Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsforholdet
  3. Opplysningar om arbeidsforholdet

Talet på timar per veke som svarar til ei full stilling

  • Oppdatert: 15.09.2022

Ei full stilling svarar vanlegvis til 37,5 timar i veka. Skiftarbeidarar og andre kan ha eit anna timetal for full stilling.

    Kort om talet på timar per veke som ei full stilling svarar til

    Før opp talet på arbeidstimar per veke som utgjer ei fulltidsstilling i eit tilsvarande arbeidsforhold. Trekk frå ubetalt matpause. Ikkje juster for eventuell overtid, fråvær, meirtid osv.

     

    Døme

    Jacob, William og Kari er tilsette i ei verksemd der talet på timar som ei full stilling svarar til er 37,5 per veke.
    • Jacob jobbar i 100 prosent stilling. Før opp talet på timar per veke som svarar til ei full stilling = 37,5
    • William jobbar deltid i 80 prosent stilling. Før opp talet på timar per veke som svarar til ei full stilling = 37,5
    • Timetalet Kari jobbar, varierer frå veke til veke. Før opp talet på timar per veke som svarar til ei full stilling = 37,5

    Emma jobbar i 80 prosent stilling i heilkontinuerleg skiftarbeid. Før opp talet på timar per veke som svarar til ei full stilling = 33,6

    Svein jobbar i ein kiosk som har ope fire timar dagleg mandag til fredag. Før opp talet på timar per veke som svarar til ei full stilling = 37,5

     

    Er det obligatorisk

    Ja, du må føre opp talet på timar for alle ordinære og maritime arbeidsforhold.

    Det er frivillig for frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar.

    Du skal ikkje føre opp talet på timar dersom type arbeidsforhold er pensjon eller andre ytingar utanfor arbeidsforhold.

     

    Når skal du rapportere

    Før opp talet på timar den første gongen du rapporterer arbeidsforholdet og ta denne oppatt kvar månad til og med månaden du avsluttar arbeidsforholdet.

     

    Er timar for ei fulltidsstilling ukjent

    Du kan bruke 37,5 dersom talet på timar ei fulltidsstilling utgjer er ukjent. Du skal ikkje føre opp 0 timar. 37,5 timar nyttar ein til dømes der det ikkje er vanleg å jobbe fulltid, slik som avisbod, eksamensvakter, støttekontaktar o.l.

    37,5 timar blir rekna som ei normal arbeidsveke i Noreg.

     

    Undervisningspersonale

    For lærarar skal ein vanlegvis oppgi 37,5 timar som talet på timar ei full stilling svarar til. Ikkje bruk talet på undervisningstimar.

     

    Avlastar

    Avlastar kan ha skriftleg avtale med arbeidsgivar om arbeidstid inntil 60 timar per veke. Har du fått feilmelding på avlastar som har avtale om arbeidstid på meir enn 45 timar per veke, kan du sjå bort frå feilmeldinga. Du treng ikkje å rette opp eller sende ny a-melding.

    Dette gjeld arbeid som oppfyller plikta til kommunane etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 første ledd nr. 2 eller barnevernlova, når avlastinga skjer utanfor institusjon og avlastaren blir rekna som arbeidstakar etter arbeidsmiljølova § 1-8. Sjå eiga forskrift om arbeidstid for avlastere § 1.

     

    Når ein arbeidstakar bytte jobb

    Dersom personen har bytt jobb i verksemda og dette gjer at talet på timar som full stilling svarar til blir endra, fører du opp dette i den første månaden endringa gjeld frå.

    Merk!
    Oppgi timar som er standarden for talet på timar fulltid i den aktuelle typen jobb. Den faktiske arbeidstida for arbeidsforholdet går fram av det du oppgir som stillingsprosent.

     

    Døme

    Frida jobba fram til mai som vaktmeister i 80 prosent stilling. Talet på timar som svarar til ei full stilling er 37,5 timar.

    Frå og med mai går ho over til ein jobb som driftsoperatør (kjemisk prosessindustri) med 80 prosent stilling og arbeidstidsordning heilkontinuerleg skiftarbeid 33,6 timar t/u. Talet på timar som svarar til ei full stilling er 33,6.

     

    Rette feil

    MAGNET_EDAG-187-4
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-187-7
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-235
    For arbeidstidsordninga "offshore336" skal talet på timar per veke for full stilling vere mellom 28 og 33,6
    MAGNET_EDAG-235-2
    For arbeidstidsordninga "helkontinuerligSkiftOgAndreOrdninger336" skal talet på timar per veke for full stilling vere mellom 28 og 33,6
    MAGNET_EDAG-235-3
    For arbeidstidsordninga "døgnkontinuerligSkiftOgTurnus355" skal talet på timar per veke for full stilling vere 35,5
    MAGNET_EDAG-235-4
    For arbeidstidsordninga "skift365" skal talet på timar per veke for full stilling vere 36,5
    MAGNET_EDAG-235-5
    Talet på timar per veke for ei full stilling er høgare enn tillate
    MAGNET_EDAG-273
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet
    MAGNET_EDAG-275
    Opplysningar om arbeidsforholdet er feil
    MAGNET_EDAG-291
    Det manglar opplysningar om arbeidsforholdet

    Sjå òg oversikta over feilmeldingane

    Har du gløymt å føre opp eller ført opp feil timar og ikkje fått feilmelding på dette i tilbakemelding (A03), kan du rette feilen i neste a-melding. Du treng ikkje endre tidlegare innsende a-meldingar.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

     

    Kva nyttar vi opplysningane til

    Opplysningane blir nytta av NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB) for å rekne ut stillingsprosent for timelønte eller talet på timar per veke for fastlønte. Informasjonen er viktig for statistikk om lønningar og arbeidstid.

    Opplysningar om talet på timar per veke som ei full stilling svarar til blir overførte til Aa-registeret.

     

    Aktuelt regelverk

    • Folketrygdloven § 25-1

    • Forskrift om AA-registeret § 6

    • Statistikkloven § 10

    • Forskrift om opplysningsplikt til lønnsstatistikken

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring