Losji til pendlar
Gjeld fordel ved fritt losji til pendlar.
Kort om losji til pendlar
Før opp fordelen ved fritt losji (mellom anna refusjon) som blir ytt til pendlar. Gjeld fordel ved å bu i eitt rom åleine eller samen med andre.
Du skal leggje Skattedirektoratet sine satsar for fritt losji til grunn ved verdsettinga.
Bur pendlaren i meir enn eitt rom skal du føre dette som bustad til pendlar
Fordelen ved å bu i eitt rom åleine eller samen med andre når det ikkje er ein pendlar skal du føre som fritt losji.
Fordelen ved å bu i meir enn eitt rom når det ikkje er ein pendlar skal du føre opp som fri bustad.
Du skal ikkje bruke nemninga for utanlandske arbeidstakarar som har eit skattkort med kjeldeskatt på lønn.
Ein norsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i Noreg,
- pendlar mellom bustad i Noreg og bustad i Noreg eller utlandet og
- har krav på frådrag for meirutgifter ved arbeidsopphald utanfor heimen.
Ein utanlandsk pendlar er ein person som:
- er skattemessig busett i utlandet,
- pendlar mellom bustad i utlandet og bustad i Noreg og
- er utanlandsk arbeidstakar som pendlar frå EØS-land og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn, eller
- utanlandsk arbeidstakar med avgrensa skatteplikt til Noreg som pendlar frå eit land utanfor EØS og som ikkje har hatt skattekort med standardfrådrag og som ikkje har skattekort med kjeldeskatt på lønn.
Sjå òg Skatte-ABC om pendlar med heim i utlandet
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, losji |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på døgn |
Nemning | norsk pendlar, eller utanlandsk pendlar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «losji».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Tal
Før opp talet på døgn. - Nemning
Før opp nemninga «norsk pendlar» eller «utanlandsk pendlar».
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har gitt ho.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om losji til pendlar til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk