Fri bil utanfor standardregelen
Gjeld fordel ved privat bruk av arbeidsgivar sin bil, utanfor standardregelen.
Kort om fri bil utanfor standardregel
Før opp fordelen ved privat bruk av arbeidsgivar sin bil for desse biltypane:
- lastebilar med totalvekt på 7 500 kg eller meir og bussar med meir enn 15 passasjerplassar
- bilar som det i lov eller i medhald av lov er fastsett forbod mot å nytte til anna privatkøyring enn arbeidsreise
- bilar som er registrerte for ni passasjerar eller meir, dersom dei blir brukt i ei køyreordning som er organisert av arbeidsgivar for transport av tilsette på arbeidsreise og ikkje blir brukt privat utover arbeidsreise
For desse bilane skal ein fastsetje den skattepliktige fordelen på grunnlag av faktisk bruk etter eigne kilometersatsar.
Sjå oppdaterte satsar for kvart einskild inntektsår
Se òg:
- Fri bil standardregelen
- Yrkesbil – tenestleg behov – kilometer
- Yrkesbil – tenestleg behov – listepris
- Annan fri bil
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, bil |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Bil utanfor standardregelen | ja |
Listepris | x kroner |
Registreringsnummer | registreringsnummeret på bilen |
Totalt køyrde kilometer | talet på kilometer |
Av dette køyring heim arbeid | talet på kilometer |
Beløp
Før opp skattepliktig fordel.
Ved privat bruk av firmabil som fell utanfor standardreglane reknar ein ut fordelen for arbeidsreiser til og med 4 000 km og anna privat køyring etter ein sats på 3,40 kroner per kilometer (2023).
For arbeidsreiser som overstig 4 000 km skal fordelen reknast ut etter ein sats på 1,50 kroner per kilometer (2023).
Satsane skal multipliserast med det talet på kilometer som bilen faktisk blir brukt til arbeidsreise / anna privat køyring.
Døme med bil utanfor standardregel
Jennifer jobbar hjå ein møbelprodusent og får stilt lastebil med registreringsnummer BA 54321 til disposisjon av arbeidsgivaren. Listeprisen på bilen er 1 500 000 kroner.
Jennifer har samla sett køyrt 1 000 kilometer i desember, av dette er 450 kilometer arbeidsreiser. Til saman har ho køyrt 3 900 kilometer i arbeidsreiser så langt i året.
Den skattepliktige fordelen reknar dei ut slik: |
||
650 km * 3,40 | 2 210 | |
+ | 350 km * 1,50 | 525 |
= | Sum | 2 735 |
A-melding for desember |
|
Beløp | 2 735 |
Type lønn eller yting | naturalyting, bil |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Bil utanfor standardregelen | ja |
Listepris | 1 500 000 |
Registreringsnummer | BA54321 |
Totalt kjøyrde kilometer | 1000 |
Av dette køyring heim arbeid | 450 |
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «bil».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- Bil utanfor standardregelen
Før opp «bil utanfor standardregelen» for bilar der fordelen skal fastsetjast etter faktisk bruk. - Listepris
Før opp listeprisen for bilen som ny. Bilen sin listepris som ny blir sett til listeprisen hjå hovudimportøren på tidspunktet for første gongs registrering, inklusive meirverdiavgift og vrakpant, eksklusive frakt- og registreringskostnader. Listepris for ekstrautstyr skal leggjast til listeprisen. - Registreringsnummer
Før opp registreringsnummeret på bilen. Dersom inntektsmottakaren ikkje har ein bestemt bil til disposisjon, men brukar bil frå ein bilpool, skal ein erstatte registreringsnummeret med «bilpool». - Totalt køyrde kilometer
Før opp det talet på kilometer som bilen samla sett er brukt til arbeidsreiser og anna privat køyring i løpet av kalendermånaden. - Av dette køyring heim arbeid
Før opp det talet på kilometer som bilen er brukt til arbeidsreiser (under dette også besøksreiser) i løpet av kalendermånaden.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp fordelen for den kalendermånaden bilen faktisk er brukt.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om fri bil utanfor standardregelen til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk