller barnepassar sin sjukdom (omsorgspengar)
    • heilt eller delvis fri kost (naturalyting)


    Desse ytingane inngår ikkje i feriepengegrunnlaget:

    • utgiftsgodtgjersler (bilhald, kost, losji)
    • utbetalte feriepengar
    • utdanningsstipend
    • del av nettoutbytte/overskot
    • fast godtgjersle som blir opptent og utbetalt uavhengig av fråvær på ferie (pensjonsinnskot, forsikringspremiar)
    • naturalyting (fri bil, fri telefon, rimeleg lån, fri bustad osv. – men fri kost inngår, jf. ovanfor)
    • styrehonorar o.a.

     

    Feriepengetillegget

    I staden for å avrekne alle feriepengane i éin månad, kan du betale ut feriepengane etter kvart som ferien blir teken ut. Den delen av feriepengane som overstig vanleg lønn i ferien, kan du utbetale som eit feriepengetillegg saman med vanleg lønn i juni etter føresegnene i ferielova.

     

    Talet på feriedagar

    Etter ferielova

    Arbeidstakaren har rett til 25 yrkedagar ferie/fritid kvart år. Ein arbeidstakar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, har rett til 6 dagar ekstra ferie, altså totalt 31 yrkedagar.

     

    Etter tariffavtale

    Arbeidstakarar som kjem inn under ein tariffavtale innanfor LO/NHO-området, statleg eller kommunal sektor eller andre mindre tariffområde, har fått utvida feriefritid til fem veker (30 yrkedagar) og seks veker for arbeidstakarar over 60 år (36 yrkedagar). Laurdag blir rekna som yrkedag.

     

    Oversikt

      Under 60 år Over 60 år
      ferielov tariffavtale ferielov tariffavtale
    5-dagarsveke 21 dagar 25 dagar 26 dagar 30 dagar
    6-dagarsveke 25 dagar 30 dagar  31 dagar  36 dagar 
    Sats for utrekning av feriepengar 10,2 %  12 %  tillegg 2,3 % inntil 6G (totalt 12,5 %)  tillegg 2,3 % inntil 6G (totalt 14,3 %) 
    Forskotstrekk trekkfritt  trekkfritt  tillegget er trekkpliktig  tillegget er trekkpliktig 

     Sjå òg trekk i lønn for ferie

     

    Når skal du rapportere

    Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-200
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
    MAGNET_EDAG-230B
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-243
    Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig 
    MAGNET_EDAG-298
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

    Sjå utbetalt for mykje

    Sjå utbetalt for lite / skal etterbetale

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot. For å kunne få eit korrekt grunnlag for ytingane i NAV, er det nødvendig å skilje ut feriepengar.

    Skatteetaten nyttar opplysningar om lønn og andre ytingar for å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-1

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Skattebetalingsloven § 5-6

    • Skattebetalingsloven § 5-7

    • Skattebetalingsloven § 5-8

    • Skattebetalingsforskriften § 5-7-1

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

    • Ferieloven

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring