Utanlandske sjøfolk som er trygda i Noreg utan å vere skattepliktige
Gjeld ytingar til sjøfolk som er skattemessig busette i utlandet, tilsette på NIS-skip og som er trygda i Noreg.
Kort om utanlandske sjøfolk som er trygda i Noreg utan å vere skattepliktige
Før opp ytingar til sjøfolk som er
- skattemessig busette i utlandet,
- tilsette på NIS-skip, og
- trygda i Noreg
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kjem an på type lønn eller yting (sjå nedanfor) |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon |
|
Nemning | utanlandske sjøfolk som ikkje er skattepliktige |
Talet på timar | for timelønn og overtidsgodtgjersle |
Skattemessig busett | landkode |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og ei av desse lønnsytingane:
- Fastlønn
- Timelønn
- Faste tillegg
- Uregelrett tillegg knytt til arbeidd tid
- Helgedagstillegg
- Uregelrett tillegg knytt til ikkje-arbeidd tid
- Bonus
- Overtidsgodtgjersle
- Sluttvederlag
- Feriepengar
- Tips
- Anna
- Trekk i lønn for ferie
Trekk i lønn for ferie
Beløpet negativt. Denne nemninga skal berre nyttast saman med eit positivt beløp i fastlønn. Sjå Trekk i lønn for ferie.
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsregelen:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Nemning
Før opp «utanlandske sjøfolk som ikkje er skattepliktige» - Talet på timar
Dersom du fører opp timelønn og overtidsgodtgjersle, skal du òg føre opp talet på timar - Skattemessig busett
Før opp landkoden for kvar inntektsmottakaren er skattemessig busett
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om ytingar til sjøfolk som er skattemessig busette i utlandet, tilsette på NIS-skip og som er trygda i Noreg, til å fastsetje inntekt. Beløpet skal summerast med andre ytingar og overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk