Opsjonar – naturalytingar
Gjeld når tilsette får ein fordel når dei løyser inn opsjonar og fordelen er ei naturalyting, til dømes aksjar.
Kort om opsjonar – naturalytingar
Før opp fordel ved innløysing av opsjonar (naturalyting) i arbeidsforhold.
Innløysing er her når ein nyttar seg av retten til å kjøpe eller få aksjar eller eigenkapitalbevis. Som ein slik rett reknar ein både retten til å erverve eksisterande aksje eller grunnfondsbevis og retten til å teikne aksje eller grunnfondsbevis ved ein seinare emisjon.
Skattefritak ved generell ordning
Skattefritaket ved kjøp av aksjar til underkurs er opphevet fra og med 2022. Fordel ved kjøp av aksjar til underkurs er skattepliktig fullt ut.
Opsjonar til tilsette i oppstarts- og vekstselskap
Frå 2022 blir det innført ein ny modell for skattlegginga av tilsetteopsjonar i selskap som kvalifiserer under ordninga. I den nye modellen vil verken tildelinga eller innløysinga av opsjonane utløyse skatteplikt. Skatteplikt eller frådragsrett oppstår først når aksjane blir realiserte. Skattlegging følgjer aksjonærmodellen når aksjene blir realiserte, jf. skattelova §§ 10-30 flg. Ordninga erstattar den særskilde opsjonsskatteordninga for små oppstartsselskap, som vart innført frå 1. januar 2018. Det er innført ei overgangsordning slik at opsjonar som er utskrivne etter ordninga frå 2018 blir overførte til den nye ordninga. Det er særskilde vilkår knytt til arbeidsgivar (selskapet), opsjonen og arbeidstakar, sjå FSFIN § 5-14-12, og til rapporteringa.
Opsjonar i arbeidsforhold som er omfatta av den nye modellen skal ikkje skattleggast som lønnsinntekt og skal ikkje rapporterast i a-meldinga.
Sjå òg Skatte-ABC om finansielle instrument – opsjonar i arbeidsforhold
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, opsjonar |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon | - |
Beløp
Før opp den skattepliktige fordelen.
Slik reknar du ut skattepliktig fordel: | |
Omsetningsverdi | |
- | Innløysingspris |
- | Kostpris (opsjonspremie) |
= | Skattepliktig fordel |
Det er den pårekna salsverdien til det underliggjande objektet som blir lagt til grunn for omsetningsverdien.
Overgangsreglar for opsjonar erverva i inntektsåra 1996-2001. Slik reknar du ut skattepliktig fordel: |
|
Omsetningsverdi | |
- | Innløysingspris |
- | Kostpris (opsjonspremie) |
- | Tidlegare skattlagt fordel ved erverv |
= | Skattepliktig fordel |
Det er den pårekna salsverdien til det underliggjande objektet som blir lagt til grunn for omsetningsverdien.
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «opsjonar».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
Ingen tilleggsinformasjon.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp fordelen den kalendermånaden inntektsmottakaren har løyst inn opsjonen og kjøpt aksjar eller grunnfondsbevis.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om fordel ved innløysing av opsjonar til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk