Nettolønnsordning, trekkpliktige naturalytingar for arbeid utført i utlandet
Gjeld fordelen (verdien) av trekkpliktige naturalytingar gitt til arbeidstakar med nettolønnsordning for arbeid utført i utlandet.
Kort om naturalytingar ved nettolønnsordning
Før opp fordelen (verdien) av trekkpliktige naturalytingar gitt til arbeidstakar med nettolønnsordning, for arbeid utført i utlandet.
Du skal berre spesifisere om det er skattepliktig personalrabatt, bil, bustad eller yrkesbil. Andre naturalytingar skal du føre opp som «anna».
Trekkpliktige naturalytingar skal inngå i oppgrossingsgrunnlag når ein reknar om frå nettolønn til bruttolønn.
Du skal òg føre opp samla utrekna skatt og betalt utanlandsk skatt som eigne kontantytingar.
Nettolønnsordning er når:
- arbeidstakaren har inngått ein avtale med arbeidsgivar om fast netto utbetalt lønn og andre ytingar og/eller
- arbeidsgivaren har forplikta seg heilt eller delvis å betale inn skatt og trygdeavgift for arbeidstakaren
All lønn og andre ytingar som inngår i nettolønnsordning, skal du markere med «nettolønn» slik at det blir handsama etter eigne skatte- og avgiftsreglar.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type inntekt | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | nettolønn eller nettolønn for sjøfolk |
Tilleggsinformasjon: |
|
Annen tilleggsinformasjon | kjem an på type yting (sjå nedanfor) |
Beløp
Før opp nettoverdi før oppgrossing (oppgrossingsgrunnlag).
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og ein av desse ytingane:
- bil
- yrkebilTenestleg behovListepris
- yrkebilTenestleg behovKilometer
- bustad
- skattepliktig personalrabatt
- anna
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du treng ikkje å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren ikkje er medlem av norsk trygd. Dette gjeld til dømes når inntektsmottakaren
- er omfatta av trygdelovgivinga i eit anna land etter ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er utanlandsk statsborgar som ikkje er medlem av folketrygda og arbeidet er utført i utlandet
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Før opp den skatte- og avgiftsregelen som er aktuell:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som er underlagde nettolønnsavtalar
Arbeidsgivaren skal då dekkje den skatten som fell på lønna eller ytinga og fører til at samla netto ytingar må «grossast» opp for å kome fram til rett brutto inntekt.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn».
Skatte- og avgiftsregelen gjeld sjøfolk som:
- er underlagde nettolønnsavtalar, og
- som òg har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «nettolønn og særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Sjå òg utfyllande informasjon om nettolønn
Tilleggsinformasjon
- For bil, før opp:
Listepris
Registreringsnummer eller bilpool
Landkode for oppteningsland - For yrkesbil ved tenestleg behov (listepris), før opp:
Listepris
Registreringsnummer
Landkode for oppteningsland
For 2016: Før opp «utanfor standardregelen = nei»
For 2017: Det er frivillig å føre opp «utanfor standardregelen = nei»
For 2018: Du skal ikkje føre opp «utanfor standardregelen = nei» - For yrkesbil ved tenestleg behov (kilometer), før opp:
Talet på kilometer
Registreringsnummer
Landkode for oppteningsland - For bustad, før opp:
Landkode for oppteningsland - For skattepliktig personalrabatt, før opp:
Landkode for oppteningsland - For anna, før opp:
Landkode for oppteningsland
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har gitt ytinga til arbeidstakaren.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å førehandsutfylle skattemeldinga og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk