Hopp til hovedinnhold
  • Kontakt oss
  • Endre skriftstorleik

    Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
    Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

  • Nynorsk
    • Bokmål
    • English
    • Nynorsk
  • Logg inn
  • Logg ut
Startsida til Skatteetaten
Startsida til Skatteetaten
Til a-meldinga

Rettleiinga til a-meldinga

Lukk Søk
Rettleiinga til a-meldinga

Innholdsmeny

Framsida av rettleiinga
  • Feilmeldingar (MAGNET/EDAG) og tilbakemelding Liste over feilmeldingar, tilbakemelding og korleis rette feil
    • Oversikt over feilmeldingar (MAGNET/ EDAG) Alvorsgrad og korleis rette feil
    • Tilbakemelding Kva er ei tilbakemelding
    • Erstatningsmelding eller ny a-melding To måtar å sende a-melding på når du skal rette
  • Organisasjonsnummer Arbeidsgivar, pensjonsselskap eller andre du sender a-meldinga for
    • Organisasjonsnummer for hovedeininga og organisasjonsnummer for undereiningar Kva for nummer skal du bruke når du sender a-meldinga
    • Organisasjonsledd i offentleg sektor Gjeld offentleg sektor
  • Pensjonsinnretning (obligatorisk tenestepensjon) Private arbeidsgivarar skal oppgi pensjonsselskap eller pensjonskasse dei har inngått avtale om sparing med
  • Fødselsnummer, D-nummer eller internasjonal ID (inntektsmottakar) Identifiser tilsette, pensjonistar og andre som tek imot lønn og ytingar
  • Arbeidsforholdet Type arbeidsforhold, start og sluttdato, permisjon, byte lønnssystem med meir
    • Type arbeidsforhold Om arbeidsforholdet er ordinært, maritimt eller anna og korleis endre om noko er feil
      • Ordinært arbeidsforhold Tilsett som tek imot lønn (gjeld dei aller fleste)
      • Maritimt arbeidsforhold Tilsett som jobbar til sjøs, på fartøy eller flyttbar innretning
      • Unnatak for ordinære og maritime arbeidsforhold Døme på når du ikkje treng å gi opp opplysningar om ordinært eller maritimt arbeidsforhold.
      • Pensjon eller andre ytingar Person som tek imot pensjon eller andre ytingar utan å vere tilsett eller i oppdrag
      • Frilansar, oppdragstakar og personar som tek imot honorar Person som jobbar på oppdrag utan å vere tilsett
      • Vel rett arbeidsforhold Når du er usikker på kva for eit arbeidsforhold du skal velje
      • Endre type arbeidsforhold Døme på korleis du byter frå eitt arbeidsforhold til eit anna
    • Opplysningar om arbeidsforholdet Start og sluttdato, stillingsprosent, permisjon og andre opplysningar
      • Startdato på arbeidsforhold
      • Sluttdato på arbeidsforhold
      • Årsak til sluttdato
      • Stillingsprosent
      • Datoen stillingsprosenten blei endra
      • Timar per veke for full stilling
      • Arbeidstidsordning
      • Datoen lønna blei endra
      • Tilsetjingsform
      • Lønnsansiennitet
      • Lønnstrinn
      • Yrkeskode
      • ArbeidsforholdsID
      • Permisjon
      • Permittering
      • Avlønningstype
    • Særskilde forhold Byte lønnssystem, fusjon, oppkjøp, med meir
      • Arbeidsforhold ved lønn til tilsette som har slutta
      • Byte lønnssystem
      • Byte jobb hjå same arbeidsgivar
      • Fisjon
      • Fusjon
      • Oppkjøp, eigarskifte eller overdraginga av verksemd
      • Endringar i kommune- eller fylkesstruktur
  • Lønn og ytingar Kontantyting, utgiftsgodtgjersle, naturalytingar,trygd, pensjon med meir
    • Oversikt over lønn og andre ytingar Nemningar for lønn og andre ytingar du kan bruke
    • Rette feil i lønn og ytingar Feil beløp eller nemning, utbetalt for mykje eller for lite
  • Frådrag Fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar og andre frådrag
    • Fagforeiningskontingent
    • Premie til pensjonsordningar
    • Premie til utanlandske pensjonsordningar
    • Premiar til fond og trygd
    • Brakkeleige
  • Forskotstrekk Korleis ein skal føre opp trekkplikt, rekne ut og betale forskotstrekk
  • Utleggstrekk Korleis oppgi utleggstrekk, rekne ut og betale utleggstrekk
  • Arbeidsgivaravgift og finansskatt Korleis rekne ut, kva du skal føre opp og betale
    • Arbeidsgivaravgift Utrekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Ekstra arbeidsgiveravgift Berekningskodar, satsar, soner og betaling
    • Finansskatt på lønn Gjeld finans- og forsikringssektoren
  • Særskilde grupper Utland, sjøfolk, skattefri organisasjon, kjeldeskatt på pensjoner, nettolønn, Jan Mayen og Svalbard
    • Utland Utanlandske arbeidsgivarar med oppdrag i Noreg
    • Utanlandsforhold Norske arbeidsgivarar med tilsette i utlandet
    • Nettolønn For arbeidsgivar som har tilsette med nettolønn
    • Kjeldeskatt på lønn
    • Kjeldeskatt på pensjonar Skatt på pensjon til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg
    • Særskilt frådrag for sjøfolk For sjøfolk som har krav på eit eige frådrag
    • Skattefrie organisasjonar Korleis ein skal føre opp lønn og ytingar for tilsette i skattefrie organiasjonar
    • Svalbard For personar som kjem inn under Svalbardskattelova
    • Jan Mayen og dei norske bilanda i Antarktis For personar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova
  1. Rettleiinga til a-meldinga
  2. Arbeidsgivaravgift og finansskatt

Arbeidsgivaravgift i a-meldinga

  • Oppdatert: 22.01.2025

Korleis du reknar ut og kvar for opplysningar du skal gi om arbeidsgivaravgifta i a-meldinga.

    Nytt frå 2025

    Ordninga med ekstra arbeidsgijevaravgift er avvikla frå og med 1. januar 2025. Det skal ikkje svarast ekstra arbeidsgivaravgift av lønn og andre ytingar etter 2024.

    Rapporterer du ekstra arbeidsgivaravgift for lønn og godtgjersler for utbetalingar gjort i 2025, vil a-meldinga bli avvist. I 2025 er det berre tillate å rapportere frådrag i grunnlaget ved refusjon av sjukepengar m.m. frå NAV. Sjå også ekstra arbeidsgivaravgift.

    Rapportering av samla grunnlag under opplysningsplikt 

    Gjelder rapportering av lønn som ikkje er opplysningspliktig, men arbeidsgivaravgiftspliktig. Når du utbetaler lønn til ein person som er under opplysningsplikt, skal det reknast ut og betalast arbeidsgivaravgift. Frå 2025 skal du spesifisere kor stort avgiftsgrunnlaget som er under opplysningsplikta i a-meldinga er, og dermed forklare differansen som oppstår mellom lønna som er rapportert og kva som er med i avgiftsgrunnlaget.

     

    Kort om arbeidsgivaravgift i a-meldinga

    Som arbeidsgivar har du ansvar for å rekne ut og betale arbeidsgivaravgift. Arbeidsgivaravgifta reknar ein ut av brutto lønn til dei tilsette.

    Kva sats du kan bruke for å rekne ut arbeidsgivaravgifta kjem an på:

    • sone – i kva for ein grunnkrets for arbeidsgiveravgift verksemda har hovudkontoret sitt. På grunn av regionreforma er det ikkje lenger ein éin til én-forhold mellom arbeidsgivaravgiftssone og kommune frå 2020, sjå arbeidsgivaravgift - soneinndelinga for ei nærare oversikt over sone og sats. Soner for arbeidsgivaravgift er også tilgjengelege på Norgeskart.no.  
    • utrekningskode – kva type næring du driv

    Føretak som er i økonomiske vanskar etter ESA sine retningslinjer om statsstøtte til føretak i vanskar, må bruke den høgaste satsen i alle soner. Dersom du brukar redusert sats stadfestar du samtidig at du ikkje er i økonomiske vanskar.


    Det finst sju ulike utrekningskodar:

    • generelle næringar
    • helseføretaka og delar av statsforvaltinga
    • jord- og skogbruk, fiskeri osv.
    • berre rapportering av forskotstrekk
    • lønnstrekk for Svalbard
    • sektorunnateken aktivitet
    • godstransport på veg


    I a-meldinga skal du gi opplysningar om korleis du reknar ut arbeidsgivaravgifta og beløpet du skal betale.

    Du skal òg markere om den einskilde typen lønn og yting skal med i grunnlaget for arbeidsgivaravgift. Sjå nærare omtale av dette på kvar einskild lønn og yting.

    Ønskjer du utfyllande informasjon, kan du sjå generell informasjon om arbeidsgivaravgift.

    Sjå også Skattedirektoratets melding Arbeidsgiveravgift til folketrygden for 2025.

     

    Generelle næringar

    Dei fleste arbeidsgivarar skal rekne ut arbeidsgivaravgift ut ifrå generelle næringar.

    For generelle næringar skal du gi opplysningar om: 

    Utrekningskode generelle næringar
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «generelle næringar».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er tre typar avgiftsgrunnlag:

    • arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
    • arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
    • refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget


    Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.

    Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.

     

    Avgiftssats

    Oppgi avgiftssats.

     

    Sone Avgiftssats Avgiftssats
      Fribeløp er ikkje brukt opp (differensiert sats) Fribeløp er brukt opp (høg sats)
    1 14.1  
    1a 10.6 14.1
    2 10.6  
    3 6.4  
    4 5.1  
    4a 7.9  
    5 0  

     

    Sone 1a

    For arbeidsgivarar i sone 1a er fribeløpet på 850 000 kroner. Ønskjer du utfyllande informasjon, kan du sjå fribeløp og bagatellmessig støtte.

    Dersom fribeløpet ikkje er brukt opp: Før opp 10,6 prosent

    Dersom fribeløpet er brukt opp: Før opp sats 14,1 prosent

    Merk at frå 2024 har ikkje abeidsgivarar som driv med godstransport på veg eiget særskild fribeløp. Denne gruppa skal kan frå januar 2024 velge å bruke berekningskoden generelle næringar. 

    Andre soner

    For arbeidsgivarar i andre soner kan ein sjå i tabellen over for å finne rett sats.

     

    Andre næringar

    Gjeld arbeidsgivarar i føretak som kjem inn under helseføretakslova, og for dei delane av statsforvaltinga som ikkje kjem inn under ordninga med sentralt oppgjer.

    For helseføretaka og delar av statsforvaltinga skal du gi opplysningar om:
    Utrekningskode helseføretaka og delar av statsforvaltinga
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «helseføretaka og delar av statsforvaltinga».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er tre typar avgiftsgrunnlag:

    • arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
    • arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
    • refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget

    Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.

    Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.

     

    Avgiftssats

    Oppgi avgiftssats.   

    Sone Avgiftssats
    1 14.1
    1a 14.1
    2 10.6
    3 6.4
    4 5.1
    4a 7.9
    5 0

    Gjeld arbeidsgivarar som driv verksemd innanfor jordbruk, skogbruk, fiskeri osv.

    For jord- og skogbruk, fiskeri osv. skal du gi opplysningar om:
    Utrekningskode jord- og skogbruk, fiskeri osv.
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «jord- og skogbruk, fiskeri osv.».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftsgrunnlag

    • arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
    • arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
    • refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget

     

    Avgiftssats

    Oppgi avgiftssats.   

    Sone Avgiftssats
    1 14.1
    1a 10.6
    2 10.6
    3 6.4
    4 5.1
    4a 5.1
    5 0

    Gjeld arbeidsgivarar i statsforvaltinga som har forenkla oppgjer for arbeidsgivaravgift.

    Dette inkluderer til dømes: 

    • departement
    • etatar
    • direktorat
    • tilsyn, råd
    • Statistisk sentralbyrå
    • Statens vegvesen
    • Jernbaneverket
    • Kystverket
    • Statens lånekasse
    • Statens husbank

     

    For statsforvaltinga som berre rapporterer forskotstrekk, skal du gi opplysningar om:
    Utrekningskode berre rapportering av forskotstrekk
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag 0 kroner
    Avgiftssats 0 prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «berre rapportering av forskotstrekk».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Oppgi avgiftsgrunnlag med 0.

     

    Avgiftssats

    Før opp 0 prosent.

    Gjeld heimehøyrande på Svalbard og andre arbeidsgivarar som betaler ut lønn og andre ytingar som blir skattlagde etter Svalbardskattelova.

    For lønnstrekk for Svalbard skal du gi opplysningar om:
    Utrekningskode lønnstrekk for Svalbard
    Sone 5
    Avgiftsgrunnlag 0 kroner / faktisk grunnlag
    Avgiftssats 0 prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «lønnstrekk for Svalbard».

     

    Sone

    Oppgi sone 5.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er valfritt om du vil føre opp 0 kroner i avgiftsgrunnlag eller det faktiske beløpet.

     

    Avgiftssats

    Før opp 0 prosent.

    Gjeld arbeidsgivarar som driv med sektorunnatekne aktivitetar, og føretak som kjem i økonomiske vanskar:

    • produksjon av stål
    • kullsektoren
    • finans- og forsikringssektoren
    • hovudkontortenester, bedriftsrådgiving og anna administrativ rådgiving i konsern

    Sektorunntaket for finans- og forsikringssektoren og for hovudkontortenester m.m. gjeld frå og med 2022 berre der desse aktivitetane er hovudaktiviteten til arbeidsgivar. Arbeidsgivarar som er omfatta av sektorunntaket må bruke den høgaste satsen for lønnskostnadene til alle tilsette, også tilsette som berre utfører andre aktivitetar. Arbeidsgivar kan ikkje bruke føresegna om blanda verksemd. Arbeidsgivar kan likevel bruke redusert sats innanfor fribeløpet.

     

    For sektorunnateken aktivitet skal du gi opplysningar om:
    Utrekningskode sektorunnateken aktivitet
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «sektorunnateken aktivitet».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er tre typar avgiftsgrunnlag:

    • arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
    • arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
    • refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget

    Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.

    Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.

     

    Avgiftssats

    Oppgi avgiftssats.

    Sone Avgiftssats Avgiftssats
      Fribeløpet er ikkje brukt opp (differensiert sats) Fribeløp er brukt opp (høg sats)
    1 14.1  
    1a 10.6 14.1
    2 10.6 14.1
    3 6.4 14.1
    4 5.1 14.1
    4a 7.9 14.1
    5 0 14.1

    For arbeidsgivarar i sone 1a, 2, 3, 4, 4a og 5 er fribeløpet på 850 000 kroner.

    Viktig informasjon

    Regelen om eiga fribeløp i sone 1a for godstransport på veg er opphøyrt frå 2024. Arbeidsgivarar i sone 1a som brukar berekningskoden godstransport på veg skal frå 2024 bruke fribeløp 850 000 kronar på lik linje med arbeidsgivarar i sone 1a som driv generelle næringar.

    Frå 2024 kan arbeidsgivarar som driv virksemd innafor godstransport på veg, inkludert utleige av lastebilar med førar, velge om dei fortset å rapportere på berekningskoden godstransport på veg eller om dei endrar til berekningskoden for generelle næringar.

     

    Gjeld arbeidsgivarar som driv med godstransport på veg.

    For godstransport på veg skal du gi opplysningar om:
    Utrekningskode godstransport på veg
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Utrekningskode

    Oppgi «godstransport på veg».

     

    Sone

    Oppgi sone ut ifrå den geografiske plasseringa til verksemda.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er tre typar avgiftsgrunnlag:

    • arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
    • arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon
    • refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget

    Sjå avgiftsgrunnlag for nærare forklaring.

    Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du ta oppatt utrekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.

     

    Avgiftssats

    Oppgi avgiftssats.

    Sone Avgiftssats Avgiftssats
      Fribeløpet er ikkje brukt opp (differensiert sats) Fribeløp er brukt opp (høg sats)
    1 14.1  
    1a 10.6 14.1
    2 10.6  
    3 6.4  
    4 5.1  
    4a 7.9  
    5 0  

    For arbeidsgivarar i sone 1a er fribeløpet på 850 000 kroner. Ønskjer du utfyllande informasjon, kan du sjå fribeløp og bagatellmessig støtte.

    Gjeld arbeidstakarar som er utsende til Noreg frå USA eller Canada, og som kjem inn under nærare oppgitte vilkår i Arbeidsdepartementet si årlege forskrift om avgift for slike arbeidstakarar.

     

    Arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om:  
    Avgiftsgrunnlag = summen av lønn og ytingar for inntektsmottakarar i denne gruppa x kroner
    Avgiftssats 7 prosent

    Avgiftsgrunnlaget skal vere brutto summen av avgiftspliktige ytingar for denne gruppa.

     

    Refusjon av sjukepengar o.a. som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget

    Gjeld avgiftspliktig lønn og andre ytingar som du tidlegare har betalt for tilsette som til dømes var i sjukdom eller i fødselspermisjon.

    Før opp brutto summert refusjon av sjukepengar o.a. som reduserer avgiftsgrunnlaget. Skal førast opp den kalendermånaden du får refusjonen av NAV.

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om:
    Avgiftsgrunnlag = beløpet for refusjon av sjukepengar o.a. frå NAV - x kroner
    Avgiftssats   7 prosent

    Beløpet er negativt og skal redusere sum utrekna arbeidsgivaravgift. Du skal føre opp beløpet med minusforteikn.

    Gjeld sjøfolk som er tilsette på norsk skip i utanriksfart som er registrert i det ordinære norske skipsregisteret.

    Du skal betale avgift med eit fast beløp i månaden utan omsyn til talet på arbeidsdagar i månaden, så sant sjømannen er medlem i trygda etter folketrygdlova § 2-6.

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om:

    Talet på sjøfolk du skal betale avgift for x personar
    Avgiftssats sjå satsane nedanfor

     
    Avgiftssatsar:

    År Sats per månad per person
    2025 568 kroner
    2024 543 kroner
    2023 510 kroner
    2022 487 kroner
    2021 464 kroner
    2020 457 kroner
    2019 443 kroner
    2018 428 kroner
    2017 423 kroner
    2016 412 kroner
    2015 404 kroner

    Gjelder arbeidsgivere hvor foretaket er i økonomiske vanskeligheter.

    Føretak som er i økonomiske vanskar etter ESA-retningslinjene om statsstøtte til føretak i vanskar, må bruke høgaste sats i alle soner. Dersom du bruker redusert sats, stadfester du samtidig at du ikkje er i økonomiske vanskar.

    Økonomiske vanskar
    Berekningskode Økonomiske vanskar
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Beregningskode

    Oppgi «Økonomiske vanskar».

     

    Sone

    Oppgi sone ut frå verksemda si geografiske plassering.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er tre typar avgiftsgrunnlag: 

    • arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle
    • arbeidsgivaravgift av tilskott og premie til pensjon
    • refusjon av sjukepengar med meir som medfører reduksjon av avgiftsgrunnlaget

    Se avgiftsgrunnlag for nærmere forklaring.

    Dersom du har fleire typar avgiftsgrunnlag, må du gjenta berekningskode, sone og avgiftssats for kvart avgiftsgrunnlag.

     

    Avgiftssats

    Oppgi avgiftssats.   

    Sone Avgiftssats Avgiftssats
      Fribeløp er ikkje brukt opp (differensiert sats) Fribeløp er brukt opp (høg sats)
    1 14.1 14.1
    1a 14.1 14.1
    2 10.6 14.1
    3 6.4 14.1
    4 5.1 14.1
    4a 7.9 14.1
    5 0 14.1

    For arbeidsgivarar i sone 1a, 2, 3, 4, 4a, og 5 er fribeløpet på 850 000 kroner.

    Det skal bereknast og betalast ekstra arbeidsgivaravgift når totale avgiftspliktige lønnsytingar frå ei juridisk hovudeining til ein enkelt inntektsmottakar overstig det årlige fastsatte innslagspunktet. Den ekstra arbeidsgiveravgifta skal bereknas når ytinga frå den enkelte arbeidsgiver overstig dette innslagspunktet.

    For ekstra arbeidsgivaravgift skal du gi opplysningar om:
    Berekningskode Ekstra arbeidsgivaravgift
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag x kroner
    Avgiftssats x prosent

     

    Sjå Ekstra arbeidsgiveravgift for informasjon om korleis du berekner og kva informasjon du skal gi i a-meldinga om ekstra arbeidsgiveravgift.

     

     

    Sone

    For å finne rett sone, kan du sjå oversikta over soner og også utfyllande informasjon om soneplassering med forklaring av unnatak.

     

    Avgiftsgrunnlag

    Det er tre typar avgiftsgrunnlag:

     

    1. Arbeidsgivaravgift av lønn og godtgjersle

    Gjeld avgiftspliktig lønn og andre ytingar.

    Før opp brutto summert avgiftspliktig lønn og andre ytingar.

    I tillegg skal du for ordinær arbeidsgivaravgift ta med avgiftspliktig lønn og ytingar som:

    • du ikkje kan knyte til ein inntektsmottakar
    • ikkje inngår i eit av dei andre avgiftsgrunnlaga, til dømes ytingar under grensa for opplysningsplikt

    Du skal ikkje ta med lønn og ytingar for:

    • arbeidstakarar som er utsende frå USA eller Canada
    • tilsette på norsk skip i utanriksfart

     

    2. Arbeidsgivaravgift av tilskot og premie til pensjon

    Gjeld arbeidsgivaren sitt avgiftspliktige tilskot til og premie til livrente- og pensjonsordningar.

    Før opp brutto summert avgiftspliktig tilskot og premiar. Skal førast opp den kalendermånaden du har betalt premien.

    Fordel grunnlaget på dei aktuelle avgiftssonene etter same forhold som dei andre avgiftspliktige ytingane i same kalendermånad.

    Dersom du trekkjer arbeidstakaren i lønn for premie til pensjonsordning og eigenandelen blir innbetalt til pensjonsordninga, skal du redusere den totale avgiftspliktige andelen av tilskot og premie til pensjon med arbeidstakaren sin eigenandel. Du skal ikkje redusere arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget ved å rapportere trekket du gjer i arbeidstakaren si lønn kvar kalendermånad her. Arbeidstakaren sine eigenandelar skal berre redusere arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget for tilskot og premie til pensjon i den kalendermånaden du har betalt heile tilskotet til pensjonsordninga.

     

    3. Refusjon av sjukepengar og andre ytingar som fører til reduksjon av avgiftsgrunnlaget

    Gjeld avgiftspliktig lønn og andre ytingar du har betalt til tilsette under sjukdom, i fødselspermisjon eller anna tilsvarande fråver. Du kan berre gjere frådrag i arbeidsgivaravgiftsgrunnlaget med det beløpet du vil få eller har fått refundert.

    Skattedirektoratet har gitt ein prinsipputtale om fritaket for arbeidsgivaravgift når arbeidsgivaren forskotterer sjukepengar og andre trygdeytingar. Prinsipputtalen får konsekvensar for arbeidsgivaren si rapportering av grunnlaget for arbeidsgivaravgifta og for berekninga av arbeidsgivaravgifta. Du som arbeidsgivar kan velje mellom å gjere fritaket gjeldande når du forskotterer ytingane eller når ytingane blir refunderte frå Nav. Sjå prinsipputtalen frå Skattedirektoratet og korleis han skal praktiserast.

    Oppgi brutto summert forskottert beløp eller refusjon som reduserer avgiftsgrunnlaget. Du skal oppgi summen anten for den kalendermånaden du forskotterer beløpet eller for den kalendermånaden du får refusjonen frå Nav.

    Beløpet er negativt og skal redusere sum berekna arbeidsgivaravgift. Du skal oppgi beløpet med negativt forteikn.

    Bruk den same avgiftssatsen som du bruker for å berekne arbeidsgivaravgifta.

    Sjå Ekstra arbeidsgivaravgift for informasjon om korleis du skal rapportere ekstra arbeidsgivaravgift når du får refusjon av sjukepengar og andre ytingar som fører til ein reduksjon av avgiftsgrunnlaget.

     

    Avgiftsgrunnlag som er under opplysningsplikt 

    Gjelder lønn og andre ytingar som er under grensa for opplysningsplikt på inntektsmottakarar, men som er oppgitt i avgiftsgrunnlaget for arbeidsgivaravgift for verksemda. 

    Her skal ein oppgi avgiftspliktig lønn og andre ytingar som ikkje er rapportert på inntektsmottakarar, men som er avgiftspliktig for verksemda. Beløpet skal også oppgis i det ordinære avgiftsgrunnlaget for verksemda. 

    Døme på dette er: 

    • Skattefri organisasjon der det ikkje er rapportert inn lønn og andre ytingar fordi lønn og andre ytingar er under 10 000 kroner i året til den enkelte inntektsmottakaren. 
    • Velgjerande eller allmennyttig organisasjon som overstig grensene for avgiftsplikt, men unnlèt å rapportere lønn og andre ytingar på inntektsmottakar sidan lønn og andre ytingar på den enkelte inntektsmottakaren er under 10 000 kroner i året. 
    • Lønn og andre ytingar til ein tilsett under 2 000 kroner i året, der ein nyttar seg av fritaket for opplysningsplikt og unnlèt å rapportere beløpet på inntektsmottakaren. 

    Sjå skattefrie organisasjonar og kven som må levere a-melding for meir informasjon om unntaka. 

    Døme skattefri organisasjon  

    Ein studentsamskipnad betaler vakttillegg for ansvarshavande på eit arrangement. Dei vel å ikkje rapportere lønn og godtgjersle før den tilsette tener meir enn 10 000 kroner. Når dei har utbetalt lønn til tilsette som ikkje er over grensa, må dei då legge inn utbetalt lønn som arbeidsgjevaravgiftsgrunnlag under opplysningsplikt i tillegg til å ha all lønn i den ordinære berekninga av arbeidsgjevaravgift. 

    Døme velgjerande og allmennyttig organisasjon

    Eit idrettslag som er over fritaksgrensa på 800 000 kroner for arbeidsgivaravgift er arbeidsgivaravgiftspliktig for all lønn som blir utbetalt. Det er likevel ikkje opplysningsplikt for lønn og andre ytingar under 10 000 kroner til kvar enkelt tilsett.

    Idrettslaget vel å ikkje rapportere lønn og godtgjersle før trenarar tener meir enn 10 000 kroner. Når dei har utbetalt lønn til trenarar som ikkje er over grensa, må dei då legge inn utbetalt lønn som arbeidsgivaravgiftsgrunnlag under opplysningsplikt, i tillegg til å ha all lønn i den ordinære berekninga av arbeidsgivaravgift. 

    Døme lønn og andre ytingar til ein tilsett som ikkje overstig 2 000 kroner i året  

    Du treng ekstrahjelp i samband med vareteljing og betaler ein person 1900 kroner for å telje varer. Denne personen blir ikkje tilsett i føretaket og det er ei eingongshending.

    Ved lønskøyringa vel føretaket å ikkje rapportere inntekta då det er på det reine at ekstrahjelpa ikkje vil jobbe for føretaket utover denne eine vareteljinga.

    Løna er ikkje skattepliktig, men ho er arbeidsgivaravgiftspliktig. Difor legg føretaket inn 1900 kroner som arbeidsgivaravgiftsgrunnlag under opplysningsplikt i tillegg til å ha 1900 i den ordinære berekninga av arbeidsgivaravgift. 

     

    Fribeløp og bagatellmessig støtte

    Fribeløp vil seie at du har rett til å bruke ein lågare sats (differensierte satsar) enn 14,1 prosent når du reknar ut avgifta. Du kan berre bruke den lågare satsen (differensiert sats) på fribeløpet.

    Fribeløpet er på 850 000 kroner per år for for alle næringar.


    Når fribeløpet er brukt opp, må du bruke 14,1 prosent for resten av året. Det gjeld berre eitt fribeløp per juridisk eining (opplysningspliktig).

    Sjå òg meir om rapportering av fribeløp for konsern

     

    Bagatellmessig støtte

    Har du fått anna bagatellmessig støtte den kalendermånaden du sender a-melding for, skal du oppgi dette i a-meldinga.

    Sjå òg utfyllande informasjon om bagatellmessig støtte


    Gjeld berre dersom:

    • føretaket kan berekne differensierte satsar innanfor eit fribeløp (bagatellmessig støtte). Det vil seie føretak som kjem inn under sone 1a og utrekningskoden «sektorunnateken aktivitet» i alle soner bortsett frå sone 1.

    Dersom du ikkje har brukt opp fribeløpet når du tek imot bagatellmessig støtte, må du redusere fribeløpet tilsvarande det beløpet du fekk i støtte.

    Dersom fribeløpet framleis er eit positivt beløp, kan du bruke den låge satsen når du reknar ut avgifta.

    Døme

    Du driv verksemd i sone 1a, utrekningskoden er generelle næringar, og fribeløpet er 850 000 kroner for eit år. I januar tek verksemda di imot 150 000 kroner i bagatellmessig støtte.

    Fribeløpet: 850 000 – 150 000 = 700 000

    Fribeløpet er ikkje brukt opp og du kan bruke ein låg sats (differensiert sats) 10,6 prosent når du reknar ut arbeidsgivaravgifta. Gjeld til den delen som står att av fribeløpet på 700 000 kroner er brukt opp.

    Dersom du tek imot 850 000 kroner i bagatellmessig støtte, så er fribeløpet brukt opp, og du må berekne avgift etter 14,1 prosent.

     

    Ambulerande verksemd – fleire soner

    Ambulerande verksemd vil seie at du har arbeidstakarar som:

    • utfører hovuddelen av arbeidet i ei anna sone med høgare sats enn der verksemda er registrert og,
    • at du ikkje har plikt til å registrere ei undereining i denne andre sona


    Dette gjeld til dømes:

    • transportverksemd
    • bygg- og anleggsverksemd
    • konsulentverksemd
    • arbeidsutleige

     

    Stadbunden og ikkje-stadbunden verksemd

    Ved ambulerande verksemd i ei sone med høgare sats enn den som gjeld i registreringssona, må arbeidsgivar bruke den høgare satsen for lønn o.a. for både stadbunden og ikkje-stadbunden verksemd (den såkalla omgåingsregelen).

    Ved ambulerande verksemd i ei sone med lågare sats vil retten til å bruke den reduserte satsen der det ambulerande arbeidet blir utført, berre gjelde for stadbunden verksemd (den såkalla unntaksregelen). Avgiftssatsen for ikkje-stadbunden aktivitet/fjernarbeid (til dømes heimekontor) i soner med lågare sats enn der arbeidsgivar skal vere registrert, følgjer dermed av hovudregelen, slik at arbeidsgivar må bruke satsen i registreringssona også for fjernarbeidet.

     

    Hovuddelen av arbeidet

    Hovuddelen av arbeidet vil seie at arbeidstakaren har gjennomført meir enn halvparten av talet på arbeidsdagar i løpet av kalendermånaden i ei anna sone med høgare sats enn der verksemda er registrert.

    Dersom arbeidstakaren utøver hovuddelen av arbeidet sitt i løpet av ein månad i ei anna sone med høgare sats enn i den sona verksemda er registrert, skal du bruke denne satsen på ein forholdsmessig del av lønnsutbetalingane for kalendermånaden.

     

    To sett med opplysningar

    Dersom du rapporterer arbeidsgivaravgift for ei ambulerande verksemd skal du gi to sett med opplysningar, eitt for kvar utrekningssone.

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om:

    Arbeid utført i ei anna sone
    Utrekningskode utrekningskode
    Sone oppgi sona der den ambulerande verksemda blir utført
    Avgiftsgrunnlag avgiftsgrunnlaget knytt til sona ovanfor
    Avgiftssats Sats i sona

     

    Arbeid utført der verksemda er registrert
    Utrekningskode utrekningskode
    Sone før opp sona til verksemda
    Avgiftsgrunnlag avgiftsgrunnlaget knytt til sona ovanfor
    Avgiftssats Sats i sona

     

    Blanda verksemd – fleire typar næring

    Driv du ulike typar næringar, både sektorunnateken næring i kombinasjon med ei anna næring, kan du bruke satsane som gjeld for kvar av næringane.

    Føresetnaden er at du:

    • har eit klart rekneskapsmessig skilje mellom dei to næringane


    Dersom du ikkje har eit klart rekneskapsmessig skilje:

    • skal du bruke dei høgaste satsane på heile avgiftsgrunnlaget

     

    To sett med opplysningar

    Dersom du rapporterer arbeidsgivaravgift for blanda verksemd skal du gi to sett med opplysningar, eitt for kvar utrekningskode.

    I a-meldinga skal du gi opplysningar om:

     

    Sektorunnateken aktivitet
    Utrekningskode til dømes sektorunnateken aktivitet
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag avgiftsgrunnlaget knytt til utrekningskoden ovanfor
    Avgiftssats sats knytt til utrekningskoden ovanfor

     

    Døme: Jord- og skogbruk, fiskeri osv.
    Utrekningskode til dømes jord- og skogbruk, fiskeri osv.
    Sone sone x
    Avgiftsgrunnlag avgiftsgrunnlaget knytt til utrekningskoden ovanfor
    Avgiftssats sats knytt til utrekningskoden ovanfor

     

    Sum utrekna arbeidsgivaravgift

    I tillegg til informasjon om korleis du reknar ut arbeidsgivaravgifta skal du føre opp sum utrekna arbeidsgivaravgift som ei eiga opplysning i a-meldinga. Dette er også beløpet du skal betale i arbeidsgivaravgift.

    Rekn ut kor mykje du totalt skal betale i arbeidsgivaravgift og før opp eitt samla beløp.

     

    Når skal du rapportere

    Du skal gi opplysningar om arbeidsgivaravgift i a-meldinga kvar månad du oppgir lønn eller andre ytingar du reknar ut arbeidsgivaravgift av.

    Arbeidsgivaravgift av arbeidsgivar sitt tilskot og premie til pensjon, skal du føre opp i den kalendermånaden du har betalt heile tilskotet/premien.

    Refusjon av sjukepengar o.a. som fører til reduksjon av avgiftsgrunnlaget, skal du oppgi den kalendermånaden du har fått refusjon av NAV.

     

    Betaling

    Arbeidsgivarar skal på eige initiativ betale arbeidsgivaravgift med første frist for kalenderåret den 15. mars og deretter den 15. annankvar månad.  Når du skal betale arbeidsgivaravgift må du summere beløpa for dei to månadene.

    Sjå òg utfyllande informasjon om korleis du betaler, kid-nummer og fristar for innbetaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

     

    Rette feil

    Feilmeldingar som gjeld arbeidsgivaravgift

    MAGNET_EDAG-183
    Avgiftsgrunnlaget er negativt

    MAGNET_EDAG-183B
    Sum refusjonsgrunnlag er positivt

    MAGNET_EDAG-183C
    Talet er negativt

    MAGNET_EDAG-184
    Avvik mellom oppgitt avgiftsgrunnlag og summen av avgiftspliktige inntekter for alle inntektsmottakarane

    MAGNET_EDAG-185
    Feil i arbeidsgiveravgift

    MAGNET_EDAG-197
    Oppgitt kombinasjon av utrekningskode, sone og sats er feil

    Dersom du har ført opp feil avgiftsgrunnlag, må du rette avgiftsgrunnlaget i a-melding for den månaden som er feil.

    Dersom du skal rette arbeidsgivaravgifta fordi du har berekna arbeidsgivaravgift med feil sone, må du rette arbeidsgivaravgifta i avgiftsgrunnlaget i a-meldinga for den månaden som er feil.

    Du treng ikkje rette opplysningar om inntektsmottakar.

     

    Døme

    Magnus jobbar i ein butikk som ligg i sone 1. Han har 40 000 kroner i fastlønn.

    Etter at butikken har sendt a-melding for august, finn dei ut at dei har rapportert sone 2 i august ved ein feil.

     

    Sjå korleis dei rettar

    A-melding for august (med feil)
    Arbeidsgivaravgift å betale 4 240
    Utrekningskode generelle næringer
    Sone 2
    Avgiftsgrunnlag 40 000
    Avgiftssats 10,6 prosent

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for august
    Butikken rettar opp i arbeidsgivaravgifta.

    Arbeidsgivaravgift å betale   1 400
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   2
    Avgiftsgrunnlag - 40 000
    Avgiftssats   10,6 prosent
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   1
    Avgiftsgrunnlag   40 000
    Avgiftssats   14,1 prosent

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

    40 000 kroner * 14,1 % = 5 640 kroner
    40 000 kroner * 10,6 % = 4 240 kroner
    Totalt: kr 5 640 – 4 240 = 1 400 kroner

    Dersom du skal rette arbeidsgivaravgifta som følgje av ambulerande verksemd, må du rette arbeidsgivaravgifta i avgiftsgrunnlaget i a-melding for den månaden som er feil.

    Du treng ikkje rette opplysningar om inntektsmottakar.

     

    Døme

    Ella jobbar i ei servicebedrift som ligg i sone 2. Ho har 40 000 kroner i fastlønn.

    Etter at servicebedrifta har sendt a-melding for august finn dei ut at Ella også jobba i sone 1 i august og at reglane for ambulerande verksemd gjeld.  Lønna som er knytt til arbeidet i sone 1 er 30 000 kroner.

    Sjå korleis dei rettar

    A-melding for august (med feil)
    Arbeidsgivaravgift å betale 4 240
    Utrekningskode generelle næringer
    Sone 2
    Avgiftsgrunnlag 40 000
    Avgiftssats 10,6 prosent

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for august
    Servicebedrifta rettar opp i arbeidsgivaravgifta.

    Arbeidsgivaravgift å betale   1 050
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   2
    Avgiftsgrunnlag - 30 000
    Avgiftssats   10,6 prosent
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   1
    Avgiftsgrunnlag   30 000
    Avgiftssats   14,1 prosent

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

    30 000 kroner * 14,1 % = 4 230 kroner
    30 000 kroner * 10,6 % = 3 180 kroner
    Totalt: kr 4 230 – 3180 = 1 050 kroner

    Når du skal endre arbeidsgivaravgift som var rett oppgitt på leveringsfristen, men som har endra seg i etterkant.


    Dette gjeld til dømes endringar på grunn av:

    • medlemskap i trygdesystemet i eit anna land med tilbakeverkande kraft
    • køyrebok
    • stipend


    I slike tilfelle kan du velje kva for ein månad du gjer endringa i.

     

    Dersom endringa gjeld inneverande år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld

     

    Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden dei nye opplysningane blir kjende,
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) endringa gjeld, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.

     

    Anna jobbar i eit elektrikarfirma. Dei har betalt arbeidsgivaravgift av Anna si fastlønn på 50 000 kroner per månad.

    Etter 3 månader mottar arbeidsgivar informasjon frå Skatteetaten om at Anna har vore medlem i det svenske trygdesystemet frå og med 3 månader tilbake i tid.

    Elektrikarfirmaet skal ikkje betale arbeidsgivaravgift av lønna når Anna ikkje er medlem i norsk trygd.

    Elektrikarfirmaet vel å endre arbeidsgivaravgifta i den månaden dei fekk vite om medlemskapen. Dei får attende arbeidsgivaravgifta dei har betalt for mykje dei tre første månadene.

    Elektrikarfirmaet treng ikkje endre opplysningane som er oppgitt på Anna i dei tre første månadene.

    Sjå korleis dei rettar

    A-melding for dei tre første månadene (inga endring)
    Arbeidsgivaravgift å betale 7 050
    Utrekningskode generelle næringer
    Sone 1
    Avgiftsgrunnlag 50 000
    Avgiftssats 14,1 prosent
    Fastlønn (Anna) 50 000

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for måned 4
    Arbeidsgivaravgift å betale - 21 150
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   1
    Avgiftsgrunnlag - 150 000
    Avgiftssats   14,1 prosent
    Fastlønn (Anna)   50 000

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

    Avgiftsgrunnlag: 3 * - 50 000 kroner = - 150 000 kroner

    Elektrikarfirmaet får feilmeldinga MAGNET_EDAG-184  fordi det ikkje er samsvar mellom avgiftsgrunnlag og avgiftspliktig lønn og ytingar. Dette er OK, og dei treng ikkje rette MAGNET_EDAG-184.

    Jacob jobbar i eit salsfirma. I januar leverer han eit overslag som viser at han kjem til å køyre om lag 18 000 kilometer med eigen bil i yrket for året. Salsfirmaet vurderer overslaget som korrekt og betaler Jacob bilgodtgjersle som er trekk- og avgiftsfri med 5 250 kroner per månad (63 000 kroner for heile året).

    I slutten av året leverer Jacob ei køyrebok som viser at han har køyrt totalt 14 500 kilometer. Dette svarar til 50 750 kroner for året i trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle.

    Jacob har fått 63 000 – 50 750 = 12 250 kroner for mykje utbetalt i trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle.

    Salsfirmaet vel å endre arbeidsgivaravgifta i den månaden dei fekk køyreboka, altså desember.

     

    Sjå korleis dei rettar i a-meldinga

    A-melding for dei tre første månadene (inga endring)

    Arbeidsgivaravgift å betale 0
    Utrekningskode generelle næringer
    Sone 1
    Avgiftsgrunnlag 0
    Avgiftssats 14,1 prosent
    Trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle (Jacob) 5 250
    Talet på km per månad (Jacob) 1 500

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for desember
    Salsfirmaet rettar opp i arbeidsgivaravgift for Jacob.

    Arbeidsgivaravgift å betale   1 727
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   1
    Avgiftsgrunnlag   12 250
    Avgiftssats   14,1 prosent
    Trekk- og avgiftsfri bilgodtgjersle (Jacob) - 12 250
    Talet på km per månad (Jacob) - 3 500
    Trekk- og avgiftspliktig bilgodtgjersle   12 250
    Talet på km per månad (Jacob)   3 500

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

    Simen jobbar i eit forskingsselskap. Dei gir Simen eit stipend på 50 000 kroner i januar til å dekkje frådragsgivande meirutgifter knytt til studiar.

    I oktober når alle utgiftene til studiet er forfalne viser det seg at dei samla utgiftene blei 30 000 kroner. Overskotet, 20 000 kroner, er trekk- og avgiftspliktig.

     

    A-melding for januar til september:

    Arbeidsgivaravgift å betale 0
    Utrekningskode generelle næringer
    Sone 1
    Avgiftsgrunnlag 0
    Avgiftssats 14,1 prosent
    Trekk- og avgiftsfritt stipend (Simen) 50 000

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

     

    A-melding for oktober

    Arbeidsgivaravgift å betale   2 820
    Utrekningskode   generelle næringer
    Sone   1
    Avgiftsgrunnlag   20 000
    Avgiftssats   14,1 prosent
    Trekk- og avgiftsfritt stipend (Simen) -

    20 000

    Trekk- og avgiftspliktig stipend (Simen)   20 000

    I tillegg oppgir dei andre obligatoriske opplysningar.

    Dersom du skal endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar får etterbetalt ei yting, må du føre opp arbeidsgivaravgifta i den månaden etterbetalinga skjer.

    Skal du endre arbeidsgivaravgifta fordi ein inntektsmottakar har betalt tilbake ei yting, kan du velje kva for ein månad du endrar i.

    Dersom tilbakebetalinga gjeld inneverande år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld
       

    Dersom endringa gjeld tidlegare år kan du

    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den månaden ytinga blir tilbakebetalt,
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for den/dei månad(ene) tilbakebetalinga gjeld, eller
    • endre arbeidsgivaravgifta i a-melding for desember.

    Merk! 
    Beløpet som inntektsmottakaren har betalt tilbake må du rette i a-melding for den eller dei månadene feilen blei gjort. Det er berre når du skal endre arbeidsgivaravgifta at du kan velje månaden å endre i.

     

    Viktig informasjon

    Dersom du nyttar eit lønnssystem, kontaktar du systemleverandøren dersom du er usikker på korleis du rettar i ditt system.

     

    Kva brukar vi opplysningane til

    Skatteetaten brukar opplysninga "Sum utrekna arbeidsgivaravgift" til å krevje inn arbeidsgivaravgift. Utrekningskodar, satsar, soner og avgiftsgrunnlag blir nytta til å kontrollere summen du har oppgitt at du skal betale.

    Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.

     

    Aktuelt regelverk

    • Folketrygdloven § 23-2

    • A-opplysningsloven

    • A-opplysningsforskriften

    • Skatteforvaltningsloven § 8-6

    • Stortingsvedtak om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2024

     

    Til toppen

    Desse samarbeider om a-meldinga:

     

    Logo NAV
    Logo Statistisk Sentralbyrå
    Logo Skatteetaten
    footer/desktop/standard
    Skatteetaten. Logo
    Satser
    Skjema og tjenester
    Sámegiel skovit
    Sikkerhet og personvern
    Tilgjengelighetserklæring