Pensjon i og utanfor arbeidsforhold og livrenter i arbeidsforhold
Gjeld pensjon i og utanfor arbeidsforhold og livrenter i arbeidsforhold, frå andre enn folketrygda.
Kort om pensjon i og utanfor arbeidsforhold og livrenter
Før opp desse ytingane frå andre enn folketrygda:
- pensjonsytingar i og utanfor arbeidsforhold
- gjeld òg livrenter i arbeidsforhold (kollektive livrenter) teikna før 1. januar 2007 og pensjon til attlevande ektefelle
Unnatak:
- nye livrenter i arbeidsforhold (kollektive livrenter) teikna frå 1. januar 2007 og livrente teikna som framhaldsforsikring skal du føre opp som Nye livrenter i arbeidsforhold (kollektive livrenter) og livrenter teikna som framhaldsforsikringar
- uføreytingar frå offentleg og privat tenestepensjonsordning og frå «livrenter i arbeidsforhold (kollektive livrenter) teikna før 1. januar 2007» skal du føre opp som Uførepensjon frå andre enn folketrygda
- mellombels uførepensjon (uføreytingar) skal du føre opp som Uførepensjon frå andre enn folketrygda
Arbeidsgivar si dekning av premie til livrenter i arbeidsforhold skal du føre opp som Skattepliktig del av visse forsikringspremiar.
Dekning av premie til livrenter for pensjonist skal du føre opp som Naturalytingar i pensjonsforhold.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, pensjon og livrente i arbeidsforhold |
Trekkplikt | ja |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Periode (ved etterbetaling) |
startdato og sluttdato |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «pensjon og livrente i arbeidsforhold».
Trekkpliktig
Ytinga skal alltid førast opp som trekkpliktig.
Du kan late vere å gjennomføre forskotstrekk dersom trekkbeløpet er under minstegrensene for forskotstrekk.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Unnatak:
Dersom pensjonen byrja å gjelde før 1. januar 1988, skal du ikkje ta med ytinga i grunnlaget når du reknar ut arbeidsgivaravgift.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglar:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld inntektsmottakarar som:
- ikkje er skattemessig busette i Noreg, og
- betalar kjeldeskatt på pensjonar
Du må markere forskotstrekk som høyrer til med «kjeldeskatt på pensjon».
Skatte- og avgiftsregelen og forskotsnemninga skal du ikkje bruke for ytingar som har kjeldeskatt på lønn.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Tilleggsinformasjon
- Periode (gjeld berre ved etterbetaling)
Før opp startdatoen og sluttdatoen ytinga gjeld for.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Etterbetale
Skal du etterbetale, fører du opp beløpet og perioden det gjeld for i den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Døme
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 10 000 kroner til William for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2021.
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Fleire inntektsår
Dersom etterbetalinga gjeld fleire inntektsår, skal beløpet delast opp i éin transaksjon per inntektsår.
Døme
Eit pensjonsselskap skal etterbetale 20 000 kroner til Ella for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2022.
2021 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2021 til 31. desember 2021 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
2022 | |
Beløp | 10 000 kroner |
Tilleggsinformasjon: | |
Periode | 1. januar 2022 til 31. desember 2022 |
I tillegg fører dei opp andre obligatoriske opplysningar.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET-EDAG-260 |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva nyttar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane i kontrollar.
Skatteetaten brukar opplysningar om pensjon og trygd til å fastsetje inntekt. Beløpet blir summert med andre ytingar og overført til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) nyttar opplysningane til statistikkføremål.