Hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfartsfartøy
Gjeld hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfartsfartøy.
Kort om hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfartsfartøy
Før opp hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfartsfartøy.
Les meir om hyre i Skatte-ABC.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type lønn eller yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfangstfartøy |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og ei av desse lønnsytingane:
- Fastlønn
- Timelønn
- Faste tillegg
- Uregelrett tillegg knytt til arbeidd tid
- Helgedagstillegg
- Uregelrett tillegg knytt til ikkje-arbeidd tid
- Bonus
- Overtidsgodtgjersle
- Sluttvederlag
- Feriepengar
- Anna
- Trekk i lønn for ferie
- Honorar, akkord, prosent eller provisjonslønn
Trekk i lønn for ferie
Beløpet negativt. Denne nemninga skal berre nyttast saman med eit positivt beløp i fastlønn. Sjå Trekk i lønn for ferie.
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje berekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Arbeidsgivaravgift blir erstatta av produktavgift.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Nemning
Før opp «hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfangstfartøy». - For timelønn og overtidsgodtgjersle
Dersom du fører opp timelønn og overtidsgodtgjersle, skal du òg føre opp talet på timar.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om hyre til mannskap på fiske-, småkvalfangst- og selfartsfartøy til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk