Uførepensjon (uføreytingar) frå andre enn folketrygda
Gjeld uførepensjon (uføreytingar) frå andre enn folketrygda.
Kort om uførepensjon (uføreytingar) frå andre enn folketrygda
Før opp uførepensjon (uføreytingar) frå andre enn folketrygda.
Gjeld:
- uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar
- uføreytingar frå tenestepensjonsordningar i privat sektor
- kollektive livrenteavtalar inngått før 2007
Nye nemningar
Frå 1. januar 2015 heiter:
Uførepensjon frå folketrygda: uføretrygd
Uførepensjon frå andre enn folketrygda: uføreytingar
Nemninga uførepensjon blir òg framleis nytta.
Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal frå 1. januar 2015 skattleggjast som lønn.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, uførepensjon frå andre enn folketrygda |
Trekkpliktig | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Uføregrad | x prosent (skal ikkje førast opp frå 2019) |
Periode (etterbetalingar) | startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «uførepensjon frå andre enn folketrygda».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Unnatak:
Ytinga kan inngå i grunnlaget for arbeidsgivaravgift dersom ho blir betalt av ein tidlegare arbeidsgivar over drifta. Dersom pensjonen byrja å gjelde før 1. januar 1988, skal ho likevel ikkje med i grunnlaget når ein reknar ut arbeidsgivaravgift.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Uføregrad
Oppgi uføregrad i prosent.
2018: frivillig å oppgi
2019: skal ikkje førast opp - Periode (ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Dersom du skal etterbetale, skal du oppgi beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet. Dersom etterbetalinga består av ulike månadlege beløp, skal du dele opp beløpet og oppgi etterbetalingsperiode for kvart av beløpa som er forskjellig.
Innafor samme inntektsår
Dersom etterbetalinga er for månader som er innafor same kalenderår, og det månadlege beløpet er likt alle månadene i etterbetalingsperioda, kan du rapportere beløpet samla.
Døme
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2022 til 31. desember 2022. Etterbetalinga er innafor same inntektsår. Det månadlege beløpet er det same i heile etterbetalingsperioda.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalingen strekker seg over fleire inntektsår, skal du oppgi etterbetalingsbeløpet per inntektsår.
Døme
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2020 til 31. desember 2021.
2020 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2020 til 31. desember 2020 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2021 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-248 Ulogisk periode |
MAGNET_EDAG-260 Start- og sluttdato for etterbetalingsperiode må vere innanfor same år |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.