Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Lønn og ytingar
  3. Oversikt over lønn og andre ytingar

Lønn og anna godtgjersle som ikkje er skattepliktig for ein person som er medlem av folketrygda

  • Oppdatert: 05.03.2019

Gjeld lønn og anna godtgjersle som ikkje er skattepliktig, men der mottakaren kjem inn under norske trygdereglar, som grensegjengarar, flypersonell med fleire.

    Kort om lønn og anna godtgjersle som ikkje er skattepliktig for ein person som er medlem i folketrygda

    Før opp lønn og anna godtgjersle som ikkje er skattepliktig for ein person som er medlem av folketrygda, for å fastsetje trygdeavgift og arbeidsgivaravgift

    Felles for personane dette gjeld, er at anten norsk intern rett eller ein skatteavtale fører til at inntekta ikkje er skattepliktig, men EØS-regelverket om trygdemedlemskap inneber at mottakaren kjem inn under norske trygdereglar.

    Dette gjeld til dømes:

    • Grensegjengarar som er busette i Sverige eller Finland og som arbeider i Noreg. Ein grensegjengar er ein person som er skattepliktig som busett i ein kommune som direkte grensar til riksgrensa mellom Noreg og Sverige eller mellom Noreg og Finland og som får lønn for arbeid utført i ein kommune som grensar direkte til den same riksgrensa. Grensegjengarar skal betale skatt i heimlandet sitt av lønn som er opptent i Noreg. Dette gjeld uansett om arbeidsgivaren er offentleg eller privat. Inntektsmottakar som har dokumentert overfor Skatteetaten at han fyller kravet for å vere grensegjengar, mottar eit skattekort med trygdeavgifta som skal betalast. 

    • Utanlandske arbeidstakarar som har norsk arbeidsgivar og som driv landtransport i to eller fleire EØS-land, under føresetnad av at lønna er opptent i utlandet. 

    • Flypersonell som er busett i utlandet med ein norsk arbeidsgivar og som utfører arbeid i to eller fleire EØS-land.

    • Personar som er skattemessig busette i eit anna nordisk land og som arbeider om bord i norskregistrerte fiskefartøy. Gjeld inntekt opptent både i og utanfor norsk territorialfarvatn.

    • Personar som er skattemessig busette i eit anna EØS-land som arbeider om bord i norskregistrerte fiskefartøy. Gjeld berre inntekt opptent utanfor norsk territorialfarvatn.

     

    Kva for opplysningar skal du oppgi

    Beløp x kroner
    Type lønn eller yting kjem an på type yting (sjå nedanfor)
    Trekkplikt ja
    Grunnlag for arbeidsgivaravgift  ja/nei
    Skatte- og avgiftsregel  -

    Tilleggsinformasjon:
     
    Nemning lønn og anna godtgjersle som ikkje er skattepliktig
    Antall timer for timelønn og overtidsgodtgjersle
    Skattemessig busett landkode

     

    Beløp

    Før opp bruttobeløpet.

     

    Type lønn eller yting

    Før opp «kontantyting» og ei av desse inntektene:

    • Fastlønn
    • Timelønn
    • Faste tillegg
    • Uregelrett tillegg knytt til arbeidd tid
    • Helgedagstillegg
    • Honorar, akkord, prosent eller provisjonslønn
    • Uregelrett tillegg knytt til ikkje-arbeidd tid
    • Bonus
    • Overtidsgodtgjersle
    • Sluttvederlag
    • Feriepengar
    • Anna
    • Trekk i lønn for ferie

     

    Trekkpliktig

    Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.

    Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.

     

    Grunnlag for arbeidsgivaravgift

    Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.

    For inntektsmottakarar som er busette i eit anna EØS-land og som jobbar om bord i norskregistrerte fiskefartøy, kjem produktavgifta til å erstatte arbeidsgivaravgifta. 

    Unnatak:
    Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren

    • kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
    • er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av trygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn

     

    Skatte- og avgiftsregel

    Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.

     

    Tilleggsinformasjon

    • Nemning
      Før opp «Lønn og anna godtgjersle som ikkje er skattepliktig».

    • Talet på timar
      Dersom du rapporterer timelønn eller overtidsgodtgjersle, skal du òg føre opp talet på timar.

    • Skattemessig busett
      Oppgi landkoden for kvar inntektsmottakaren er skattemessig busett. 

     

    Oppteningsperiode (frivillig)

    Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.

    Sjå òg utfyllande informasjon om oppteningsperiode

     

    Når skal du rapportere

    Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-114
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-114B
    Ugyldig verdi for denne kalendermånaden
    MAGNET_EDAG-200
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig
    MAGNET_EDAG-230B
    Ugyldig verdi
    MAGNET_EDAG-243
    Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig 
    MAGNET_EDAG-298
    Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig

    Sjå tasta feil beløp

    Sjå gitt feil nemning

    Sjå utbetalt for mykje

    Sjå utbetalt for lite / skal etterbetale

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    NAV brukar opplysningar om lønn og ytingar til å rekne ut dagpengar og for å kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.

    Skatteetaten brukar opplysningar for å fastsetje rett trygdeavgift og arbeidsgivaravgift.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 7-2

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-1

    • Skatteforvaltningsforskriften § 7-2-9

    • Skattebetalingsloven § 5-6

    • Skattebetalingsloven § 5-8

    • Folketrygdloven § 23-2

    • Folketrygdloven § 25-10

    • Folketrygdloven § 21-4

    • Statistikkloven § 10

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring