Yrkesbil – tenestleg behov - kilometer
Gjeld fordel ved privat bruk av yrkesbil som verdsetjast individuelt etter kilometersats for privat bruk.
Kort om yrkesbil – tenestleg behov
Før opp fordelen ved privat bruk av yrkesbil for:
- varebilar klasse 2, jf. forskrift av 19. mars 2001 nr. 268 om eingongsavgift på motorvogner § 2-3
- lette lastebilar under 7 500 kg, jf. forskrifta § 2-6
Det er eit krav at inntektsmottakaren har tenestleg behov for yrkesbilen.
Den skattepliktige fordelen blir fastsett etter:
- ordinær sjablongmetode basert på listepris med eit særskilt botnfrådrag, eller
- kilometersats for privat bruk, med krav om dokumentasjon ved elektronisk køyrebok
Sjå satsane du skal leggje til grunn når du reknar ut
Arbeidsgivar og arbeidstakar er bundne av metoden dei vel for verdsetting for heile inntektsåret. Unnatak frå dette gjeld dersom ein skaffar seg elektronisk køyrebok og tek denne i bruk i løpet av inntektsåret. I slike tilfelle kan ein leggje verdsetting basert på kilometersats til grunn frå og med den første heile månaden slik køyreboka blir brukt.
Individuell verdsetting av yrkesbil etter kilometersats rapporterer du her. Ordinær sjablongmetode med botnfrådrag rapporterer du som Yrkesbil – tenestleg behov – listepris.
Se òg:
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | naturalyting, yrkebil tenestleg behov kilometer |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Talet på kilometer | talet på kilometer |
Registreringsnummer | registreringsnummeret på bilen |
Oppteningsland | landkode dersom ytinga er opptent i utlandet |
Beløp
Før opp den skattepliktige fordelen.
Skattepliktig fordel blir rekna ut etter ein fast kilometersats for privat køyring. Ei elektronisk køyrebok skal førast. Den elektroniske køyreboka skal dokumentere samla køyrelengd og samla køyrelengd for yrkeskøyring slik at differansen utgjer talet på kilometer bilen er nytta privat.
Døme med kilometersats
Kari får stilt yrkesbil med reg.nr. AB54321 til disposisjon av arbeidsgivar. Kari har ei elektronisk køyrebok som viser at ho har køyrt 1 600 kilometer totalt i februar. Av dette er 1 100 kilometer i yrket. 500 kilometer er privat køyring. Kilometersatsen er 3,40 kroner per kilometer (2024).
Fordel ved privat bruk | |
500 * 3,40 |
1 700 |
A-melding for februar: |
|
Beløp |
1 700 |
Type lønn og yting | Naturalyting, yrkebil tenestleg behov kilometer |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja |
Talet på kilometer | 500 |
Registreringsnummer | AB54321 |
Type lønn eller yting
Før opp «naturalyting» og «yrkesbil tenestleg behov kilometer».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
For naturalytingar skal du gjennomføre forskotstrekket i dei kontante ytingane så langt dei rekkjer. Er det ikkje dekning for samla forskotstrekk i dei kontante ytingane, skal du melde frå skriftlig til Skatteetaten via Altinn.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Du kan berre late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av folketrygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgivar eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- sjøfolk som har krav på eit eige frådrag (sjømannsfrådrag) i lønn og andre ytingar,
- når dei har tent opp dette ved å arbeide om bord på skip i fart.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «særskilt frådrag for sjøfolk».
Sjå òg utfyllande informasjon om særskilt frådrag for sjøfolk
Tilleggsinformasjon
- tal kilometer
Før opp talet på kilometer med privat køyring, inkludert køyring heim-arbeid. - registreringsnummer
Før opp registreringsnummeret på bilen. - oppteningsland (dersom ytinga er opptent i utlandet)
Før opp landkoden til det landet der inntekta er opptent.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Oppgi fordelen utrekna etter talet på kilometer og sats for den kalendermånaden bilen faktisk er brukt.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningar om yrkesbil til å fylle ut skattemeldinga på førehand og til kontroll.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk